tirsdag 30. april 2019

Frå dei veletablerte på palmekysten, til baksida av USA

Sjølsagt var ikkje vêrgudane med oss når me skulle på sightseeing i St. Augustine 🤪 Da regna sideslengs i det me sette oss inn i sightseeing bussen. Ikledd regnponchoar så gjekk det forsåvidt greitt.  Ny opplevelse det óg 😄 Flott by me kunne brukt meir tid i her óg. Den var verkeleg flott med mange gamle store flotte velholdte bygg frå slutten av 1800-tallet. Mykje bygd av Henry Flagler som har vore med på mykje av USA sin framgang i olja og i jernbanen. Flink fyr 👏

På turen vidare nordover A1A vart det mykje oi og skrekkelig mykje wow 😎 For nokre hus dei har desse rikfolka her. Torde ikkje stoppe å ta bilde  😇😂 Men at dei er tre gonger større enn huset vårt heime, tvilar eg ikkje på.
 Fekk oss ein ferjetur i går også over St.Johns river. Tok 10 minutta og kosta 7 dollar. Kun for å fylgje A1A 😄
Etter at A1A ikkje gjekk lenger, hoppa me over til I-95.  Det varte ikkje lenge før det var kø dlux på motorvegen. Tenk deg 3 filer i kvar retning - og smekk fullt med bilar som MÅ fram.  Det viste seg at det var ei bilulykka som var årsaken. Takk og pris for Google Maps 👍 Fant oss ein omkøyring som var verdt omkøyringa for å sei det slik🤗  Tok jo timen lengre å køyre, men slapp stresset med å stå i den køen, og fekk sett litt anna enn skogen langs motorvegen.

Motsetning vart stor då me i dag køyrde langs US 17. Forfall og dårleg vedlikehald prega vegstrekninga. Småbyar og forstadar av «Trailer-house» meir eller mindre i oppløysning, og med ein skrotnisse i anna kvart hus. Sjølvsagt mykje ok óg, men inntrykket er jo det du ser mest av.
 I dag hamna me forresten bak eit gravfylgje.... 🙃 Der var sheriffen delaktig med bil framføre fylgjet, og ein bil bak. Begge med blålys på. Han som køyrde bakerst låg midt i vegen slik at han køyrde i begge felta (her var det 4-felts motorveg). Ingen skulle komme forbi. Og i den motgående trafikken - sjølv om det var brei midtrabatt på minst breidda av eit køyrefelt - så stoppa dei i respekt for gravfylgje.
Eit anna merkeleg fenomen me la merke til her, var alle små gravplassene etter vegen. Dvs ikkje desse som folk setter opp i minne om nære som har omkomme i trafikken. Nei, her var det inngjerda som regel, og 5-10 gravsteinar - og i private hagar. En og annan plass var det store gravplassar óg i nærleiken av kyrkjene.

I dag hadde me forresten ein sjokkopplevelse når me skulle reise frå Jacksonville NC. Det var overskya og drittkaldt!!! 62 farenheit er ikkje det me har vore vande med etter me kom over dammen 😨 Kor var langbuksa og skoa, og for ikkje å snakke om jakka når me måtte ut dørane. 58 når me parkerte i ettermiddag😱😂  Meldingar tyder på at det skal opp igjen til 80-85 farenheit i morgo, det gledes!

Vel, no sit me i 6. etasje på eit hotell langs stranda i Virginia Beach. A rom with a wiew 😎 Store er forhåpningene på skyfritt i morgo tidleg 😇

Slenge med nokre bildet frå dei siste dagane - enjoy 🤗

Flotte påfuglar 

Foutain of youth... Pft - smakte klor av vatnet og me er ikkje blitt yngre 😜
Kvit påfugl 😍 Dessverre for sjenert til å vise igg fjærpryden.. 

Bridge of Lions. Tårna er frå opprinnelig bygging. 

Skjell jakt 🐚 😄



A room with a wiew

fredag 26. april 2019

Postkort frå Florida

Å suse avgårde i ein Mustang med rikelig hestar under panseret, kan eg skriva under på var ein real god feeling 😎 Har du moglegheit for det så grip sjangsen seier eg 👍
Me ankra opp i Marathon som er ei litt større øy før me kom til Key West. Ca halve prisen på overnattinga i forhold til i Key West! Iflg diverse bookingsystem så skulle plassen me valgte vere bra - 7 av 10 poeng. Pft... Bildene på nettsida deira juge big time 🤨
Vel, det skulle ikkje få påvirke gleda av å være i Key West, so tiden gjekk fort frå tidleg morgon til det var på tide å krype te køys. Key West er som på bildene vi har sett før - mykje folk, sol frå blå himmel, heitt, god mat og drikke, masse butikkar, severdigheter i fleng. Det vart vist etter depresjonen på 20-talet omtrent ikkje folk att på øya. Då var det nokre glupingar som fant ut at dei skulle satse på turisme der ute. Som sagt so gjort - og Key West vart det det er i dag.

Når det var på tide å reise vidare, bytte me bil på Marathon. Stanley hadde bestilt ein stor SUV, og det vart ein Mazda CX9. Aldri høyrt om den før eg, men stor er den, og godt går den også 🤪
Neste mål var Sanibel Island, med overnatting i Bonita Springs. Ein strålandes flott dag på strender av skjellsand og mange fine skjell 😄🐚😇 Derifrå køyrde me gjennom Everglades, og fekk med oss ein runde på desse artige båtane inni der, der me fekk sett sjeldne fuglar og ein gammal alligatordame på 60 år i flg guiden. Og så traff me på andre nordmenn som var på tur inni Everglades 😱😄 Satt på benken framføre oss i båten, og gjett om eg vart overrumpla når dei snudde seg og kommenterte det til oss 😂 Ho var frå Lærdal jaffal, og eg hugse ikkje kor han kom frå. Dei budde i Oslo no, men det vart no litt kjekt å jabba litt med ein annan sogning midt inne i Everglades 🤪😂 Dei hadde vore på Sanibel Island, og var på veg til Miami.

No er me i St.Augustine. Første byen som vart grunnlag t i USA faktisk. Har ikkje fått gjort so mykje anna enn skylt av oss sjøen få Daytona Beach, og fått i oss litt god mat og drikke.
Daytona Beach altså 😍😍😍 Det var som å gå i potetmjøl - samme knirkelyder og var så finkorna at det var ein fryd 🤗 Kosa oss i sola og bølgene  i nokre timar før me la i veg vidare på A1A.
For ein veg! Ja, ikkje vegen i seg sjølv, den er nokså ordinær, men husa etter vegen! Svære flotte eigedomar med eigen rundkøyring i hagen 🤪 Når du har eigen rundkøyring i hagen, ja då tenker eg du er stinn av gryn eigentleg 😄 Og dei låg på rekke og rad  i strandkanten til Atlanteren.

Jaja, er lov å drøyme seg til slik tilværelse,  men jaddi har me det godt heima óg tenke eg 😉

I morgo har me tenkt oss på ein rundtur her i St. Augustine. Håpar værmeldinga bomme. Det er meldt drittvær rett og slett. Tordenvær og regn ⛈⛈⛈ Me hadde jo det nokre få timar ein kveld i Miami óg, så eg tenke drittværet kan venta til kvelden denne gongen også om det i det heile skal begynna.

Nokre få bildet frå dei siste dagane er vel på sin plass, så her kjem dei. Dårleg WiFi her så det får bli med desse:

Eitt av mange soloppgang bildene 

Frå turen på Everglades


Blir eit knallkult hotell 😎 Kan det være Hard Rock? 


Hagen til Ernest Hemingway 

Legg til bildetekst

Naboen var og eit par på Mustang tur 😁













søndag 21. april 2019

De gikk som det måtte gå....

så satt me her som to kokte hummarar 🤪 Solfaktor 30 og 50 er vist ikkje nok.  Kan ikkje sitta inne heller, for då får me jo ikkje sett noko 😉
Vel, i går hadde me rett nok stranddag der me var på stranda heile dagen, og me skulle nok ha smurt oss oftare. Havet var heilt nydelig! Fekk saltdosen dekka for ei heil veka óg forresten  😱😂
Me har har no losjert i det området av Miami Beach som kallast North Beach. Det er heilt øverst på øya som Miami Beach ligg på. Og som det vanligvis er her i junaiten, så et det store avstandar det er snakk om.  Då blir det ein del køyring med trolley og buss. Ser ut som menigmann her nede helst foretrekk å køyra sjøl, for på desse er det mest turistar - tyskarar, italienere, svenskar, franskmenn - alle med ein liten sekk på ryggen, og solbrente 😎😄 Me er ikkje vanskelige å få auga på jaffal.

I dag har me henta bil me har leigd for tur vidare nedover Florida Keys og Key West. Glede oss te det ja 😉 Og for morro skuld har me flotta oss med ein svart Mustang cabriolet 😜💸



Kan trygt sei me nyter påskeferien so langt!



Her er nokre få bilder frå dei siste dagane:














torsdag 18. april 2019

Flydagen

Onsdag var dagen for lang flytur.
Skulle jo eigentleg reist frå Stavanger onsdag morgon. Men etter mail frå KLM om at fyste flyturen til Schipool var kansellert, og reisa vår framskynda til tysdag kveld, var det herre å pakka kofferten og avgårde tysdag kveld. 1. overnatting vart då på Schipool og hotellet Corendon.

Flyet frå Schipool til Atlanta var av den typen som hadde 2-3-2 seter i rada. Heldige me fekk oss seter der det var 2 👏😄 Grua oss litt til mellomlandinga i Atlanta, då den vist ok er gigantisk og ein av dei mest travle i verden!!! 😱 - og me hadde berre 2 timar frå me landa til neste fly.
 Peace of cake! Var godt skilta, og når me viste kva terminal me skulle på, var det berre å gå etter den. Dvs - det var tog mellom terminalene 🤪😂 Måtte venta ei heile stund ved gaten til flyet skulle gå 😄

Litt kipare var det når me kom fram til flyplassen i Fort Lauderdale. Taxien som me hadde forhåndsbestilt kom ikkje. Punktert i flg vedk Stanley snakka med, så vi måtte berre finne oss ein annen taxi. Ny taxi rekvirert, og vips var me ved hotellet. Ein liten tapp av ein godt vaksen fyr som knapt såg vegen mellom rattet og dashbordet 🤪 Men - haha til det første selskapet med hadde tinga taxi frå - denne var billigare 👍 Nei - ikkje uber 😛

Vel framme på Miami Beach Place hotel lokal tida  kl 17:30, so viste det seg at damen i disken var svensk 😄 Helen er ei hyggjeleg dame frå Østersund. Lettare å skravle med då 😉
Mange gode tips fekk me, bl.a. om ein «Trolley» som gjekk rett nedover til South beach - gratis - rett utanfor hotellet 🤗🚎  Den får oss frå A til B, meir treng me ikkje å sei om den 😂 Om du vil veta meir om den kan du googla 😉
Pakka ut i ein fart og reiste so nedover til Lincoln street.  Ei gågate med mykje liv å røre, restauranter og butikkar på rekke og rad. Måtte jo kjøpe inn til frokostmat og solkrem 😎
No er det torsdag morgon, og me er straks klare for ein dag i forhåpentligvis varmt og fint vær ☀️  Er meldt regn faktisk, men mest i morgo 😂😂😂

Her er nokre få bilder frå reisedagen - stay tuned:

Reisefylgje klar for tur ☀️ 





søndag 7. april 2019

Klar, ferdig - påskeferie 2019

😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎😎

 
Kofferten er pakka for ein real påskeferie i år - Junaiten steits åff amerika - here we come!

Denne gongen fyke me til Fort Lauderdale.  Der skal me få sand i mellom tedna og plukka små fine skjell på stranda, bli solbrente og eta reker, krabber, hummer, key lime pai, drikka paraplydrinkar......  ja, nyta det dei har tilby i Miami Beach og Key West  😄 🍤🍨🍹🍺  Sånn ca ei veka jaffal... 😉

Snart - ganske snart - skal vi oppleve dette:



Aller fyrst må me fyka i ein del timar.  Håpa de vil fylgja oss på turen 👋