Lange dagar på jobb gjennom vinteren gir ekstra timar på konto. Og når du får beskjed om det kun er eit vist antall timar du får ha på "konto" pr 30. april, byr det seg ein sjangs til nokre langhelgar. Faktisk vart det langhelg kvar helg i april 😊
Neste moglegheit for tur vart 15. april. Då bar det strake vegen til Sirevåg etter jobb. Flott plass fant me oss på kaikanten på Sirevåg bobilparkering, før me stega utover i raskt tempo mot havet for å sjå sola tippe i sjøen.
Fredagen opprant med strålande flott vær for rusletur i Sirevåg sentrum og omegn 😄 På ettermiddagen fekk me kjekt kollegabesøk for ein kaffidrøs. Tenk å vere so heldige å bu på denne flotte plassen.
Neste dag valgte me å køyre vidare til nye havner.. Seinkvelden og natta før bar med seg "sang" og gitarklimpring av den heller labre sorten. Du blir litt lei etterkvart når det er tre sangar som går att i fleire timar, og stemma til dei som syng med ber preg av noko "godt i glaset" som dei kallar det.
Me havna i Madland Havn som ligg litt lengre nord på Jæren. Ja - etter ein svipp innom på Hølland Gård gartneri. Det er vår, og nokre nødvendige ærender på gartneri er på sin plass når det byr seg ein sjangs for det 😇😄 Madland Havn er ein finfin plass for fricamp som definitivt blir benytta fleire gonger.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar