lørdag 27. juni 2015

Dag 6 og 7... ...

I går skulle Molde-gjengen reise heim att. Sidan dei måtte ut av leiligheita på føremiddagen, kom dei bort til oss i Brooklyn og satte koffertane sine her til dei skulle reise i kveldinga.
Me hadde ein roleg og avslappa dag her i Brooklyn, der me gjekk litt rundt i gatene her i Park Slope som området heiter. Endte opp i Prospekt Park der me sat under eit tre og nøyt freden og roen i ein god time.  Gjorde godt for både den eine og den andre trur eg ;)
Eg og Stanley fulgte gjengen ut til JFK når dei skulle reisa - so fekk me kvelden te å gå liksom.. Siste kveldane har me vore heilt pudding og lagt oss vel tidleg, som då gjer at me våknar desto tidlegare :p
Returen frå JFK vart jo ein artig greia.. Klarte å bomma 2 gonger på retninga til flytoget som går frå flyplassen til nærmaste subwaystasjon.. Endte opp ute i "gokk", og plutselig var det stopp på flytoget av uviss grunn.. Sto og venta i det som virka ei evighet på buss som skulle få oss halvvegs te subwayen... Når bussen omsider kom, kunne ikkje sjåføren berre køyra direkte - var vist i følge ein av dei andre passasjerane kun 2-3 min "til høgre", men i stadenfor køyrde han til venstre og det endre med ein 20 min busstur hengande i stroppen - stappa full buss! Deretter var det full jogg til neste buss som skulle få oss - og ørten andre - siste biten til subway-stasjonen...
Vel - me brukte laaaaaaaang tid på å komma oss heim att, nesten 3 timar, i motsetning til litt under 1 1 time om me hadde vore litt våkne:)))
Idag - fredag - har me hatt ein tur ut til Frihetsgudinnen og Ellis Island. Vart ikkje so mykje meir. Formen min var heilt i kjellaren.. :(. Men etter eit par pillerter og noko ekstra søvn, so kjennest det bedre ut. Har absolutt ikkje tid te å vera sjuke no!!

Her er nokre bilder frå dei to siste dagane;








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar