fredag 30. august 2019

14 myggstikk og 1 vepsestikk

Det er det eg ha kome til berre på meg sjøl etter siste natta i Lundåkrahamn/Landskrona, og dei klør noko hinsides 🥴
Berre sånn i tilfelle nokon syntes me hadde det for fint på tur så er det litt nedtur óg 😂

Natt til onsdag fekk me litt regn og tordenvær, men ikkje værre enn at me snudde ryggen til og sov vidare. Men om morgonen var det igjen sol og sommartemp - eller sydentemperaturer kan me vel heller kalle det 😎☀️ Så valget vart å nyte føremiddagen i sola ved bilen, med lys og lyd showet over Danmark. Der var det tordenvær til gangs!! Moro å sitta å sjå på 🤪 Etterkvart måtte "Flightradar24" appen fram òg, slik at nysgjerrigheita over kva fly som skulle inn for landing på Kastrup kom i frå. Pluss alle dei andre flya me såg der oppe ✈ ✈ ✈ Var ein himlandes trafikk ei stund 😄

Når det lei på ettermiddagen /kveldinga tok me oss ein fin sykkeltur inn til sentrum når tempen var blitt nokolunde levelig. Ikkje store byen dette heller, men koselig og med ein heilt grei bobilcamping.
Skulle me havne i den retninga fleire gonger, kan det fort bli at det blir ein stopp. Her var det til og med vakter som sjekka området om natta. Kan være greitt det etter det vi har høyrt om diverse tjuveriraider av bobilister.

I går køyrde me tidleg avgårde mot Smøgen. Sidan vi begge var tidleg vakne, og likevel skulle oppøve hit, så var det berre å komma igang. Kanskje kunne me finne ein grei plass å parkere hytta vår denne gongen, og at det ikkje var like "travelt" som på laurdag 🥳😜
Møtte regnværet på veg oppøve fleire plassar, og det regna når me parkerte i Smøgen. Litt mat og ein powernap etterpå, så kom sola gitt 😎👍☀️ Flott solnedgang og ein kjekk tur langs brygga før det vart tidleg kveld.
I dag var det litt meir liv langs brygga både av turistar - mest jappser, og ein haug med folk som var med i eit trailrunning løp - icebug experience. Ser og ut til at det meste er på veg til å bli sesongstengt i løpet av helga.  Flott natur er det her ute - rett i havet. Det er noko med dette havet og lyset som både eg og Stanley likar veldig godt.

I kveld har me avslutta seinsommarferien med ein aldeles nydelig 3-retters middag på Skärets Krog. Flott restaurant med den beste bordplasseringa i restauranten i flg servitøren 🥰

I morgo går ferden fyst til Nordby- senteret for shopping av diverse godsaker, og ferje til Sandefjord kl 18:30. Trur ikkje eg bomme fælt om det blir overnatting til søndag i nærheita av Kragerø 😉

Litt knips frå dei siste dagane følgjer her...



























tirsdag 27. august 2019

Postkort frå Lundåkrahamn

Lundåkrahamn ligg i Landskrona like nord for Malmø. Flott bubilparkering i marinaen her også 😄
Hyttetomta vår i dag ligg heilt ytterst mot havet, eller Øresund som det og heiter. Ser faktisk rett over til Danmark og København! Ser ut til at det er litt overskya der borte 😜

Forlot Ystad i grålysninga i dag tidleg. I motsetning til i går, sto eg opp når sola var på veg opp, og var ute av døra før gubben vakna 😜🙈😂
Soloppgangen måtte foreviges 👍


Møtte og eit svanepar som var ute på morgentur, samt nokre fisk eg ikkje veit kva sort er. Småfisk var det ikkje.


Fin køyretur langs kysten opp til Malmø. Måtte ta ein avstikker pga dei heldt på med noko vegarbeid. Litt trafikk var det så eg fekk ikkje teke bilde av ein flott slott me køyre forbi. Men fekk teke bilete av vegen opp til slottet i allefall 😄


Dei dyrka eit eller anna som såg ut som spinat. Kan fort vere at det er det det var òg.


Vel framme og parkert, ville me ha oss ein dukkert i Øresund. Og me gjekk og gjekk..... Halveges te Danmark snudde me og gjekk inn att..... Då var me ikkje blitt blaute på knea ein gong. Det vart spyling med vannkanna i heten. Jepp - har vore heitt og godt i dag òg.

Solnedgangen er foreviga her også..


mandag 26. august 2019

Postkort frå Ystad

 ☀️☀️☀️☀️☀️ Her nytes været og det Skåne har å by på 👍

Vakna grytidleg pga toget som dundra forbi ✔️
Såg sola sto opp men gadd ikkje stå opp sjøl for å ta bilde ✔️
Tok ein togtur til Simrishamn ✔️
Knerta med meg frøkapsler frå stokkroser i Simrishamn ✔️
Ete softis ✔️
Bada i Østersjøen ✔️
Sete i sola og sovna med boka i fanget ✔️

Nydeleg solnedgang i går kveld.
Dog litt rar å stå med ryggen mot havet og
ta bildet innover landet for å sjå solnedgangen.







søndag 25. august 2019

Seinsommarferie 2019

Endelig ei veke ferie der me skal ut å rudla i rudleståvao.
Straka vegen vart det etter ferja i går føremiddag, til Smøgen. Har høyrt og sett so mykje fint om denne idyllen, at no var det vår tur. No var dei fleste ferierande tilbake på jobb, og me skulle få ei stille stund med god plass i den svenske skjærgården. Jommen sa eg stilt !! Halve Sverige pluss litt til hadde møtt opp i Smøgen i går. Ikkje veit eg om det ryktast at me skulle dit, eller om det var pga "Fiskarens Marknad"...
Vel, det endte med at me omsider fikk snudd etterkvart og kom oss derifrå.

Etter ein sjekk på yr valgte me å køyre rett til Ystad. Ikkje dumt valg, sjølv om det tok si tid nedøve. Var jo litt å sjå og gjera på veg nedøve. F.eks. få spylt og vaska vekk eit halvt kilo daue insekter frå bilen.
Når me omsider kom til Ystad var det fullt på bubilparkeringa i Ystad Marina. Det endte då opp med ein køyretur - nesten til Simrishamn, før me snudde og fekk oss ein plass på ein camping rett utanfor Ystad. Laurdagskvelden vart ikkje gammal sidan me var oppe før fuglane feis for å rekka ferja frå Sandefjord.

Søndag opprant med solskinn frå blå himmel - vel, så fort den hadde fått jaga vekk havdisen jaffal. Då hadde me fått i oss frukosten òg  og var klar for å sjekke tempen i Østersjøen. Heilt ok, og om ikkje det var so mykje tang mm som låg uti vatnet, så hadde i allefall eg hoppa uti. Det fekk bli med vassing.

No er det ein liten siesta i skyggen, for jaddi vart det godt vær! I skrivande stund - kl 16:10 - er det 27 grader!

Her er nokre blinkskot frå turen so langt:















onsdag 29. mai 2019

Watch out, make way - Rudleståvao on the road again 😎

Endelig er første luftetur med rudleståvao eit faktum for 2019 😎🤗🚐

Langhelg er ikkje feil, og fyste turen går sør/øst og til Grebbestad i Sverige.
For øyeblikket er me ikkje komne lenger enn te Skurve, men dagen er framleis ung 😄 Østerholtheia er målet for i kveld. Heilt ok plass å overnatte på.


Ellers er det ikkje mykje å skriva heim om. Turen har gått rimelig greitt so langt. Turr asfalt og ikkje ei snøbyga å sjå i horisonten. 😁 Trafikken går godt, og det er hverken kø framføre oss, eller bak oss 👍😎

torsdag 16. mai 2019

Rotter, heimtur og ymse anna

På dei fleste subwaystasjonane dukke desse rottene opp pilande mellom togspora. Dei må jaddi vera dauhørte heile gjengen tenkte eg, for det går såvist ikkje stille for seg der nede. Det gjer det i grunnen ikkje nokon stad her 🤪 Eg må innrømma eg synest desse rottene er søte 🐀🐀🐀🐀🐀😄 Dei har eit godt levegrunnlag her. Søppel flyte jo etter vegen og fortaua her..... MDG kunne ha tatt turen over og snakka te desse folki her 😉 Men  dei må vel ro øve, for fly og store båtar er jo fysjom der i gården 😇😁

Var forresten på kino forrige dagen - igjen 🤓 Såg «Hustle» som og nettopp er komen på kino heima. Action/komedie verdt pengane om du har tenkt deg på kino med da fysta og vil ha deg ein god latter.

I morgo er det heimreise. 4 veker har gått unna som fy! Og når eg ser på alle bildene me har teke, så har me opplevd ein heil del også 🤗🌼🙌☀️🌸 Flyet går på ettermiddagen, så det blir ikkje mykje turist greiene på USA i morgo.

Endelig opphaldsvær 👍👏🙏🏻 Fekk tatt den obligatoriske turen over Brooklyn Bridge i går føremiddag 🤗 Denne gongen gjekk me motsatt av det me alltid - av ein eller annan grunn - har gjort tidlegare 😄 Me gjekk frå Brooklyn sida denne gongen, og eg er brennsikker på at det var lettare enn andre vegen 🤪😂 Plutselig var me øve liksom, og det før klokka var 12 på føremiddagen!  What to do next...? Skyene begynte å bli mørkne til, so då vart det ein tur innom eit museum me aldri har. vore innom tidlegare - Ripleys,  belive it or not. Spesielt. All slags rariteter av folk, dyr, kva folk har gjort eller kan gjere....... ja, spesielt. Var og eit såkalla «black hole» me kunne gå inn i der. Me gjekk fort ut att! 🤪😂 Veit ikkje eg om det er pga det som gjekk rundt der eller om at det var pga at både eg og Stanley begge er litt reduserte i balansesystemene våre, men rundt gjekk det til gangs inni det 😳😟🤢😵😂
 Då me gjekk heimover til hotellet at var det begynt å regna og blåsa att. Eit par grader kaldare, og det hadde vore snø! Snodig ferie me har hatt, der fyste halvdelen var sommar og neste vinter 😝
Vel, i dag var det omsider blå himmel og sol ☀️ Fekk tatt ein tur både The Vessel og The High Line park med solbriller på 😎😄 Mykje bygging i dette området av leiligheter og hotell. Nytt kjøpesenter er det komme opp i denne området og, men det var kun sånne svindyre butikkar der inne. Det var gratis å bruka toaletta då - ikkje verst berre det 🤪
Lunsj/middag vart innteke på fast plass etter endt tur langs The High Line- Bubby’s. Denne ligg i Gansevort-området - og anbefalast 👍

Wifi’en på hoteller her er litt i ulage i dag, so det blir ikkje bilder med her denne gongen.
Dette blir siste oppdateringa her for denne turen óg tenke eg. Kan ikkje tru det er noko spennande å skriva om i løpet av heimreisa 😉 Takk for denne gong 🙏🏻💞 Neste post blir nok når me skal lufta rudleståvao for fyste gong i år - det gledes!!!


tirsdag 14. mai 2019

High line park og The Vessel

Me hadde planar om tur på The High line park i dag i tillegg til å springa i trappene på The Vessel. Men den gang ei. Det vart shoppingdag i staden for. Regn, vind og knappe 7-8 grader er ikkje noko kjekt turvær.

The High Line Park er ein av mine favoritter her i New York 🤗 Me har gått denne kvar gong me har vore her sidan 2010,  Anbefaler alle som skal på tur hit å ta ein tur langs denne flotte parken. Det nye her er The Vessel. Denne er heilt nyåpna og står i eine enden av The High line park i det nye «upcomming» området Hudson Yards men mykje nytt på gang av bygg og parkar mm.
Håpar værmeldinga slår til og gir oss sjangsen for ein megaflott siste dag i NYC før me reiser heim torsdag ettermiddag.

I går var me kun ute og fekk oss ein bedre middag. Her var det «mothersday» i går, så det var mykje folk på resturantene. Me feira 17 år som kjærestar 😄 💕💞💕

Her er nokre bilder frå turane me har hatt rundtomkring dei siste dagane.

Vår faste stasjon der dei fleste utfluktene våre gjekk frå... Såg aldri ei rotte her 😜

Nytt svimdyrt hotell midt i smørauga i den populære delen av Williamsburg. 


Brooklyn Brewery, der me fekk omvisning - og det var gratis  😜


Gjenbruk av telefonkiosk 👍😄




Høgt ned og mykje utsikt frå toppen av One World.