lørdag 27. juni 2015

Dag 6 og 7... ...

I går skulle Molde-gjengen reise heim att. Sidan dei måtte ut av leiligheita på føremiddagen, kom dei bort til oss i Brooklyn og satte koffertane sine her til dei skulle reise i kveldinga.
Me hadde ein roleg og avslappa dag her i Brooklyn, der me gjekk litt rundt i gatene her i Park Slope som området heiter. Endte opp i Prospekt Park der me sat under eit tre og nøyt freden og roen i ein god time.  Gjorde godt for både den eine og den andre trur eg ;)
Eg og Stanley fulgte gjengen ut til JFK når dei skulle reisa - so fekk me kvelden te å gå liksom.. Siste kveldane har me vore heilt pudding og lagt oss vel tidleg, som då gjer at me våknar desto tidlegare :p
Returen frå JFK vart jo ein artig greia.. Klarte å bomma 2 gonger på retninga til flytoget som går frå flyplassen til nærmaste subwaystasjon.. Endte opp ute i "gokk", og plutselig var det stopp på flytoget av uviss grunn.. Sto og venta i det som virka ei evighet på buss som skulle få oss halvvegs te subwayen... Når bussen omsider kom, kunne ikkje sjåføren berre køyra direkte - var vist i følge ein av dei andre passasjerane kun 2-3 min "til høgre", men i stadenfor køyrde han til venstre og det endre med ein 20 min busstur hengande i stroppen - stappa full buss! Deretter var det full jogg til neste buss som skulle få oss - og ørten andre - siste biten til subway-stasjonen...
Vel - me brukte laaaaaaaang tid på å komma oss heim att, nesten 3 timar, i motsetning til litt under 1 1 time om me hadde vore litt våkne:)))
Idag - fredag - har me hatt ein tur ut til Frihetsgudinnen og Ellis Island. Vart ikkje so mykje meir. Formen min var heilt i kjellaren.. :(. Men etter eit par pillerter og noko ekstra søvn, so kjennest det bedre ut. Har absolutt ikkje tid te å vera sjuke no!!

Her er nokre bilder frå dei to siste dagane;








torsdag 25. juni 2015

Dag 5...

Det gjorde godt med det tordenværet me hadde her i går. Tempen og lufta var mykje bedre i dag. Tidlig opp som vanleg i dag og - kan ha noko med at me slokne himla tidleg..
I dag tok me turen på The High Line Park. Finare park skal du leita lenge etter 😊  Starta øverst denne gongen på 33 St. ogenda opp nede på 12 St. Vel framme der var det tid for litt lunsj. So veldig svoltne var me ikkje, men litt mat måtte me ha. Valget var ein nachos-tallerken frå "forrett-menyen". Bevares.... Ja - du ser nedanfor på bildene. Eg klart berre å få i meg halvparten av det som var på tallerkenen.
Deretter bar det strake vegen ned til helikopter plassen!! Me skulle ut å fly !! :):):):):):). Reserverte plass i går, so når me kom fram var det rett forbi alle som sto der og hang :). Heldige Susanna fekk sitte framme med piloten! Tenke jenta lever lenge på den :):)  Hvis du skal til NYC ein gang, så må du få med deg ein tur i helikopter!!
Etter endt tur og ein god matpause på Flavors, so bar det kvar vår veg igjen. Eg og Stanley gjekk over Brooklyn Bridge i solsteiken.. Har fått dosen med sol i dag både ser eg og kjenner eg. Blir nok tidleg kveld i dag og .. .. ..








eg 😊
Blir nok tidleg kveld i kveld og kjenne me.. Mykje frisk luft og mykje gåing.. Men guuuuuu så kjekt :D


onsdag 24. juni 2015

Dag 3 og 4...

Mandag hadde me strand-dag på Coney Island, og for ein dag! Nydelig vær med sol frå blå himmel. Solkrem faktor 30 var eit must :)  Litt bading vart det og sjølvsagt ;) Tempen i sjøen kan eg tenka meg var på 20-talet ein plass - heilt topp etter mitt syn.

Tysdag hadde me oss ein runde inn på Manhattan. Fekk kjøpt meg nye "fitflops", og leita litt etter Carlos bakery - fant det ikkje.. Ein liten svipptur inn i Central Park, tok oss ein "time out" og la oss ned i graset og kikka på skyene som fauk forbi.  Godt å få kvila føtna litt :)
Var forresten grådig heitt i går - 33 grader i skyggen!! Og rimelig høg luftfuktigheit.. Det endte opp i eit forykandes tordenvær. Det var jo varsla, so når kl nærma 18, so satte me nasen heimover for å komme heim før det begynte. DET gjorde vi ikkje.. Himmelen hadde åpna seg når me kom av subwayen og skulle te å gå siste stykke heim. Paraply er for pyser.. Hehe

Kl er no 07:15 onsdag morgon - klar for frukost og so litt meir action i dag. Meir om det seinare :)

mandag 22. juni 2015

Dag 2...

Opp og hopp!!! Heldigvis ikkje so himla tidleg som i går.. Jaja, for min del i allefall 😜

I dag starta vi med ein tur opp til Williamsburg og Brooklyn Flea Market.  Vart ikkje kjøpt so mykje der... anna enn ei kokosnøtt på deling - smakte ikkje noko særleg, og ein  pommesfrites på deling - den smakte derimot veldig godt. Sola skein so ho va galen, og heitt var det. So mesteparten av kokosnøtta drakk me opp lell.
Når vi hadde sprada rundt ei stund, fant vi ut at litt skygge hadde gjort seg.. På andre sida av gata for der markedet var, var det ein pub/kafé med bord ute i skyggen. Grei plass å vente på gjengen frå Molde 👍😊 Kvar sitt glass med lokalt øl gjorde godt i varmen.
Etter ei lita stund kom resten av gjengen og me sprada rundt litt til inne på markedet, før me vandra vidare til subwayen og tok den ned til Staten Island Ferry.  Neste på programmet var ein "rundtur" med denne. Gratis båttur med finfin utsikt til Manhattan 👍
Mykje kjekt å sjå var det i dag, noko av det ser du bilder av nedanfor.
I morgo blir det tur til Coney Island og strand-dag. Er varsla sol frå blå himmel og steike heitt! Kan vera godt å vera ved sjøen då ja.








søndag 21. juni 2015

Dag 1...

Som tidlegare skrive i dag, var me oppe lenge før fuglane feis.. Det fekk me merka når det lei på dag og me hadde tråkka rundt ei stund!
Har ikkje gjort so mykje i dag eigentleg.. Var på Grand sentral stasjon og hadde lunsj på Juniors i lag med Molde-gjengen. Knallgoe cesarsalat med grilla kylling. Litt nedtur at maten kom på papptallerken og bestikket var av plast! Det passa ikkje heilt med prisane dei hadde på ein måte...

Gjekk deretter Lexington  avenue frå 42. Street til 59.. Var marked der med maaaange boder heile vegen. Mykje artige, og mykje snålt.. Og ikkje minst mange rare folk :) Tok ein svipptur med dinglebana over til Rosevelt island for gøy - nokon av oss syntes det var litt skummelt :)

På returen te leiligheta var vi på nytt innom Grand sentral station og besøkte eple-butikken ;) :) :)

Her er nokre bilder frå i dag :). No er det natta for vår del...






lørdag 20. juni 2015

God morgen Norge ☺️

Var tidlig våken i dag! Kvart på 4, og begge var lys våkne!  vel, vel - det går seg te. Var oppe i 7-tida i går, rimeleg reiseklar. Flyet skulle ikkje gå før 14:15. Vel framme i leiligheter etter lang dag ca 21:00 NYC-tid - dvs 03:00 norsk tid. 
Me får mykje ut av dagen i dag tenkje eg :)
 På turen frå Amsterdam til NYC hadde me oppgradert til sokalla economy comfort.... vel, vel...... 
Rad 9 - fyste rad etter innganga og god beinplass kan du sei :)  Sikkerhetskontrollen gjekk jo so ei kula! 10 min frå me gjekk ut av flyet te me sto ved bagasjebåndet! 
 
Lyt få i oss noko frukost no, so kan me inn te by'n og treffa Siri og jentene :) 


torsdag 18. juni 2015

Klar for avreise!!

Endelig, siste arbeidsdag er unnagjort før ferien er i gang. Kl 14:15 i morgo lette flyet frå Sola 👍 
Kofferten er nesten ferdigpakka, pass, penger og "p"illet er på plass.. Gosj - har reisefeber 😲😄

fredag 5. juni 2015

Svindyr leigebil i boks..

Fyttigrisen det er dyrt å leige bil i New York! Hadde me leigd samme bilen i f.eks. Florida som me no har gjort i New York, hadde det vore 1/3 av prisen !!  Har vel noko med større fare for skader å gjere. Vel, no er det gjort og alle hjerter gleder seg ;)


 

ALT er no klappa og klart til avreise om 14 dagar. Vel - ikkje kofferten då :D   
Herregud - det hadde teke seg ut.. .. 
Men må innrømma den ikkje flytta på loftet att etter turen te Bergen 17. mai helga :P 
Den står der lystig ved sida av døra inne på soverommet og lokkar..
med kart over subwayen på Manhattan :)

Hagen heima er i allefall sikra no slik at den skal klare seg åleine medan me er globetrottarar. Dingsefreakar som me er, så har me kjøpt inn ein liten grøn sak på Monter som frese rundt nede på plenen og passar på at den aldri blir høgare enn 4 cm - sånn ca. Den har ikkje fått namn endå - som sin slektning som surre rundt her inne i heimen. Den heiter Roberto. Kjekk blå dings som sope med seg kattehår og hybelkaniner. Etter at me har trykt på rette knappen vel og merka.  Men den grønne dingsen som ete gras har ikkje fått namn - endå.

Go' fredagskveld :)