I dag tok me til høgre i første rundkjøring, og då havna me på Rv25. Flott veg, noko skog, men mest åpne marker og jorder. Og sia me såg så mange jorder, så svingte me mot Rv26 og Jordet 😜😂 Neida, men sia me absolutt ikkje kunne tenka oss ein tur til Sverige, så måtte me rett og slett svinge av der. Då var det ikkje vanskeleg å velge dagens mål - Røros. Vel verdt eit besøk. Heile byen er jo bortimot eit museum med ein imponerande historie. Vil du vite meir om byen, får du googla 😜
Det som imponerer meg er fantasien til dei som har kome på alle desse fasinerande stadnamna 😄 Som for eksempel Jordet, Revkjelda, Tufsingdalen, Jåvell.... og fleire til. Det var desse eg merka meg. Og namnet på siste vegstykkje inn til Røros; Havsjøvegen. 😳
Turens fyste suvenir vart innkjøpt i dag, og er nok ikkje ein vanleg suvenir. Det vart ein Fatsia Japonica Variegata. Det var halv pris!!! 😇 Dei hadde Monstera Variegata der også - til 3.000,- 😬 Får klare meg med den heilt ordinære Monsteraen eg har tenker eg 🥰
Ja!! So traff me på julenissen!! Ikkje viste eg at han budde på Røros 😃🎅🏻 Ynskjelista er overlevert, og då er det berre å kryssa fingrane 🤞
So spørst det - var det ein rundkjøring her på Røros, og kva veg skal me ta i morgo?
Eg tok litt fleire bilete i dag. Eg skal ikkje legge til alle her 😁
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar