torsdag 26. august 2021

Okay - sjøl om eg sjekka og "planla" køyring frå Torghatten til Leka i dag, så er vist ikkje ferjene "synkroniserte" for å sei det slik. Samma søren kor fort me hadde køyrt, var det klin umulig å unngå. Må jo holda fartsgrensa nokolunde 🙃🥴😁

Har oppdaga ei ny greia på denne turen - skulpturlandskap. Ut i frå ordet og sammensetninga, ville eg tru det var landskapet og naturen som kanskje var litt skulptur-aktig. Litt sånn jettegryter, kannesteinen, osv. Det er det ikkje. Det er langt i frå det. Her er det mange forskjellige kunstnarar frå mange land som har laga ein eller annan installasjon. Nokre av dei er fine, andre meir snåle etter mi meining 😳  Hai-Ku-Badekar var det snålaste 😂 Google skulpturlandskap Nordland, så kan du ved sjølvsyn sjå dei forskjellige kunstverka.

I går kveld gjekk me opp til Trollhatten for å få med oss solnedgangen. Ganske spesielt og sabla flott utsikt 😍 Eg er veldig glad for at me er på tur på denne tida når det ikkje er så mange andre som har ferie. Det er oss, nokre norske pensjonistar, ein del tyskarar, og ein og annan svenske. Trur me har blitt litt einstøingar i denne pandemien sia me helst vil holda oss vekke frå folk 🙃 Det eine svenske paret vi traff oppe i sjølve holet, var forresten kjappe med å poengtere at dei hadde tatt begge vaksinene, og at dei var på retur heim etter å ha besøkt dattera som budde rett nord for Brønnøysund😄

Fisk har det blitt!!! Stanley var oppe med fuglane i dag for å teste fiskelykka. Vart ikkje noko då, men litt seinare på dagen nappa det på ein fin lyr. Får sjå om det blir noko i morgo 😉

No er me straks ferdige med Kystriksvegen/Helgelandskysten - Fv17, og den turen kan verkeleg anbefalast. Flott natur langs kysten og mange opplevelsar. Konklusjonen vår er nok at vi må oppover igjen for å få med oss det vi valgte vekk denne gongen, samt at me faktisk må reise tidlegare på sommaren. Mykje er avslutta for året no, så f.eks. rib-turen me hadde lyst på den gjekk fløyten 🥴

Snart natta her no - sol i kjakane og mykje frisk luft gjer at me slokne som to småungar om kvelden 😜 Trur eg har lest toppen to - 2 - sider av boka eg hadde med!!! 









onsdag 25. august 2021

Postkort frå Helgelandskysten

 Note to self: Sjekk ferjerutene! 

For 2. gang står me og ventar i "evigheter" til ferja skal gå. I dag er det gode 2 timar venting. Forrige dagen var det ca ein time 😳🥴😑

Me køyrde frå Saltstraumen mandag ettermiddag, siden det ikkje frista å stå i klynga å fiska, so fant me ut at me heller tusla vidare. Får heller fiska i Saltstraumen ein annan gong.  Ferjeturen frå Jektvik til Kilborghavn tok ein god time, og kunne sikkert vore knallfine hadde det ikkje vore for at alt var innhylla i tjukk skodda og regnvær 🌧️🌬️










Trøysta er at i dag skin sola frå blå himmel, og det er faktisk ikkje så veldig kaldt heller. Tedna får lufta seg i sandalane, og t-skjorte er nok for oss tøffe vikingar 😁 Nokon av oss snakka om å ta bomba uti og skremma småfisken også.. 

No står me på Tjøtta fergekai der me skal over til Forvik og vidare til  Torghatten. I dag skin sola, det er nesten flatt hav - og ny ferjetur på ca timen står for tur om litt.






lørdag 21. august 2021

Sommarferie 2021 - del 2

Sommarferien 2021 del 2 er no godt i gang. Det blir beine vegen te Saltstraumen, og deretter ha god tid luske langs Helgelandskysten ned att. Me har kun 14 dagar, men skal nok få med oss litt i allefall. 

Første stopp for overnatting i går kveld vart på Østerholtheia ved Kragerø kl 23:15. Då hadde me og hatt ein god times stopp hjå svigermor i Mandal.

Slokna begge før me knapt hadde nådd puta 😅

Rise & shine kl 06:00 - Stanley lys våken og klar for ny etappe! 😳🥴 Som den morgonfuggelen eg er 😇 så var jo ikkje det noko sak 😜 Vel, avreise kl 06:30, så eg synest eg var flink eg.






Og jammen har me fått unna nokre mil når me no sitte her på Namsskogan - 958 km, på 14,5 time er me godt fornøgde med 👏

Det inkluderer frukost pause, bilvaskepause, påfyll av drivstoff og middagspause. 

Kun frukosten var av eigenprodusert i bubilen.

Middagen vart innteken på ein aldeles steinkule plass midt i ingenmannsland etter Levanger. Skikkelig American Diner. "Så kom me oss te USA i år likevel", var vår tanke når me steig inn dørene der.




Sjøl om me har sete på røvi i heile dag, er me no dautrøtte. Det blir kun ein ørliten tur utanfor døra før me begge krype under dynene våre.


Natta herifrå, sjåast i morgo 😘