onsdag 29. mai 2019

Watch out, make way - Rudleståvao on the road again 😎

Endelig er første luftetur med rudleståvao eit faktum for 2019 😎🤗🚐

Langhelg er ikkje feil, og fyste turen går sør/øst og til Grebbestad i Sverige.
For øyeblikket er me ikkje komne lenger enn te Skurve, men dagen er framleis ung 😄 Østerholtheia er målet for i kveld. Heilt ok plass å overnatte på.


Ellers er det ikkje mykje å skriva heim om. Turen har gått rimelig greitt so langt. Turr asfalt og ikkje ei snøbyga å sjå i horisonten. 😁 Trafikken går godt, og det er hverken kø framføre oss, eller bak oss 👍😎

torsdag 16. mai 2019

Rotter, heimtur og ymse anna

På dei fleste subwaystasjonane dukke desse rottene opp pilande mellom togspora. Dei må jaddi vera dauhørte heile gjengen tenkte eg, for det går såvist ikkje stille for seg der nede. Det gjer det i grunnen ikkje nokon stad her 🤪 Eg må innrømma eg synest desse rottene er søte 🐀🐀🐀🐀🐀😄 Dei har eit godt levegrunnlag her. Søppel flyte jo etter vegen og fortaua her..... MDG kunne ha tatt turen over og snakka te desse folki her 😉 Men  dei må vel ro øve, for fly og store båtar er jo fysjom der i gården 😇😁

Var forresten på kino forrige dagen - igjen 🤓 Såg «Hustle» som og nettopp er komen på kino heima. Action/komedie verdt pengane om du har tenkt deg på kino med da fysta og vil ha deg ein god latter.

I morgo er det heimreise. 4 veker har gått unna som fy! Og når eg ser på alle bildene me har teke, så har me opplevd ein heil del også 🤗🌼🙌☀️🌸 Flyet går på ettermiddagen, så det blir ikkje mykje turist greiene på USA i morgo.

Endelig opphaldsvær 👍👏🙏🏻 Fekk tatt den obligatoriske turen over Brooklyn Bridge i går føremiddag 🤗 Denne gongen gjekk me motsatt av det me alltid - av ein eller annan grunn - har gjort tidlegare 😄 Me gjekk frå Brooklyn sida denne gongen, og eg er brennsikker på at det var lettare enn andre vegen 🤪😂 Plutselig var me øve liksom, og det før klokka var 12 på føremiddagen!  What to do next...? Skyene begynte å bli mørkne til, so då vart det ein tur innom eit museum me aldri har. vore innom tidlegare - Ripleys,  belive it or not. Spesielt. All slags rariteter av folk, dyr, kva folk har gjort eller kan gjere....... ja, spesielt. Var og eit såkalla «black hole» me kunne gå inn i der. Me gjekk fort ut att! 🤪😂 Veit ikkje eg om det er pga det som gjekk rundt der eller om at det var pga at både eg og Stanley begge er litt reduserte i balansesystemene våre, men rundt gjekk det til gangs inni det 😳😟🤢😵😂
 Då me gjekk heimover til hotellet at var det begynt å regna og blåsa att. Eit par grader kaldare, og det hadde vore snø! Snodig ferie me har hatt, der fyste halvdelen var sommar og neste vinter 😝
Vel, i dag var det omsider blå himmel og sol ☀️ Fekk tatt ein tur både The Vessel og The High Line park med solbriller på 😎😄 Mykje bygging i dette området av leiligheter og hotell. Nytt kjøpesenter er det komme opp i denne området og, men det var kun sånne svindyre butikkar der inne. Det var gratis å bruka toaletta då - ikkje verst berre det 🤪
Lunsj/middag vart innteke på fast plass etter endt tur langs The High Line- Bubby’s. Denne ligg i Gansevort-området - og anbefalast 👍

Wifi’en på hoteller her er litt i ulage i dag, so det blir ikkje bilder med her denne gongen.
Dette blir siste oppdateringa her for denne turen óg tenke eg. Kan ikkje tru det er noko spennande å skriva om i løpet av heimreisa 😉 Takk for denne gong 🙏🏻💞 Neste post blir nok når me skal lufta rudleståvao for fyste gong i år - det gledes!!!


tirsdag 14. mai 2019

High line park og The Vessel

Me hadde planar om tur på The High line park i dag i tillegg til å springa i trappene på The Vessel. Men den gang ei. Det vart shoppingdag i staden for. Regn, vind og knappe 7-8 grader er ikkje noko kjekt turvær.

The High Line Park er ein av mine favoritter her i New York 🤗 Me har gått denne kvar gong me har vore her sidan 2010,  Anbefaler alle som skal på tur hit å ta ein tur langs denne flotte parken. Det nye her er The Vessel. Denne er heilt nyåpna og står i eine enden av The High line park i det nye «upcomming» området Hudson Yards men mykje nytt på gang av bygg og parkar mm.
Håpar værmeldinga slår til og gir oss sjangsen for ein megaflott siste dag i NYC før me reiser heim torsdag ettermiddag.

I går var me kun ute og fekk oss ein bedre middag. Her var det «mothersday» i går, så det var mykje folk på resturantene. Me feira 17 år som kjærestar 😄 💕💞💕

Her er nokre bilder frå turane me har hatt rundtomkring dei siste dagane.

Vår faste stasjon der dei fleste utfluktene våre gjekk frå... Såg aldri ei rotte her 😜

Nytt svimdyrt hotell midt i smørauga i den populære delen av Williamsburg. 


Brooklyn Brewery, der me fekk omvisning - og det var gratis  😜


Gjenbruk av telefonkiosk 👍😄




Høgt ned og mykje utsikt frå toppen av One World. 


lørdag 11. mai 2019

Three down, One to go 🤗

Rekk ikkje å oppdatere denna bloggen så ofte, så denne gongen blir det ein real lang oppdatering ser eg 😳😄 Det får bli som det blir 😉
Var på baseball kamp onsdag, eller slåball som eg vil kalla det -  dauball som Stanley’en kalle det 🤪 New York Yankees tapte so da sang etter - 1-10 - mot Mariners frå Seatle. Yankees tapte vist sist og, sjøl om dei vist nok skal vera gode. Plassane me hadde fått oss vart - virka det som i allefall - midt i blant superfansen som gav tydelig uttrykk for kva dei syntes om kampen 😂 Artig var det no lell 😄



Ein ting er sikkert, det er ingen fare for å bli solbrent her i NYC... Ein dag er det nede på rundt 50-55 farenheit, og neste dag er det rundt 65-70 🤪 Er vist ikkje heilt normal denne våren her på denne kanten heller i fylgje desse værfolka på tv’n her.
Me gjere det beste utav det og kler på oss det meste frå kofferten uten at det skal bli for rart 🤪😂









Nemnde sist kva nabolag me bur i, og at eg skulle skriva litt om det ved ein seinare anledning. Vel, når eg skulle lesa meg litt opp om kven desse er, og gjerne kvifor dei går kledd som dei gjer, og ser ut som dei gjer, ja, så vart eg litt satt ut. For dette er ei svært spesiell «sekt».  Fant fort ut at om eg skulle skrive alt her, så blir det for mykje, så eg legg ved ei link om det skulle være interesse for meir info
 https://universitas.no/sak/59964/storbysekten/.
Det er ein svært streng religion, der rabbineren har all makt. Og då meiner eg all makt. Dei skal helst gifte seg før dei er 18, og aldri seinare enn 21. Han bestemmer når og med kven dei skal gifte seg med, og når dei skal «lage barn»......... om dei treng å gå til lege, må han kontaktast fyst. TV og Internett er ikkje lov, og mobiltelefonar er kun til å ringe med. Veldig mange av dei går og prater i klapptelefonane sine når me treff dei etter vegen. Prøver me å få augekontakt, så ser dei vekk, aldri eit smil i retur. Kun ein gong var det ei dame som smilte, og då vart eg heilt forskrekka 😄 Ei lita jente eg har sett på vår veg til subwayen nokre dagar, smiler og vinkar til oss. Ho har nok ikkje heilt skjønt at desse rare folka utan parykk og med fargerike klede skal ho ikkje ta kontakt med.
På veg til subwayen går me og forbi eit enormt søppelberg langs fortauet. Det er ekstreme mengder dei produserer, og søpla ligg strødd etter at rottene har herja om natta. Matrester, drittbleier, sunde møbler, papp osv, osv... dette berget av søppel toppar seg på fredag og blir liggande til det blir henta nokre dagar etter. Fredag kveld og laurdag er som søndagen vår heima, bortsett frå at desse her verkeleg held denne stunda heilag. Dei rydder ikkje i søpla om den har blitt dratt utover.  Nope, dei stig berre rett over den. Vel,  det får bli nok om denne gjengen.  Blir reint trist over å sjå kor undertrykte dei er, og spesielt etter å ha lese om dei også.




I dag (fredag) var siste dagen med sånn ordentlig turisttryner. Dvs New York passa våre gjaldt berre til i dag. Det vart ein tur til Guggenheim museumet, samt topptur til Empire State Building. Me var rett så flinke i dag tidleg og plukka med oss paraplyene når me gjekk frå hotellet. Einaste gongen det regna skikkelig var når me var inne på Guggenhem 🤪😄 Rett heitt var det og i dag, litt over 70 farenheit. Men ingen sol å sjå likevel.
Hadde og tenkt oss på MET, men der var det så innihampen lang kø, at den droppa me. Å stå i over 1 time i kø er ikkje det eg vil bruke ferien min til 😎
























mandag 6. mai 2019

Til og med regndropane er svære i New York 💧💧💧

Ein einaste regndråpe og det er nok til at eg vart dassblaute i håret 😓  Heile sveisen som eg hadde fjonga meg te med, heilt bortkasta 😝 Jaja, her er så mykje forskjellig å sjå, at eg skil meg ikkje noko særleg ut skal eg sei dikka 🤪😂 Fekk til slutt kjøpt oss paraplyar, og so fort me hadde fått dei under armen var det slutt på regnværet i går, og sola skein frå blå himmel! Kunne no ikkje anna enn flira heller ☀️😄 Skulle heller kjøpt dei solbrillene eg såg i stadenfor tenke eg... dei var knallfine, og eg har jo ikkje så mange solbriller heller....... 😎😇

Hadde jo og gløymt at å gå Broadway street på ein laurdag er ein tolmodigheitsprøve utan like. Værst var det rundt 42st og oppøve.... Var like før eg sklei inn bland dei som gikk og kjefta uti lufti 🤪 hadde jo nesten samma sveisen óg 😂
Vart ikkje så lange turen som me hadde tenkt oss, og me var vel tilbake til hotellet før kl 19:00 tenke eg.

I dag har me ikkje vore på noko særleg vandring. Skikkelig møkkavær med regn og 10 grader. Men me klarte å meka oss ut ein liten tur i ettermiddag. Vart mest med subwayen då. Måtte handla inn litt  mat. Frokosten på hotella her i landet eg ikkje noko å skryta av. Sjølv om dei seier dei har «kontinental frokost»... «Svampebrød» som eg kallar det, og syltetøy.. Då er det greitt med kjøkenkrok  der me sjøl kan mekka oss den maten me sjølv vil ha. Så her er det både knekkebrød og grovbrød, gulost, kalkunpålegg, tomater, agurk, egg 🍅🥒🧀🥑🍳🍞

Det er ein butikk like i nærheita her, men der tørr me nesten ikkje inn. Nabolaget her er nemleg det største i landet av strengt ortodokse jødar, og det er «deira» butikk. Var ingen andre utanom desse jødane og oss to halvbleike nordmenn, der inne då me surra oss inn der første dagen, og samtlige såg litt forfærda over at me gjekk der. Var litt ubehagelig på ein måte. Skal skriva meir om dei ein annan dag. For det er litt fasinerandes å sjå desse på så «nært» hald som vi har gjort dei siste dagane.

I morgo begynna me på «turist-køyret» dlux forresten 😎 Me har kjøpt oss New York pass for 5 dagar. Dette gjeld på massevis av museum osv osv, med gode rabattar sjølvsagt 😉  So då blir det tjooghei med capsen på snei, og skikkelig turisttryner på tur 😄

Men fyst må me lada batteriene.... god natt 🌙

Blir ikkje bilder med i dagens innlegg. Tok kun bilder av maten i går ser eg, og det er jo ikkje nok matblogg dette her då 🤪

lørdag 4. mai 2019

God morgon frå New York 🤗

Siste del av køyreturen var mest transportetappe, dog med korte køyredagar og fine vegar, og mykje kjekt å sjå etter vegen.


Køyrde over ei ganske lang bru med eit par innlagte undersjøiske tunnellar - Chesapeek Bay Bridge Tunnel. 



Til og med småbyar har "Litle Italy" 😁


Må nemna ekstra den overnattinga me hadde i Ocean City. Magisk - er vel det beste eg kan sei om det. Det endte opp med Dunes Manor and Suites. For ein plass! Var billegare enn fleire av dei andre motell/hotell me har losjert ved på denne turen, men toppa alt av plassering, størrelse på rommet, reint, nydelig osv osv osv. Her juger ikkje bildene på nettsida deira 😍☀️😎




Været merka me begynte å bli noko kjøligare enn det me hadde hatt til no. Våkna til kun 58 farenheit i Jacksonville NC 😱 Litt forskjell frå dagen før då me hadde opp til 90. Vel, då var det å leite etter litt varmare klede i kofferten. Endte opp med ein liiiten shoppingrunde 🤪🛍🛍🛍💸💸
Det dukka opp eit outlet gitt - Tanger outlets, etter vegen vidare 😄 Fant meg ein ny favorittbutikk også Torrid. Sukk - synd dollaren er sopass høg, for der kunne eg fort ha fylt ny koffert! 😂

Grua oss litt til trafikken inn til Newark, og om me kom te å finna fram til Budget sin plass for innlevering av leigebilen.. Pft - det var dette med å grua seg unødig. Var lett som ein plett det også. 😜😄

No er me vel på plass i New York 💞 Været er ikkje noko å skryta av her heller, men eg tenker det at eg skal skal la væra å klaga når eg ser kva de heima har å slita med 😉😇
Har endelig fått tatt bilder i Central Park med desse flotte trea i blomstring - i siste liten.







Planen var ein noko lengre tur, men regnet jaga oss heim igjen. Kor vanskelig kan det være å finna paraply i denne svære byen!?!?!?!? På returen heim gjekk me innom ein av favorittplassane for eit stykke pizza - venta lenge på det 🤪 Skikkelig sprø bunn og kun tomatsaus, ost og olje på 😍
Vart tidleg kveld på hotellrommet, som er heilt topp. Valgte området Williamsburg i Brooklyn denne gongen.
I går var me på kino innimellom vandring i gatene. Såg ein film som heiter «Long shot» som var ganske morsom - lo fleire gonger 🤪😂😂😂  Romantisk komedie er vel kategorien, og er verdt å sjå om du vil ha ein lett film å sjå om/når den kjem på kino heima.

Ny dag i dag - ingen planer so far. Været er blæh - kaldt og regnbyger er meldinga. Men ut å gå må me 😄  På med joggesko, langbukse og jakke og ut på nye oppdagelser, og finne nokre av favorittane våre då 🤗