lørdag 4. oktober 2014

Førebuing til sommarferie 2015

Jepp, den er i gang allereie den :)  Halve ferien er å planlegge og sjå etter spennande ting å oppleva og sjå.  OG om ein er tidleg ute kan du spara ein del kroner som du kan bruka på andre ting - som shopping f.eks. :D  
2015 er eit stort år i heimen, me tippe begge øve i 50-åra i løpet av sommaren.  Dette må sjølvsagt feirast, og som dei globetrottarar me trur me er - og New York-fans, so må jo turen i den retninga igjen. Denne gongen er det 3 veker me skal på tur "over there" - 19. juni til 10. juli.

Flybillettane er i boks - det vart KLM til JFK via Schiphol, Amsterdam - kr.8.840,- t/r er ikkje so aller værst midt i høgsesongen ;)
Basen i NYC blir eit hotell som ligg på 8th ave rett ved Times Square - ROW NYC heiter det. Har sjølvsagt og bestillt New York Pass - 5 dagars pass denne gongen. Spare ein heil masse gryn på alt det ein har lyst å oppleva, sjå og vere med på in the Big Apple.  Sykkelleige, museum, sightseeing på sjøen med fleire forskjellige båtar, billettar til f.eks. Empire State building - 80 forskjellige attraksjonar er med i dette passet. I tillegg er det rabattar på restauranter osv. 

Denne gongen skal me leige bil og køyre opp til Niagara Falls. To netter på Radisson Hotel & Suites Fallswiew, der me skal få med oss dei flotte fossefalla og ymse anna kjekt.  På turen opp og ned att til NYC blir det overnatting på vegen - ein eller annan plass.  Tanken er å køyre opp langs Hudson river og deretter svinge av ved Saratoga Springs eller deromkring mot Niagra Falls.  Nedover att har me ikkje heilt bestemt oss for - men det blir i "innlandet" om me kan sei det slik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar