onsdag 7. november 2018

Postkort nr 2 frå den danske rivieraen

Sykle jo nesten heilt beint ;)


Ny dag nye moglegheiter. Vakna til blå himmel og strålandes sol - gubban so heldige me er 😍Ser ut til at det er eitt eller anna på gang her ute, for det er drøssevis av gamle flotte bilar, motorsyklar osv osv. her.  Rømø Motorfestival er det vist!  http://www.romomotorfestival.dk/ - Sjekk ut denne ;) 
No viser det seg at den begynne når me tusle vidare til nye områder å utforske.  Men me har notert oss festivalen, så plutselig så får me med oss ei trivelig helg med mykje lyd av flotte bilar her nede 👍

Syklane vart so tekne ned og skrudd i hop att, og så tok me i veg på ein rundtomkring tur.  Lunsj vart innteken i form av ein real rekecoctail med tilhøyrande godt i glaset. Rekecoctailen var grei nok, men rekene var nesten like små som egga i kaviaren som låg på toppen.. Men godt var det og flott var det!

Ny runde på sykkelen, og då bar det ned på den største stranda eg har sett!!! 
Holymoly - sjekk ut denne da!Rømø stranda  God trim å sykla der i motvind styrke 13/14 😜  Gjekk kjapt på returen då 😂 

Når me utpå ettermiddagen/kvelden kom tilbake til rudleståvao vart me møtte med ein real stank når me opna døra!  For å gjera ein lang historie kort - eller kort historie lang kanskje....  Vel - bodelsbatteriet tok kvelden og var glovarmt og gav i frå seg denne fæle råtne lukta.  Ikkje viste me då at den faktisk var giftig! -  så me lufta ut og opna alle vindauge og takluker før ein tiltrengt cowboystrekk vart inntatt.  Når me etterkvart fant ut kva det var som var gale, så tråla me nettet og spamma folk me trudde kunna ha noko vetigt å fortella oss. Vart skikkelig stressa når me fekk greie på kor gale det egentlig kunne vore. Fekk etterkvart NAF sitt søsterselskap på døra, og fyren som kom var velvilligheten sjølv og kobla alt skikkelig i frå kvarandre slik at ikkje noko galt kunne skje. Dagen etter skulle me egentlig vidare til Ribe. Det vart det - men med omveg via Kolding der nytt bodelsbatteri kom på plass av same kjekke karen som var på besøk kvelden før.  Phu - endelig alt vel og me kunne puste ut og nyte resten av ferien.
Var jammen flott vær i Ribe også gitt 🌞  Såg ut som det ikkje var lange beten ned til stranda, so då var det ned med syklane att og avgårde for å sjå på solnedgangen. GPS på mobilen vart brukt, men gudane må veta kva den meinte om oss!  For makan til omvegar skal du leita lenge etter.

Vel - me kom oss til stranda før sola gjekk ned, men det var så vidt! Returen gjekk etter min eigen innebygde GPS, og då gjekk det mykje raskare og sjølvsagt beine vegen :)  Vel 2,5 mil på sykkelsetet denne kvelden gjorde at raua var rimelig ømm skal eg sei deg 😂  Var sjølvsagt ny sykkeltur dagen etter, men då berre i nærområdet og til vandring i Ribe by.

Flotte dagar gjekk mot slutten, og returen  heimover vart eit faktum. Køyrde til Ålborg og hadde ein overnatting der - og litt shopping, sykkeltur og god mat på Flammen.

Anbefaler verkeleg vestkysten av Danmark til å feriere i!

Her er nokre bilder frå resten av turen.  No blir nok bilen parkert for vinteren, så får me sjå når fyste tur blir til våren att :D

Mykje god mat i god drikka ;)

Strandselfie.  Strand so langt auga rakk! FLOTT!

Kjekke bilar med mykje gromlyd ;)

Flottaste bubilparkeringa eg har sett til dags dato!!!

Vegen over vadehavet ut til Rømø ein tidleg morgon. Morgonskodde og morgonsol - rett og slett nydelig.

Frå vegen over vadehavet ut til Rømø. Langt i horisonten kan øya skimtast.

Frå vadehavet nasjonalpark på fastlandssida.


Desse her er det berre skryt å sei om. Super service!!

Slik ser me altså ut etter å ha sykkla i fleire kilometer for å få sett denne solnedgangen.. vondt i raua og litt småkalde ...

Men flott solnedgang då :D

Frå Ribe - mot solnedgangen...

Vel fortjent jordbærsoftis på nysteikt belgisk vaffel 💖

Drueranker i lange baner

ei av alle de smale gatene i Ribe


snipp snapp snute - så var retur heim eit faktum.












onsdag 29. august 2018

Postkort frå den danske rivieraen - eller noko slikt😄

Jammen vart det ei ferieveke på oss heilt på tampen av sommaren 👍
Må ut å lufta rudleståvao før me parkere den for vinteren, og denne gongen valgte me å ta turen over Skagerak og til våre danske venner i sør.
Parkerte i Kristiansand i går kveld, og tok første båten til Hirtshals i dag tidleg kl 08:00.  Turen frå Hirtshals til Rømø har sendt oss på kryss og tvers på  Jylland, på langs og på tvers i allefall.
Fort gjort om me telle kun køyretid, men er jo alltid kjekt å stoppa på både Bilka og Bauhaus 🤪
So om det er nokon som vil me skal handla noko med oss heim - gløym det. Her er det fullt!!! 😂😂😂

Vel, no er me vel plasserte på denne flotte bobilcampen her på Rømø.

Her har dei verkeleg ting på stell for oss bubilistar.
Og prisen - 2 netter, strøm og tilgang til  topp sanitæranlegg for 350 kroner totalt er  innafor 👍🤗

Været vart heldigvis ikkje so gale som frykta. Har vore over 20 grader det meste av dagen, sol og godt køyrevør.

I morgo - tja, me får sjå kva dagen bringer. Er to trøytte tryner her, så kvelden blir ikkje gammal i dag 😊

Nokre bilder frå køyreturen i dag:


Har køyrt i kø i dag, og her er årsaken - eit digert drog av ei vindmøllevinge (er det det det heiter skal tru?

 Maisåkrar så langt augene rakk. Tenk kor mykje popcorn det hadde blitt om dette tok fyr 🤪😂

På veg over til Rømø. 

onsdag 25. juli 2018

Sommarferien 2018 - Postkort nr 3

Av og til er det jo slik at postkort kjem på avvege, og kjem fram til mottakar lenge etter at ferien er over og ein har kome godt i gang att på jobb 🤗  Trur me seier det slik denne gongen 😁

Forrige postkortstatus fortell at me var på nordsida av Lofoten for å få med oss midnattsola. Værmeldinga tilsa at det skulle vera ein god moglegheit - men nope, værgudene ville det annleis. Grått og regn. Vart ein tidleg kveld etter kveldsturen på stranda. Kom forresten i prat med eit par frå Sveits som hadde eit rimelig kult solcellepanel med seg på bilen. Sammenleggbart der kvart panel var ca 15x30 cm. Merke notert og skal sjekkast ut. Det gav god forsyning av straum og kan komma godt med når me fricamper.
4. juli tok me med oss syklane på ferja ut til Røst. Ikkje ei rukka var det på havet 😁 Var litt småkaldt og grått, men det var lova finare vær utover dagen. Turen ut til Røst tok heile 3,5 time!! Me snakke avstander her altså.
Kom til Røst kl 13:00 - var først i land og gav jernet opp "bakken" - og vips så var me i andre enden av øya før sistemann var kome seg av ferja 😂 Det var ikkje mykje om å gjera i allefall. 😜😎
Høgste punktet på øya er 11 moh - og me naila toppen der før me i det heila var klar over det 👍
Etter å ha sykla øya på kryss og tvers, inn i gårdsrom og ut i marka, endte me opp på hotellet!! og fekk oss ein knallgoe middag med boknafisk 😍 Anbefales på det sterkaste 👍 Du et ikkje burger og den sorten mat når du er i Lofoten! 😱
 Besøkte òg eit galleri der ein knallflinke fotograf hadde utstilling. Jan Erik Wessel heiter han - berre å googla han 😉 Endte opp med å kjøpa to bilder 😇 Dyraste suvenirane me nokon sinne har kjøpt!!
Og so var me på strikkekafe 😜 Det var jo skikkelig kjekt, men skulle hatt med strikketøyet då 😂 Var ikkje planlagt, men lysta på kaffi og vaffel førte oss rett inn i hyggjeleg lag 🤗
Retur fra Røst til Moskenes gjekk kl 21:00... Og for ein retur !! 😍😍😍😍 Midnattsol ☀️☀️☀️ Kom i land på Moskenes rundt midnatt og rett i bilen og over øya nord/vest for å få skikkelig utsikt til fenomenet. Vakkert, sjelsettandes - har ikkje ord som kan beskrive den følelsen å stå der og berre nyta det flotte synet. Det vart nesten morgon før me entra loppekassa for skjønnhetssøvn etter å ha parkert ytterst ute på rv10 - på Å🤗
Dessverre så endte ferieturen i nord også her. Trist melding heimafrå gjorde at turen måtte avbrytast. Pappa døde torsdag morgon. Det vart strakaste vegen på E6'en etter at me hadde tatt ferja frå Moskenes til Bodø. Her er det lurt å ha ferjekort, for då får du 40% rabatt - som for oss gjorde at turen over kosta oss "berre" rett over 1.100,- kroner.

No er me i gang att på jobb, men har allerede vore ute på ny rudleståvetur i helga som var 😉 kanskje blir det postkort derifra også? 😇

Her kjem nokre bilder frå Lofoten, pluss litt til - på gjensyn :
























tirsdag 3. juli 2018

Sommarferien 2018 - postkort nr 2

Okay, så har me ikkje vore 100% heldige med været oppi nord. Men så er me fader med nesten på Nordpolen!

Nordkapp vart ein kald opplevelse. Nordavind frå alle kantar 😝  Planen var å overnatte på parkeringsplassen der i lag med ørten andre bobilturistar.  Nordavinden frå alle kantane prøvde å gynga oss i søvn, men den gang ei - lys våkne begge to. Det vart til at me i løpet av natta rigga oss te og køyrde nedover mot ein lunare plass.

Vel, Nordkapp unnagjort og berre resten igjen 😄 Kysten er laaaaang, og etter mange timar på rumpen i bilen - og ein overnatting på vegen, så gjorde det godt å kome fram til Tromsø og bevega seg litt. Parkerte rudleståvao og gjekk over brua til sentrum. Mykje kjekt å sjå, men ingen sommartemp endå 😨 Lua vart trekt godt nedover øyrene. I kveldinga tok me fjellheisen opp for om mogleg få med oss midnattssola... nope... men dei hadde gode kanelsnurrer med moltesylta på 😍🤪

Neste mål på turen var Lofoten. Og tjooghei der kom sommartempen oss i møte ☀️☀️☀️ To netter på ein camping i Kabelvåg like utanfor Svolvær måtte me då ha. Ja, me såg Svolværgeita - tok bilete - og det vart med det 🤪 Djæv.... bratt opp dit!!!!  I Kabelvåg fekk me sola oss, sykla tur inn til sentrum - og nokre av oss bada til og med 😁😇 Siste natta der - altså i natt - fekk me eit helsikes regnvær og eit par tordensmell til avskjed ⛈  Jaddi godt me pakka alle greiene våre inn i bilen slik at det var klart til i dag tidleg.

I skrivende stund er me på ein camping på nordsida av Lofoten - Skagen camping. Grunnen til det er den der midnattssola som me endå ikkje har fått sett skikkelig 🌅 Det ser heller dårlig ut - tjukke mørke skyer ligg å duppe ute i havet 🙄

Her er ein smakebit på nokre bilder frå dei siste dagane, førebels utan bildetekst. Enjoy 🤗