onsdag 24. juni 2015

Dag 3 og 4...

Mandag hadde me strand-dag på Coney Island, og for ein dag! Nydelig vær med sol frå blå himmel. Solkrem faktor 30 var eit must :)  Litt bading vart det og sjølvsagt ;) Tempen i sjøen kan eg tenka meg var på 20-talet ein plass - heilt topp etter mitt syn.

Tysdag hadde me oss ein runde inn på Manhattan. Fekk kjøpt meg nye "fitflops", og leita litt etter Carlos bakery - fant det ikkje.. Ein liten svipptur inn i Central Park, tok oss ein "time out" og la oss ned i graset og kikka på skyene som fauk forbi.  Godt å få kvila føtna litt :)
Var forresten grådig heitt i går - 33 grader i skyggen!! Og rimelig høg luftfuktigheit.. Det endte opp i eit forykandes tordenvær. Det var jo varsla, so når kl nærma 18, so satte me nasen heimover for å komme heim før det begynte. DET gjorde vi ikkje.. Himmelen hadde åpna seg når me kom av subwayen og skulle te å gå siste stykke heim. Paraply er for pyser.. Hehe

Kl er no 07:15 onsdag morgon - klar for frukost og so litt meir action i dag. Meir om det seinare :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar