torsdag 24. juni 2021

Heim te ho mor ❤️

 Vart ikkje noko oppdatert postkort i går. Moderen hadde skjønt tegninga litt for tidleg då 😜

Det var ingen rundkøyring på Røros, så om du ikkje skulle te Sverige eller lengre nord, så var det å legge i veg på same vegen som me kom, og legge i veg sør vestleg retning. Reiseradioen på, te i koppen, sola skin - godfølelsen var på plass umiddelbart. I Alvdal vart det stopp for vask av bil som hadde mange liv på samvittighet - dvs i fronten. Medan Stanley vaska bil, sat eg å nøyt sola og talte tømmerbilar som suste forbi. Rett borti gata var Flåklypa og Flåklypa-museumet. Me droppa besøk der denne gong. Fant oss ein knallfin plass oppe på fjellet mellom Folldal og Hjerkinn der vi parkerte for dagen og natta. Det er så mange fine plassar for fricamping i fjellheimen, og det er mange som benytta seg av det. Sola varma godt og grilla vart vi! Jepp - hadde gløymt at solkremen heime og det fekk vi svi for 😜 Og det var mygg der! Dei surra rundt Stanley heile ettermiddag og kvelden, men den som endte med flest myggstikk var undertegna...🦟🦟🦟🦟🦟🦟🦟🦟

I dag gjekk turen vidare mot Luster - heim te ho mor 🥰 Planen var egentlig å ta ei overnatting oppe på Sognefjellet, men den plassen me hadde tenkt oss var ikkje brøytt 😬 Rett og slett full av snø var det, og der det var plass var det allereie opptatt. Då var det rett og slett berre å gire ned, og gje seg i kast med bakkane nedover.

Her blir me nokre dagar før me snur nasen heimover, med rudleståvao fullasta med godsaker frå Lustrabui 🥰










tirsdag 22. juni 2021

Lovely countryside 😍☀️🌳

Ny dag, nye eventyr. Avreise frå Elverum i skikkelig regnvær, men ein sommarferie skal vel og innehalde slike dagar. 

I dag tok me til høgre i første rundkjøring, og då havna me på Rv25. Flott veg,  noko skog, men mest åpne marker og jorder. Og sia me såg så mange jorder, så svingte me mot Rv26 og Jordet 😜😂 Neida, men sia me absolutt ikkje kunne tenka oss ein tur til Sverige, så måtte me rett og slett svinge av der. Då var det ikkje vanskeleg å velge dagens mål - Røros. Vel verdt eit besøk. Heile byen er jo bortimot eit museum med ein imponerande historie. Vil du vite meir om byen, får du googla 😜

Det som imponerer meg er fantasien til dei som har kome på alle desse fasinerande stadnamna 😄 Som for eksempel Jordet,  Revkjelda, Tufsingdalen, Jåvell.... og fleire til. Det var desse eg merka meg. Og namnet på siste vegstykkje inn til Røros; Havsjøvegen. 😳

Turens fyste suvenir vart innkjøpt  i dag, og er nok ikkje ein vanleg suvenir. Det vart ein Fatsia Japonica Variegata. Det var halv pris!!! 😇 Dei hadde Monstera Variegata der også - til 3.000,- 😬 Får klare meg med den heilt ordinære Monsteraen eg har tenker eg 🥰

Ja!! So traff me på julenissen!! Ikkje viste eg at han budde på Røros 😃🎅🏻 Ynskjelista er overlevert, og då er det berre å kryssa fingrane 🤞

So spørst det - var det ein rundkjøring her på Røros, og kva veg skal me ta i morgo?

Eg tok litt fleire bilete i dag. Eg skal ikkje legge til alle her 😁











mandag 21. juni 2021

Grønn tunnel

 Køyreturen frå Ørje til Skotterud på Fv 21 er som å køyra i ein grønn tunnel der du har ein åpning her og der med dagslys...  Ca 9 mil der du knapt ser skogen for berre kratt 🌲🌳🌲🌳🌲 Det såg ut til at dei har rikelig med ved i dette området, sånn i tilfelle det er nokon som er på jakt etter det 😁



På denne strekninga er det skilta med ekstra stor elgfare. Då kan du tenka deg håpet steig om å få sjå nokre av desse staselige skapningane. Ikkje så veldig nærme, men nærme nok til at eg ser at det er elg i allefall 🤩😁 Eg fekk eit glimt av ei elgku som sto oppe i ei av dei få åpningene og drøvtygde, og like etter møtte med ei rådyr-mor med kalven sin. Det var og nokre trane fuglar og som gjekk og «beita» på eit jorde. Trudde fyst det var struts 😜😂 Ellers var det smått med dyr å sjå etter vegen. Vel, det var jo nokre kyr og sauer her og der og, men det ser me nok av på Jæren så det var liksom ikkje den store wow følelsen. I tillegg kunne me lesa i lokalavisa Indre Akershus Blad, at dei har nok ulv her. Det var vist ein genetisk viktig ulv som hadde slått seg ned her no og fått kvelpar. Makan te frekk ulvemamma som berre tek eg til rette på detta viset....  såg ikkje noko te verken dei eller dei «fastbuande».

Frå Skotterud og vidare nordover køyrde me langs Rv2. Litt bedre veg, og definitivt meir øppna landskap med flotte store gardstun og svære åkrar med enten potet eller korn. Og svære stabler med tømmer og ved. Og eit trelastlager med rikelig med materialer! Den store nyheita i vår har jo vore mangel på materiale, og her låg det nok til eit heilt nytt byggefelt. 

Ferden i dag endte opp i Elverum på DropIn bobil og caravan. Heilt tipp topp plass med alle fasiliteter som det heiter. Denne plassen ligg nede mot Glomma som sigle forbi i fint driv.

Ups 😳 Gløymde nesten å sei noko om været... Vel, ikkje mykje å skriva heim om egentlig. Grått med regnbyger - heile dagen.

Krysse fingrane for sol og mykje kjekt å sjå i morgo. Kor ferden går då vil tiden vise. 

søndag 20. juni 2021

Norge Rundt med Rudleståvao









I år har me delt sommarferien i to - rett og slett. Det blir ikkje noko langtur ut i verden i år heller. Får kryssa fingrane for at so snart fleire blir vaksinerte så bedre dette Korona styret seg. 

Fyste del starta laurdag innimellom regnbygene som overøste Ålgård-byen so te dei grader. Hadde vel 15-20 minuttar med opphald på føremiddagen, der me sprang i skytteltrafikk for å få klea og maten i bilen utan att det vart dassblautt. Rakk det akkurat! 
Etter ein kaffirast hjå svigermor i Mandal, bar det vidare austover i strålandes flott sol. Beine vegen og god fart, solbriller på, god musikk og god stemning - og plutseleg var me i Sarpsborg! Holycrap - var nummeret før me havna i sweden og de 😬😱 Phui - har ikkje tenkt oss dit med det første!!
I Sarpsborg har dei ein relativt ny bobilparkering nede ved elva. So ny at den er åpna, men ikkje åpna heilt om ein kan sei det slik. Fritt fram å parkere og koble til straum, men ingen plass å betale. Heilt OK det. 

I dag køyrde me fyst til Halden der me vandra rundt på Fredriksten festning i eit par timar. Dei gjorde ein god jobb dei so bygde dette. Deretter bar det oppover fv21 langs Haldenvassdraget og til Ørje. Her har me fått kikka på slusene og dampbåtane som i si tid har gått her. I tillegg fått helsa på ein helsikes mengde knott! 😖  Blir ikkje nokon kveldstur i kveld i allefall 😬

God natt frå Ørje - Batman begins 😁




søndag 13. juni 2021

Det klør i reiselysta - langfri og rudleståvetur nr 3/2021

 Kjekt med inneklemte dagar i mai, og her baud det seg jaddi ei inneklemt veke 😝😂 

Når det krible i reiselysta er det jo ikkje anna å gjere enn å legge i veg tenker eg.  JA, må jo sørge for å få fri på jobb og det var heldigvis ikkje noko problem.

18. mai la me i veg mot Bergen. Planen denne gongen var å besøke Ole og Iren i den nye leiligheita dei hadde kjøpt seg tidlegare i år.  Fyste stopp vart Haraldshaugen camping. Der fekk me oss ein liten lærepenge - ta den ytterste plassen mot utsikta med ein gong om den er ledig, og finn heller fram ekstra skøyteledning!!!  Geipen hang fort på oss begge to når det utpå kvelden dukka opp eit par som rygga seg inn og sperra for den fine utsikta vi hadde. 😒  Ein rusletur i nærområdet letta litt på humøret.




Neste dag bar det vidare - men ikkje lenger enn til Osøyra bobilhavn. Kunne me vere like heldige denne gongen også? Joda - runda svingen med utsikta mot parkeringa så lyste det fleire ledige plassar mot oss 😎👍  Då var det berre å parkere rudleståva på den heilt ytterste plassen! Her var me liggande i to netter. Fina været og ikkje noko som hasta. Rusletur i Osøyro sentrum i løpet av dagen, litt mys i butikkvindauge, og sein lunsj på Capri restaurant.  Fredagen tusla me vidare mot Bergen. Denne gongen fekk me ikkje brukt vår "faste" plass ved Bergenshallen. Denne bobilparkeringa vart stengt hausten 2020, og det er uvist om den blir åpna igjen. Bergen har fått mykje kritikk for sitt dårlige tilbod til bubilistar. Med rette meinar eg.  Men - nokon har klart å få til ein provisorisk bobilcamp ute på Laksevåg langs Sjøkrigsskoleveien. Den ligg kun 5 min frå busstopp, og buss tar ca 20 minutt inn til sentrum. Heilt greitt.  I ettertid har det og blitt åpna ein bobilparkering oppe på Slettebakken. Begge desse er svært enkle med kun parkering utan noko form for fasiliteter eller strøm. Men kva gjer vel det, vi har jo det vi treng i bilen, og kjøleskap og komfyren går på gass.







Ei nydeleg helg i Bergen med strålande flott vær, knallkjekt besøk i nye leiligheten til Iren og Ole, og so er det berre å vende nasen heim att.  Må jobba litt òg innimellom 😄

Neste tur er det sommarferie og meir enn ei langhelg på tur.  Gleder oss verkeleg til det!

Langfri og rudleståvetur nr 2/2021

 Lange dagar på jobb gjennom vinteren gir ekstra timar på konto. Og når du får beskjed om det kun er eit vist antall timar du får ha på "konto" pr 30. april, byr det seg ein sjangs til nokre langhelgar.  Faktisk vart det langhelg kvar helg i april 😊

Neste moglegheit for tur vart 15. april.  Då bar det strake vegen til Sirevåg etter jobb.  Flott plass fant me oss på kaikanten på Sirevåg bobilparkering, før me stega utover i raskt tempo mot havet for å sjå sola tippe i sjøen. 



Fredagen opprant med strålande flott vær for rusletur i Sirevåg sentrum og omegn 😄 På ettermiddagen fekk me kjekt kollegabesøk for ein kaffidrøs. Tenk å vere so heldige å bu på denne flotte plassen. 

Neste dag valgte me å køyre vidare til nye havner..  Seinkvelden og natta før bar med seg "sang" og gitarklimpring av den heller labre sorten.  Du blir litt lei etterkvart når det er tre sangar som går att i fleire timar, og stemma til dei som syng med ber preg av noko "godt i glaset" som dei kallar det.

Me havna i Madland Havn som ligg litt lengre nord på Jæren. Ja - etter ein svipp innom på Hølland Gård gartneri. Det er vår, og nokre nødvendige ærender på gartneri er på sin plass når det byr seg ein sjangs for det 😇😄   Madland Havn er ein finfin plass for fricamp som definitivt blir benytta fleire gonger.







Årets fyste rudleståvetur 2021 - påsketur

Okay - so vert rudleståveåret 2021 i Norge år òg. Koronaen vil det slik, og me får respektere det.  Før eller seinare blir det bra igjen og me kan ut i den store verden att.

Årets fyste tur vart i påsken der me pakka med oss nok med mat slik at me ikkje trengde å menga oss med folk på butikkar på vegen. Ferden gjekk mot Lillesand og forhåpentlegvis bobilhavna der. Sjølvsagt fullt. Det er påske, fina været og mange som er ute og lufte bubilane sine. Me hadde høyrt om ein fin plass for fricamping like ved - Svennevig bru, og der var det plass. Såpassa flott vær hadde me at frukosten vart innteken ute dei dagane me var der :)


Etter eit par dagar vende me nasen i retur vestover i rolig tempo. Valgte denne gongen å køyre via gamle vegen mot Kvinesdal der me overnatta ved Gluggevatn. 


2020 på reisefot med rudleståva

Før me begynne å rapportera frå rudleståveåret 2021, må me jo få knota ned korleis med hadde det i ferieåret 2020!!  😏 Så her er det berre å stålsetja seg for dette blir laaaaangt 😜

Ferieåret 2020 vart langt i frå det vi hadde tenkt oss. Det heile begynte i midten av mars når me verkeleg var i gang med å glede oss til langtur med rudleståva nedover Europa.

Helgar og kveldar sidan vinteren 2019/2020 hadde me surfa rundt på nettet og ivrige følgt med på kor går turen til Tour de France 2020. I desember 2019 vart ruta satt, og vi begynte for alvor å tenka på kor vi ville vere med. Sjølvsagt skulle det vere nokre fjelletappar, og dei måtte ikkje vere for langt i frå kvarandre.  I tillegg hadde me lyst å ta turen rundt Gardasjøen bl.a. Vel - i mars/april aksepterte me at me berre kunne droppe drømmeferien dette året. Og slik gikk det.

Rudleståva fekk seg heller nokre småturar i det som kallast sør-norge. Ikkje ein liten omveg via Nordbysenteret vart lagt inn ein gong.

Fyste lufteturen med Rudleståva vart 8.-11. mai, der me køyrde til Lista og Farsund fyst. Sol og fina veret sjølvsagt  og tur på stranda. Litt kaldt for bading 😄 



 

Her overnatta me på bobilparkeringa på Borshavn. Dagen etter var det snartur innom Mandal til ein kaffirast hjå Marius og Marit,  før me la turen oppover dalen i fint driv til Sveindal, der vi svingde til venstre mot Eiken. Neste overnatting vart på ein rasteplass der me hadde hatt ein kaffirast tidlegare samen med mamms & papps. Sandvand heite det der, og ligg i naturskjønne område ved eit lite vatn. Vart ikkje fiska noko der heller av ein eller annan grunn. 

 



Søndag tussla me vidare oppover mot Sinnes før vi svingde av og nedatt mot Byrkjedalstunet.  Der møtte med surt og kaldt vær, vind og sludd i regnbygene.  Det vil sei - det var mest snø heilt øvst. Og me rudla rundt på sommarsdekk!!  Trur likevel med hadde det ein del bedre enn han stakkaren me tok att oppi der på sykkel. I motvind. Snø/sludd. Oppoverbakke....  Skjønna ikkje folk vil seg sjølv so ilt. 

 


 Når me var vel framme på Byrkjedalstunet måtte me jo sjølvsagt ha ein stopp der for å "snopa" litt.  God brødbakst og anna god gjærbakst har dei for salg der i tillegg til kubbalys, drops, steinar osv osv, så det vart eit par brød og litt anna småtteri med i korga.  I det me har gjort opp for oss i kassa og på veg ut møter me på denne forfrossne sykklisten. Det såg rett og slett ut som han hadde frose fast i same stillinga han sat på sykkelen der han kom busande inn. Lurte på om han fekk låna toalettet for å få byta til varme klede... Han fekk sjølvsagt det. Og me gjekk fnisande ut att til bilen. Han såg nok løgen ut der han gjekk. Ute sto fruen ved sin svære SUV av ein eller anna kostbar sort - i lårkort og lempa sykkelen bakpå.   Så vart det fram med rosinbollane og setta bilen i gir mot neste stopp. Spinneriet i Oltedalen. Du køyre ikkje forbi der uten å stoppa!!  Vart vel eit garnnøsta eller 10 med vidare heim att om eg ikkje hugse heilt feil 😇😂

 

Neste tur vart til Luster for ei lita langhelg i hagen i Bringebakkane 60.  Avreise 20. mai etter jobb - og etter at bobilfrua hadde pønta seg på håret hjå frisøren. Kunne ikkje avbestilla avtalt frisørtime kan skjønna. Skal mykje til før DET blir gjort!

Du verden so mykje vegarbeid og omdirigeringar oppover. Me fekk sett litt andre plassar enn der me pleier i allafall. Når me kom til Voss rett før midnatt fant me ut at det var tid for å ta natta. Overnattinga her vart på rasteplassen ved Museet Gamle Vossebanen i lag med eit par andre bubilar, eit par trailere og ein personbil der vedk hadde flata ut i førarsetet. Kan ikkje ha vore noko særleg god søvn den karen fekk den natta. Me sjølv sovna vel begge før hovudet havna på puta ;)   Morgonen starta tidleg - kl. 07.00 var me på veg igjen. Ikkje vits i å sova vekk turen kan skjønna, når da site folk å venta med vaffelpressa i gang :)  Var på plass i Bringebakkane ca 12.30. 

Her var heile gjengen samla for dugnad i hagen hjå vaffelpressesjefen 💓 Ho prøvde seg fleire gonger med å luska litt i skråninga, men vart fort venleg jaga ned att på flata. Får vere måtepå kor ein skal utfordra føtna sine etter ein noko spesiell vinter/vår.


Etter nokre flotte dagar i lag både i hagen, til bords med god mat og litt spel, var det på tide å vende nasen heimover igjen til nye arbeidsdagar som venta. Fyst må dassen tømmast på Hafslo ;)

Denne gongen valgte me en heil ny veg heim att. Rett og slett om Førde og nedatt E39!  Det var absolutt ikkje noko dumt valg når me har med oss rudleståva og har tenkt å overnatta på vegen. I tital kjøyretid var det vel ikkje meir enn eit kvarter meir enn via Lærdalstunnellen/Voss/Bergen.  Me endte opp på ein rasteplass like ovanfor Vadheim, i regnvær. Her var det best å parkera rett slik at ikkje regnvatnet dryppa bak på bilen for det bråkar.  Det me då gløymde var lyden av elva rett ved.  Den såg ikkje ut som det skulle by på noko "problem", men når du har lagt deg og det er stille som i graven, så er det ikkje så stille...  Og du veit det der med at du høyre sildrande vatn.... du trur du har gjort deg ferdig, men jaddi må du opp ein gong til å skvetta - rett før du sovne att... 



Det endte med at me i halv fire tida kledde på oss det mest nødvendige og deretter køyrde vidare eit stykkje til mot Lavik ferjekai.  Fant oss ein ny rasteplass og kraup fort under dyna att.
Litt seint oppe søndagen, og det vart ikkje ferja før i 9-tiden. I Bergen vart det kaffirast hjå Iren og Ole, og ein middag på Egon før me satte kursen heim att. 

 

So var endelig tid for sjølve sommarferien  ⛱⛴🌞 Den starta laurdag 4. juli der me køyrde til Kristiansand og deretter opp rv9 til me stoppa på Storstraumen rasteplass. Første ferieveka skulle starta i Dalen og tur på Telemarkskanalen. Storstraumen rasteplass er ein skikkelig flott rasteplass som ligg ved ei sluse midt i mellom Byglandsfjord og Åraksfjorden langs rv9. Der er det og ei gammal steinbru frå 1909 - steinhvelvbru heter det vist. Jada - eg har ei greia for gamle steinbruer - og snutebilar! Men - det var denne rasteplassen. Grunne tila t det er sluse her er at det i "gamledagar" var høgdeforskjell på desse to fjordane på heile 5 meter... Og i gamledagar var det jo mykje båt som vart brukt for å komma seg fram langs denne fjorden, og då måtte det til ei sluse slik at båten kom seg vidare på ein måte.. So gjekk det som det pleier her til lands, folk vil ha straum og det endre opp med demning sør i Byglandsfjord ved Evje. Og med demninga så auka dei Byglandsfjord 5 meter.   Det var litt historie for dei som likar slikt :)

Neste dag bar det vidare strake vegen til Dalen Bryggje og Bobilparkering. Her skulle me stå eit par dagar, og då er det greitt å få ein grei plass å parkere med straum.  Til liks med fleire som er ute og rulle, så er det lurt om du vil ha plass å komma i dei tide at andre rudleståvefolk reiser vidare på sin tur. 

Me hadde ein knallfine tur med Henrik Ibsen langs Telemarkskanalen frå Dalen til Ulefoss.  Dog - turen frå Dalen langs Bandaksvatnet og Kviteseidvatnet var noko kjedeleg. Jaggu godt me hadde fint ver! Og me traff kjentsfolk - rett og slett familie - Ørjan (søskenbarn av meg) med Sigrid og ungane deira!  Vel - traff og traff - gjengen sto klar til å krysse ei av slusene med sykklane sine medan me sto i båten :D  Me fekk kontakt og vinka og hoia sopass at folk trudde sikkert me var litt løgne :P





 

Dagen etter var det opp med fuglane sidan me skulle opp Eidsborgvegen mot Høydalsmo og vidare til Kragerø og vere heldige med plass der. I fylgje ein av dei andre som sto parkert ved sida av oss, var det fælt bratt og smalt der så me måtte køyra forsiktig. Vel - for dei av oss som har køyrt Sognefjellet, Tindevegen eller Suleskar; opp denne vegen var det nummeret før vegen var brei nok til gulstripa!  Ikkje var det særleg bratt heller. 

Det tok litt tid før me fekk oss plass i Kragerø, men den som har tolmod og god bok med seg, sløser ikkje vekk tida.  Plutseleg var det ein av dei som sto nederst mot sjøen som pakka samen og køyrde, men var då raskt på pletten og parkerte doningen vår.  Og deretter bar det inn mot sentrum for mys i butikkvindauge og gjerne ein god middag.

9. juli bar det ut med ferja til Jomfruland for ein finfin dag i sola på sykkel 🌞🚴🚴  Me var ikkje åleine her heller. Det var som ein sauaflokk som endeleg skulle komma ut når me skulle ombord i ferja... Hadde dette vore eit heilt anna år hadde me ikkje tenkt noko øve det, men denne korona låg som ei sky over oss. "Hald avstand og ikkje host og nys på andre" var slagordet sommaren 2020. Hosta eller nyst har me vel aldri gjort rett på andre så det skulle no vere enkelt å overholde, men avstanden - då er me jo litt avhengig av at andre bruke hovudet sitt litt òg.   Flott ferjetur ut var det - flatt hav og sol frå blå himmel. Det lova godt for dagen :D  







Ny dag og nye turmål, og denne dagen bar det til Lillesand - eller rettare sagt Høvåg for ein kaffirast hjå vår gode venninne Jorunn. Kaffirasten varte til dagen etter, då det var mykje som skulle pratast om og oppdaterast både den eine og andre vegen 😄🍹  Er jo ikkje noko sak når du har senga di med deg.

So var fyste veka av sommarferien slutt og det bar heim for klesvask og litt hagepleie i nokre få dagar.

14. juli bar det vidare på neste ferieetappe. Fyste dag bar det straka vegen til Luster. Hadde ein stopp på Dalekvam der middag vart innteke - ein heilt fantastisk hærlig betasuppe!  Skulle du forbi denne vegen så anbefales det ein stopp der. Hehe - og skulle du sjå - rett framføre oss hadde gjengen me traff i Telemarkskanalen akuratt parkert hjå Alice og Finn! 😄 Som vanleg vart det vaffeltreff i hagen hjå mamms der vaffeljernet verkeleg fekk køyrt seg.  Grådig kjekt når så mange samlast. Praten gjekk godt og høgt. Sikker på at dei andre rundt oss var skikkelig misunnelege 😄💖  Etter nokre dagar med ein tur hit, og ein tur dit, nokre rundar mexican train, og innkjøp av nok brød for ein månad på Lustrabui - vende me nasen heimover igjen den 18. juli. Denne gongen over Sognefjellet og Valdresflya. Overnatta på ein fricamp på Valdresflya ein plass ikkje langt i frå Beitostølen.












Ein liten svipp opp på ein liten topp vart det før frukost neste dag. Sol og glimt av blå himmel gjer noko med energien.  Etter frukost bar vegen austover mot Jessheim der overnattinga vart på parkeringsplassen til Bohus Jessheim! 😎  Det ER lov, og når det ikkje var råd å finne noko anna, så vart det slik.  Veldig praktisk når eg skulle inn på bui der å handla nytt tak til paviljongen òg.  Etter handelen vart det overraskelsesbesøk til tante Kari 💖 Dvs eg sendte ein melding te ho fyst og spurte om ho var heime og om ho hadde kaffi på kanna 😃  Hadde ein knallkjekke dag samen med Kari og gjengen der me og fekk servert veldig god grillmat, før me i kveldinga hoppa ombord i rudleståva og trilla vidare på vår ferd heimover.  Me kom fram til Østerholtheia i 1-tida på natta, og då var det like greitt å parkere for natta. 

Denne gongen var me heime kun ei natt før me la vi veg på neste etappe av sommarferien der me køyrde mot Bergen. Fyste stopp vart Os bobilhavn, og me var ganske spente på om det var ledig der eller ei.  Bobilparkeringar i havna er særdeles populære og du skal vere heldig om du finn plass. Dette var fyste gongen med køyrde nedom Osøyri, so me var ganske spente siden me var nokså seint ute. I det me køyre rundt svingen der me ser ned til bobilhavna - sånn ca i 20.45 tida - så ser me at der var det jaddi ledig plass!  Vel - eg hugse ikkje om det vart ein lottokupong den helga eller ei. Flaks hadde me der i allefall 😍

Neste dag bar det til Bergen og Bergen bobilparkering ved Bergenshallen. Vart mykje Bergen i den setninga der ser eg..... 😛  Og jaddi fant me oss ein plass der og gitt!  Det vil sei me måtte vente litt då det var fleire som var på farten til å reise.  Kven køyrde fyst, og fekk me plass i nærheita av strømuttak??  Joda - flaks igjen!  So vart det litt frukost før me rusla mot byen.  Dvs med tok sjølvsagt bybana ned. Hoppa på nokre bysyklar - møtte Iren og gjekk ein tur i Musêhagen, og på kvelden var med på Jamie's Italian med Ole og Iren. Dagen derpå gjekk me opp til bana som går opp til Ulrikken - vart litt snurt fordi den var stengt for utbetring - fant nye bysyklar,  og suste nedatt frå Haukeland til by'n. Det vart ein liten myserunde i byen før med tusla oss opp at til rudleståva.  På ettermiddagen fant me ut at me rett og slett køyre ut til Herdla Fort på Askøy for å sjå på solnedgangen.  Fekk oss nokre nye "venner" der ute også.








Eit besøk på Eides gartneri som ligg der ute på Askøy måtte til før me la i veg heim att med nyinnkjøpte planter - kan aldri få nok av det 🌸🌻🍀🌼

Etter eit par dagar heime for nødvendigheiter, var det ut på fjerde og siste ferieveke den 28. juli.  Denne gongen var Risør målet -  sørlandsby, hav og sol og blå himmel høyre jo godt i hop 🌞  Rolige dagar med vandring litt hit og dit, og på den aller finaste dagen tok me oss ein båttur ut til Stangholmen fyr og rett og slett nøyt sola, freden og roen på ein svaberg. DET var mat for sjela det. Ja,det vart mat for kroppen og der ute, frå restauranten som ligg der. Me hadde eigentleg tenkt å å ete sjømat på restauranten som me hadde både høyrt og lese mykje skryt av, men det fant me tidleg ut at me droppa. Me troppa opp litt tidleg til denne båten som går ut til øya.  La etterkvart merke til at den var fullasta med kartongar med mat som skulle ut til restauranten! I den solsteika så var det vel ikkje sikkert sjømaten hadde topp kvalitet seinare på dagen, så på den sikre sida vart sjømaten me hadde sikta oss inn på droppa og me valgte ein pizza.  













 4 veker sommarferie er aboslutt å anbefale, for når du kjem tilbake på jobb mandagen etter har du garantert gløymt passord for å logge deg på igjen 😂


Neste rudleståvetur vart ei helg i midten av september i strålande flott haustvær. Denne gongen bar det opp til Haukelifjellet rett frå arbeid fredag ettermiddag. Fant oss ein finfin plass ved Godtholsttjønn i kveldinga. Det tok litt lengre tid å køyre opp enn me tenkte pga at det sjølvsagt var vegarbeid.  Laurdagen kom med flott haustvær og sol, og me fekk oss ein fin tur innover fjellet, mykje flott å sjå, der me og fant ein liten neve blåbær å gomle på. Fjellet om hausten er berre heilt magisk flott. Det vart tidleg opp neste morgon for å få med oss soloppganga i morgondisen og gjerne eit og anna god bilete å knipse på veg nedover att. Turen gjekk då via Hovden, Evje, Tonstad og heim.













Snipp, snapp, snute - der var rudleståvetur året 2020 over. Det vart ikkje fleire helgar med godvær å reise i, så bilen vart stelt godt med og tømt, før den vart parkert i garasjen sin for vinteren ikkje lenge etter.


Nytt år og nye turar i 2021.