torsdag 28. mai 2026

Postkort nr 4/2026

Alt har ein ende, og so har dette årets Kreta-ferie.. eg kunne glatt ha vore mykje lenger rett og slett🤩 

Så då begynne eg heller å planlegge turen for neste år😅  Er så mykje meir eg vil sjå og oppleva av denne øya, og so vil eg rett og slett ha nokre dagar hjå Fani på Thalyra hotel i Rethymnon 🥰 òg mest sannsynleg nokre dagar hjå Victoria på Waterlily hotel i Kalathas like utanfor Chania 🥰 😅 Ho hadde vakse opp med dette hotellet som foreldra dreiv frå ho var lita jente. No var ho sjefen der😉 Eit knakandes fint hotell, som hadde mykje meir å by på enn det eg tok meg tid til å utforska.

Laurdag 23. hadde eg eit grådig hyggjeleg gjensyn med ei av damene eg var innkvartert på SUS i lag med då eg knakk ankelen i desember 2021 🤩🥰🥂🍻 Sjøl om me hadde vondter som fy me som låg der på det rommet, gjalla latteren langt bort i gangen fekk me beskjed om 😂😂😂 Kan vel trygt sei me fant tonen - i allefall 3 av oss 🥳😂🥰
Ho og mannen var akkurat komne til Rethymnon tidlegare på dagen 😅 Hadde oss noko god mat og drikke på ein knakandes god restaurant - Gorgona 🤩  Latter sat like laust no òg, og om det klaffe neste år ogso, so blir det nok eit nytt treff der 🤗

Waterlily hotel var det siste eg booka meg inn på før heimreise. Kalathas er ein roleg landsby som ligg ved havet og er i grunnen ok plassert i forhold til om ein vil ha seg ein tur inn til Chania. Eg for min del leigde meg ein liten bil att, og hadde meg turar på "platået" der flyplassen ligg etter anbefaling frå Victoria. 
Apropos det....... hotellet låg rett under det ALLE fly flaug øve når dei letta 😬 I går kveld i 23-tida - var det nokre helv.... jagarfly som var ute å leika seg 🫣 🛫🛫🛫 

I forgårs ramla eg øve ei strand i ei bukt som var heilt fantastisk 🤩 Golden Coast Beach i Akrotiri.
Her vart det forresten IKKJE solseng då dei skulle ha 25€ for det.. Vistnok her ein gammale film "Zorba.." vart spelt inn. 
Var absolutt heilt greitt å legga seg på handkle i sanden òg. Den var veldig enkel å riste av då det var den litt grovare sanden.
Her var det eit sund der havet kom inn, og ingen dønningar og bøljer. Der var det berre å gå uti og legga på svøm tvers øve - att og fram til krampa tok deg 😜😂 
Trur forresten eg har overdrive symjinga litt fordi det eine kneet er litt kranglete i dag 🤭

So - i skrivande stund sitte eg på Gardemåen og vente på neste etappe nordover. OG - må berre få sagt det, har du ei ræv som er breiare enn eit liggjande A4 ark, so ikkje ta sete A1! Fytti helsikken må eg berre sei... Venstre skinka mi var dau når me gjekk av flyet etter å ha sete på ein stål"kant" heile vegen heimover hit, og det var klin umogleg å få gjort noko med 🫣😬 

Her er nokre bilete frå dei siste dagane, no må eg lada mobilen 🤭 Eg skal skåne dykk for alle kattar, mat og blomsterbilder eg har teke - det tok litt av ser eg no i albumet 😂😂😂

Kan ikkje droppa morgonshotten min med heilt lokal olivenolje og sitron🤩

Nytt felt oliventre i emninga her

Utsikt mot Rethymnon frå høgden

Syklar kan brukast til so mangt 

Posten skal fram også oppi fjellbygdene... torde ikkje kika inn om postmannen hadde teke seg ein siesta 🤭 

Endå ein utsikt mot Rethymnon 

Her kjem nokre bilete fra gamlebyen i Rethymnon 😅 Desse får tale for seg sjølv 🤗

















So var eg komen til Kalathas:

Utsikten frå den eine balkongen 🤭

Her altså 🤩🥰🏊☀️😎 

Nærbilete av sanden 😂🤪🤣

Kveldsutsikt mot Chania by frå ein restaurant eg fekk tips om tiø dette formålet - Carte Postale

Siste lønsjen på gresk jord vart gresk salat og nypressa appelsinjuice 🥳🇬🇷☀️


lørdag 23. mai 2026

Postkort nr 3/2026

 Hadde ein knallfine tur te Loutro på tysdag 🤩  var ikkje store båten me vart frakta med, men so var ikkje det so veldig lang båttur heller. Sjarmerandes fin plass der omtrent alle bygninger var kvite med blå karmar og dører 🇬🇷

På vegen til Loutro stoppa me innom ei strand som hadde namnet "sweet water beach". Det var vist pga fersk vatn som kom ned frå fjellet rett over. Sjarmerandes plass som eg i ettertid fekk vite var delt i 2 der den ein delen var naturist strand 😉😎 

Sjøen var so klar som eg aldri - trur eg - har sett før! Ikkje veit eg kor djupt det var men når me landa te den vesle kaia der såg me heilt klart store steinblokker på botn 🤩

Me fekk fylgje av eit par delfinar på turen forresten 🐬🐬 Eg sat sjølvsagt vendt mot fjellsida og kika den vegen då dei kom fyst, men fekk sett dei etterkvart - flotte dyr altso 😍 Fekk ikkje noko vetigt bilde då... 

Liten rundtur i landsbyen Loutro vart det før eg fant meg ein plass på stranda og hoppa i havet 🏊  










 

På returen til Port of Sfakia hadde det begynt å blåsa opp, så båten fekk gynga seg godt og me som satt på toppen fekk kjenna på det for å sei det slik 😅

Bussturen tilbake til Rethymnon tok ca 1 time, og eg sikkra meg sete slik at eg skulle få nyte utsikten på returen 😃 Jadda - sovna eg sjølsagt etter kanskje 10 min!!! og våkna ikkje før fyste passasjerane skulle av i utkanten av byen 😂🤣😂 

Torsdag ettermiddag vart eg plukka opp av Jane og Arne, og vart med opp til ein taverna i ein fjellandsby der dei pleier ta turen når dei er her. Endå ein koselig plass å vandre rundt i - tek ikkje lange stunda det forresten 😅

Sette oss te ved eit bord, og bestilte mat rett og slett. Ikkje noko spesifikke rettar - det vart meze/tapas 🤩 Og vin på mugge til meg og Jane - kvit til meg sjølsagt, og raud til Jane 🥂🍷 Ein skikkeleg trivelig kveld 🥰

Alt var berre så godt!! Og denne maten me fekk servert der skal du leite lenge etter langs "turiststripa"... litt synd det egentlig, men der må dei vel servere det dei fleste turistane vil ha.






Ellers har det denne veka gått i vandring i byen og nyte sola og symjeturar 🏊🏖☀️ 

I går var eg forresten og fekk meg ein god massasje på ei  velværesalong med 5 ⭐️like ved hotellet 😍 Må bevilga meg det når eg er her tenke eg. 60€ for 1 time der ho elta kroppen min som ein gedigen brøddeig er ikkje upris 😂🤣😂 Den eltinga av mageregionen fekk forresten gang på systemet! Shit for å sei det enkelt, utan å utbrodera DET noko meir 😜🤭

2 dagar att her før eg set nasen mot Chania for dei siste dagane der. Akkurat no tidleg morgon so regnar det, så får sjå kva eg finn på...


5 dagar att til heimreise forresten... kunne ha vore her mykje lenger eg 🥰😉


Btw - hvis du kommenterar her på sjølve bloggen så er det fint om du legg med namnet ditt òg 😇 Synest det er litt kjekt å sjå kven du er 😉🥰


mandag 18. mai 2026

Postkort nr 2/2026

 Dagane fyke avgårde når ein har det kjekt, og guuuuriland so eg kose meg! 🤩 Denne vesle landsbyen Bali kan eg ikkje får skrytt nok av 🥰 Heilt perfekt plass om ein treng å få tempo ned og berre chille som ungdommen seie. Sjølsagt så kan ein vandre rundt opp i høgden og nedover til sjøen att, eller  svømma til du får svømmehud mødlo tædn 🤪🏊 litt shopping moglegheit er der, men det er ikkje det som er hensikten med Bali tenke eg. Sabla koselige vertskap, og dei "innfødde" ellers også.

Torsdag 14. bar det vidare til Agios Nicolaos og nok eit koselig hotell som låg langs promenaden som det heiter. Einvegskøyrd veg og akkurat 1 parkeringsplass att når eg kom 🥳 Lucky me 😁 fekk kofferten inn på hotellet og flaug ut dørene att sporenstreks 😅 Då bar det inn mot "sentrum" som låg ca 1 km frå hotellet - absolutt ikkje noko å klaga på det.  Mysa rundt som ein typisk turist, sjekka når det var båttur til Spinalonga bl.a.  

Fredag måtte eg utpåtur å rægge igjen 🚗 Ein rundtur opp i fjellheimen på jakt etter små idylliske fjellandsbyar. Og det fikk eg til gangs 😍 🛖🏘 Total køyretid var ca 2,5 time, men eg brukte heile dagen pga alle stopp der eg måtte ut å sjå meg om 😄 Fant eit bakeri oppi høgget der som hadde eit utvalg du ikkje vil tru av kjeks og småkaker! Og så hadde dei jaddi olivenolje til salgs der òg 😅 Joda, vart litt kjeks med, òg olivenolje 🤭😂 

Samme kvelden gjekk eg inn te sentrum att for middag på ein av restaurantene langs vatnet der. Fant meg ein plass og fekk maten servert samt eit eksemplar av lokalt øl frå området. Like etter kom det 2 par svensker som kelneren meinte kunne sitta på bordet ved sida av meg sidan me likaso var naboar ellers oppi Skandinavia 😂 Det endte med skravling på svorsk, svensk, norsk og engelsk - mang en god latter, og måtte bli med dei til ein bar dei hadde funne kvelden før🥳🤩 Nye bekjentskaper knytta der ja - for ein aldeles hærlig gjeng - Ingela og Helen med gubbarna 🥳🥰🤩 

Laurdag vart det tur til Spinalonga - med skallebank 😜😂😎 Hvis du vil veta meir om kva den øya er får du googla 😉

17. mai stranddag på ein knallfin strand ca 10 min køyring frå hotellet. Eg vart ferdig med boka eg hadde med litt tidlig, og då tok eg meg likegodt ein ny runde i høgden mot sørsida frå Agios Nicolaos.  Nye fjellandsbyar å oppdage 😂

I dag pakka eg kofferten og køyrde til Rethymnon.  Ikkje langs hovedvegen, men fyst ut forbi Elounda og Plaka, og so rett opp i fjellet og so langs gamlevegen til Rethymnon. Kom fram litt tidleg for innsjekk og avlevering av bil, so då tenkte eg at ein tur på stranda hadde gjort seg. Skal jo ha ein dukkert eller 3 for dagen når eg er her nede 😄  Fekk parkert speedy, og ordna meg plass på ei solseng, nett ein liten dukkert og funne fram boka, so høyre eg plutseleg ei kjent stemma rett bak meg! 😂🤣😂 Joda, der var tidlegare kollega Jane Bakken og mannen Arne 🤩 Dei hadde fast "plass" på den stranda viste det seg 😁☀️😎 Skal bli eit lite treff ila veka med noko god gresk mat mm🥖🥗🍤🥠 

I morgo har eg meldt meg på ein arrangert tur til Loutro. Glede meg te det for det skal være ein aldeles nydelig plass 😍

Vart jækla langt dette postkortet ser eg😅 jaja, har du gidda å lese alt detta, so kan du få med nokre av bileta eg tok også 😉😅

Fyst nokre bilete frå Bali:

Morgon sola frå døra på hotellrommet mitt i Bali🤩 kan ikkje klaga på dette nei 🥰

Inntak av D-vitaminer på solseng, med innlagte symjeturar ut te den ytterste gule bøya, og ei god bok i handa når eg låg i ro 😅


Dette er handlegata i Bali frå start til slutt. Zoomer du inn so ser du enden med stranda 😂

Jaggu glad wg ikkje gjekk handlegate før siste dagen. For herrejemeni so mykje godt dei hadde her! 

Ein av sjarmørane i Bali 😉🥰

Where to go, what to do...

Søtaste scooteren eg har sett 🤩

Heilt enige 🥰

Frå ytterste enden av havna mot Bali


So var eg komen til Agios Nicolaos, og vart litt fascinert sv desse trappene dei har pynta so fint. Var langt i frå alle, men nokre 🤩




Nok ein hotellrom med fabelaktig utsikt 🤩 

Frå den berømte sjøen dei har i Agios Nicolaos der alle tek bilete når det er mørkt 😜 Fint når det er sol og tenke eg 😊


Her har dei jaddi satt sjølvaste jesusen bak gitter... 

Resten av bileta er frå turane oppi fjellandsbyane, nede ved sjøen og nokre frå Spinalonga...





































Og hvis du har gidda på mysa gjennom alle bildene òg er det verdt ein 👏👏👏😅 Sabla vanskeleg å velga av alle bildene eg har teke på litt øve ei veka, so då blir da so da blir🤪🤣