I skrivande stund er oljeprisen på veg oppøve i lag med dollaren - ein stigning liknande Trollstigen, og den norske krona fell som ein våryr foss... Ikkje noko kjekt i da heila.
Dette har resultert i av me har avbestillt hotellet me reserverte på Manhattan. Sist eg sjekka prisen der før eg avbestilte, var det kome opp i vel kr. 34.000 for 17 netter!!! Var i overkant mykje meir enn det me såg føre oss i sommar.
Vel - no er jakta i gang att etter husvære. Me er - i tillegg til at me kike på hotell, innom Airbnb - ei nettsida der privatpersonar leiger ut leiligheit, hus osv. Har hatt god erfaring med denne frå sist me var over. Her kan du velga mellom billig eller dyrt - sammen med andre - eller for deg sjølv.
Er forresten 183 dagar att te avreise.... :D
Sometimes it's the journey, sometimes it's the destination—and sometimes, it's both.
onsdag 17. desember 2014
lørdag 8. november 2014
31 veker igjen...
.. eller 222 dagar :D Ja, det nærmar seg avreise.. hehehe
Kjøpte oss ei bok for i tid tilbake - Freddy's New York. Var mykje skryt av den.. Skulle vere litt anleis guide til The Big Apple. Artig bok, med mange gode tips i form av hans eigne opplevingar frå byen :) Freddy Kjensmo er ein morosam kar frå tjukkaste Oslo, og med hytta i New York som han seier! Eg skal ikkje skriva so mykje meir om han - du finn meir info om han om du ynskjer berre ved å "google" fyren ;)

lørdag 18. oktober 2014
I dag er den 243 dagar te avreise..
Snakk om å gleda seg! Me sluke alt som går på tv'n om turar over there, og då spesielt i staten New York mot Niagara Falls :D
Forrige søndag var det eit kjekt program på Discovery World "Aerial America", der dei flaug oppover Hudson river til Albany og deretter mot Niagara Falls !! Snakk om å treffe rett publikum :)
Er so mange kule stadnavn langs elva! "Sleepy Hollow" - "Peekskill" - "Catskill" bl.a., og for ikkje å gløyma "Poughkeepsie" - sei det fort ti gonger... hehe
National Geographic har skrive ei bok "Drives of a lifetime" der bilturen langs Hudson-river er blant køyreturane det er verdt å ta :
If you look north as you cross the Tappan Zee Bridge (I-287) over the Hudson River, you take in what Dutch explorers saw almost 400 years ago. The river here runs nearly three miles wide, carving between mountains and promontories—a glittering path into an emerald land. You will follow the trails of Indians, adventurers, George Washington's Continental Army, and Gilded Age millionaires, while enjoying vistas that inspired the Hudson River school artists more than a century ago. Sharp peaks, deep valleys, woodlands, and farms divide artsy, gentrified communities. Historic sites and many of the grandest mansions in the nation—including FDR's longtime home at Hyde Park—abound.
Holy crap ! I fotspora til indianara og oppdagarar ! :D Køyreturen går jo igjennom indianar-områder! Må innrømme eg ikkje har tenkt øve at dei heldt te heilt her oppe. Veit ikkje kvifor eg har inbilt meg at dei var lengre sør mot Mexico, Chile osv. Vel - ny lærdom er jo alltid kjekt ;)
Her er so mykje å sjå og oppleva at me definitivt ikkje rekk å få med oss ein lite brøkdel ein gong.. Ein ting er sikkert, eg skal ikkje planlegge kvart einaste stopp då det vil øydelegge opplevelsen.. trur eg. Tenk om me ramle øve noko skikkelig kjekt på veg te ein planlagt stopp? Har jo ikkje all verdens tid heller :P
Skal berre notere meg nokre av høgdepunkta som dei nemnde i det programmet. Heldigvis sette Stanley'en på opptak ;)
Den so hadde vore rik som onkel skrue og berre kunne ha reist verden rundt og sett og opplevd alt der er... Får nok vere nøgd med fast jobb i staten og den løni eg får der, samt levere inn ein lottokupong i ny og ne for kanskje å vere den heldige vinnaren :D
lørdag 4. oktober 2014
Førebuing til sommarferie 2015
Jepp, den er i gang allereie den :) Halve ferien er å planlegge og sjå etter spennande ting å oppleva og sjå. OG om ein er tidleg ute kan du spara ein del kroner som du kan bruka på andre ting - som shopping f.eks. :D
2015 er eit stort år i heimen, me tippe begge øve i 50-åra i løpet av sommaren. Dette må sjølvsagt feirast, og som dei globetrottarar me trur me er - og New York-fans, so må jo turen i den retninga igjen. Denne gongen er det 3 veker me skal på tur "over there" - 19. juni til 10. juli.
Flybillettane er i boks - det vart KLM til JFK via Schiphol, Amsterdam - kr.8.840,- t/r er ikkje so aller værst midt i høgsesongen ;)
Basen i NYC blir eit hotell som ligg på 8th ave rett ved Times Square - ROW NYC heiter det. Har sjølvsagt og bestillt New York Pass - 5 dagars pass denne gongen. Spare ein heil masse gryn på alt det ein har lyst å oppleva, sjå og vere med på in the Big Apple. Sykkelleige, museum, sightseeing på sjøen med fleire forskjellige båtar, billettar til f.eks. Empire State building - 80 forskjellige attraksjonar er med i dette passet. I tillegg er det rabattar på restauranter osv.
Denne gongen skal me leige bil og køyre opp til Niagara Falls. To netter på Radisson Hotel & Suites Fallswiew, der me skal få med oss dei flotte fossefalla og ymse anna kjekt. På turen opp og ned att til NYC blir det overnatting på vegen - ein eller annan plass. Tanken er å køyre opp langs Hudson river og deretter svinge av ved Saratoga Springs eller deromkring mot Niagra Falls. Nedover att har me ikkje heilt bestemt oss for - men det blir i "innlandet" om me kan sei det slik.

Abonner på:
Innlegg (Atom)