onsdag 25. juni 2025

Å nyte ein sakteferie...

... lange sløve dagar ved stranda, kun avbrutt av ein dukkert innimellom... lese ferdig ei bok mens lyden av bølgeskvulp og grashopper som "gneldre" i veg på sitt. Ein tur opp i enten den eine eller den andre baren som ligg rett ved for noko kaldt å drikke når vatn blir litt kjedelig 🤭 
Nypressa appelsinjuice er sabla godt, men ein Mytos er heller ikkje å forakte 🍺😅
Her på dette vesle hotellet - der eg har max 70 skritt å gå frå eg låse hotellrommet til eg er på stranda, så er det ca det same til dei to tavernaene som ligg på kvar si side 😅 
Hotell Veli heiter det der eg bur. Ikkje noko moderne greier men heilt reint og fint 🤩
I dag var ikkje roen heilt på plass 🫣 Budrunden på leiligheten har vore i dag, så ja - spent som fy! Stakk ein formiddagstur te Chania og gikk litt rundt der før eg kjøpte meg ein knakandes god lønsj på ein restaurant inni eit smug der 🍤 
På returen med bussen vart siste bud akseptert herifrå💰🤑😉  Det gjekk rette vegen, og ny eigar overtek kåken 18. August! 🥳
Ny dag i morgo med ingen andre planer enn å stå opp når eg våkne ☀️🏝  😁

La vita va avanti ❤️









fredag 20. juni 2025

Bag Drop . . .

 Du skjønne du e litt tidlig ute når du må stå å venta på at BagDrop'en skal åpna! 😜😅

Taxien skulle plukka meg opp kl.3.30, men eg trur sjåføren var usikker på adressa for han var på plass allerede 3.20 🤭 Eg var sjølsagt klar eg, så vipps var me avgårde. Håpe eg hugsa å rydda på plass alt slik at det er klart te visning på tysdag 😇

No er det 14 dagar på Kreta med pur nytelse av sol og sommar står på trappene 🏝 fyttikatta så godt det skal bli ☀️☀️☀️ Fjorårets tur gav verkeleg meirsmak 😉 

Destinasjon i år er Kato Stalos, og etter det eg har lest og høyrt eit lite og koselig hotell der 🏩 

So long Jæren - sjåast i juli ein gong 🫡