lørdag 30. august 2025

Pilen flyttebyrå har gjort jobben sin

 .. og alt er komen i hus. Nesten ferdig å pakka ut alle øskjene er eg òg. Nokre står stabla inne på gjesterommet i påvente av skuffer eller skap å få satt det inn i😜 Ein ting er brennsikkert, du veit ALDRI kor mykje du har før du skal flytta 🫣  Eg var so sikker på at det var minst lika god plass på kjøkkenet her som i leiligheten i Sandnes, men der tok eg skammeleg feil gitt! Fekk ikkje plassert Kenwood'en min ein gong😬 Jaddi godt eg solgte unna det eg gjorde før eg flytta 😅

Køyretur nr 2 nordøve gjekk som smurt 🏎Avreise frå Sandnes ca kl 7.30 tysdag 19, og valgte 2 overnattingar denne turen og.  Var på plass på Tverlandet 10.30 torsdag morgon - i god tid før overtakelse av min nye leilighet kl 12 🤩🥳  Tok nesten same ruta som fyste turen, men tok av til rv3 opp til den møtte att e6 rett før Berkåk. Om det var ei raskare ruta trur eg ikkje. Er vel berre færre bom der tenkje eg. Grådig kjedeleg veg jaffal 🫩 Mustangen gjorde jobben sin den og det gjekk unna der det var lov 😁  Lading var aldri noko problem, og det vart litt fleire ladestopp enn eg rekna med. Bilen var jo smekk full og då sjølsagt noko tyngre. Eg må hugsa å få bestilt meg heimeladar her kom eg på no 🧐😅 Har ikkje lada sia eg kom hit den 21.

Fyste helgi eg budde her - altso forrige helg - so malte eg om heile soverommet mitt. Der var eg 100% sikker på kva farge eg skulle ha og då var det berre å få det gjort før senga mi kom i hus 😉

Tysdag hadde eg fri(flyttedag), og då var det full rulle her. Flyttebyrået eg leigde te å få alt eg hadde med i flyttebilen, flytta dette frå lageret og opp i leiligheten. Her e ikkje heis, difor valgte eg rett og slett å gjera det slik. Dei fekk jaddi trimma seg ja, og som han eine sa so slapp han å gå på treningsstudio den dagen 😂 I tillegg so kom Bring med den nye vaskemaskina mi samt spisebordet og stolane samstundes, so du kan tenkja deg det var eit renn i trappene og dørene her😜 

No er alle møblane som er komne i hus ferdig montert, og føtna er komne velfortjent på sofabordet💪🤭 Eg vente framleis på seng te gjesterommet, sofaen, tvbenken og ein kommode eg må ha på soverommet mitt. Gjestesenga kjem ikkje i hus før veka rett før dei fyste gjestene kjeme, og eg kjenne eg stresse litt der ja! Er vist tomt for alt av møblar i møbelbutikkane her pga alle studentane som er komne te by'n🙄 

Ellers har fyste veka på jobb vore knallkjekke! Har hatt gleden av å sitta ved min kontorplass i tilsaman kanskje 1 time heile veka 😂  Det var rett i sluttfasen på "prosjekt ny lokasjon" i byen (for ein avdeling), og på mandag skal me utpåtur nokre dagar til neste "prosjekt ny lokasjon" oppi Steigen🤩😄 Har helst på ein haug nye folk på stasjonen som eg absolutt ikkje hugsar namnet på lenger, medan nokre har eg fått lagra i topplokket. Mest fordi eg har jobba litt i lag med dei denne veka 😅 

Gongen er full av papp og plast - godt sortert slik at det er lett å få kvitta seg med det på gjenvinningsstasjonen.... når eg får anledning ein gong i slutten av neste veka 😂 Oppdaga litt for seint i dag at dei stenger kl 14.00 på laurdagen!! Fasikken altso 🙄 Litt for godt vande med åpningstidene på Forus ja! 

Nokre få bilete har det blitt innimellom, og her kjem dei 😊

Etestova på plass, i tillegg til favorittmåleriet 🥰

Eit steinkast frå verandaen min 🤩

Eit vidare perspektiv frå verandaen 🤩

Er ikkje meir plass enn det må vera 😜 Stor garasje ja! Men fader so smale!

🤪😂



lørdag 16. august 2025

Postkort frå "Pilen flyttebyrå" 😅

Då var eg jammen på flyttefot igjen! Denne gongen til verdensmetropolen Bodø 🤭 
Med eit slikt tilbod rett i fanget kan ein ikkje sei nei synest eg.  I allefall om ein er litt eventyrlysten. 
Må gjera da ein har lyst te når ein kan og har sjansen, for ein veit aldri kva som skjer rundt neste sving! Sånn - det var dagens visdomsord 🥰

I går gjorde eg unna 714 km - inkl ein særdeles kjedelig laaang stopp (skal komma tilbake te den seinare😤), ørten sabla lange køar, tissepausar og inntak av mat.....  
I dag vart det 818 km - lite kø men jækla mykje 70-soner! Heldigvis var det ein del 90, 100 og 110 òg 🤭😅 Avreise frå Lillehammer i lettskya og sol, og ankom Mo i Rana i 8 grader, vind og regn iført sommarkjole og pusetøfflene mine 😜😂 
Steike flott øve Dovrefjell 🤩 sol, beine vegen og flotte fargar i naturen 🥰  
So fort fjellet var unnagjort so begynte regnværet! Fyttikatta so da bøtta ned, sikkert 1/2 dl i kvar dråpe!!😜💧🌧💧🌧 Resten av køyreturen var av og på med regn, sol og vind - te å bli sprø av rett og slett når eg må ut i nødvendig ærender 😬😅

Skal ha på meg litt andre kle i morgo ja 😂

I morgo er det kun ca 215 km til eg er i mål ved Tverlandet 🥳  OG om værgudane er på mi sida og YR melde rett, so blir eg ikkje blaut i luggen når eg skal lempa ut av bilen og inn på lageret. Skal forsåvidt ikkje meir te enn eit par dråpa da, so e da full wetlook her 😁

Nokre få bilete har eg hugsa å knipsa på vegen:

Smekk full bil vart det🤭 knallgod hjelp frå ei venninne med tetrisen 😅 

Takk for meg Jonashagen 10🥰
 
Okai.... den tidlegare nemde kjedelige lange stoppen var på Krossmoen... Der var det nemleg vektkontroll, og som den lovlydige eg er so svingte eg inn og opp på vekta 😱😱😱 Du kan trygt sei eg vart riiimeleg lei meg! Det var ikkje i mine tankar at om da e plass, so er det ikkje sikkert du kan fylle på pga vektbegrensning 😤

Resultatet vart at detta vart ståande att... Altso, når ein står der og er litt "nedrulde", so tenkje ein ikkje heilt klart på kva ein tek ut og set att likaso... men dette vart no det eg tok ut og det heldt akkurat 👍 Ca 2 timar surra eg på der!!! Fy fa..... 
Eg fekk 14 dagar på å fjerna da, og dei tok ikkje ansvar om da forsvant noko 🫣
På ferden vidare gjekk tankane meir på korleis eg skulle få ordna detta enn den lange køyreturen eg såvidt var begynt på 🙄 
Vel, løysing vart det! God kollega i Eigersund plukka det opp og har satt det tørt og trygt i sin garasje 🥰
Evig takknemlig 🥰 
Ei ordning med å få da oppøve er under planlegging 😊

Ein stopp innom her sjølvsagt ❤️ Fjerna halvdaue blomar, og la att mange av dei steinane me hadde plukka med oss på turane våre både i Norge og USA 🤭
Blir ei stund til neste besøk her, og det går heilt fint tenkje eg. Minnene er med uansett kor eg er i verda🥰

Fleire bilete vart det ikkje denne gong. Tok vist berre snap i dag 🤪

Natta!!