fredag 30. august 2019

14 myggstikk og 1 vepsestikk

Det er det eg ha kome til berre på meg sjøl etter siste natta i Lundåkrahamn/Landskrona, og dei klør noko hinsides 🥴
Berre sånn i tilfelle nokon syntes me hadde det for fint på tur så er det litt nedtur óg 😂

Natt til onsdag fekk me litt regn og tordenvær, men ikkje værre enn at me snudde ryggen til og sov vidare. Men om morgonen var det igjen sol og sommartemp - eller sydentemperaturer kan me vel heller kalle det 😎☀️ Så valget vart å nyte føremiddagen i sola ved bilen, med lys og lyd showet over Danmark. Der var det tordenvær til gangs!! Moro å sitta å sjå på 🤪 Etterkvart måtte "Flightradar24" appen fram òg, slik at nysgjerrigheita over kva fly som skulle inn for landing på Kastrup kom i frå. Pluss alle dei andre flya me såg der oppe ✈ ✈ ✈ Var ein himlandes trafikk ei stund 😄

Når det lei på ettermiddagen /kveldinga tok me oss ein fin sykkeltur inn til sentrum når tempen var blitt nokolunde levelig. Ikkje store byen dette heller, men koselig og med ein heilt grei bobilcamping.
Skulle me havne i den retninga fleire gonger, kan det fort bli at det blir ein stopp. Her var det til og med vakter som sjekka området om natta. Kan være greitt det etter det vi har høyrt om diverse tjuveriraider av bobilister.

I går køyrde me tidleg avgårde mot Smøgen. Sidan vi begge var tidleg vakne, og likevel skulle oppøve hit, så var det berre å komma igang. Kanskje kunne me finne ein grei plass å parkere hytta vår denne gongen, og at det ikkje var like "travelt" som på laurdag 🥳😜
Møtte regnværet på veg oppøve fleire plassar, og det regna når me parkerte i Smøgen. Litt mat og ein powernap etterpå, så kom sola gitt 😎👍☀️ Flott solnedgang og ein kjekk tur langs brygga før det vart tidleg kveld.
I dag var det litt meir liv langs brygga både av turistar - mest jappser, og ein haug med folk som var med i eit trailrunning løp - icebug experience. Ser og ut til at det meste er på veg til å bli sesongstengt i løpet av helga.  Flott natur er det her ute - rett i havet. Det er noko med dette havet og lyset som både eg og Stanley likar veldig godt.

I kveld har me avslutta seinsommarferien med ein aldeles nydelig 3-retters middag på Skärets Krog. Flott restaurant med den beste bordplasseringa i restauranten i flg servitøren 🥰

I morgo går ferden fyst til Nordby- senteret for shopping av diverse godsaker, og ferje til Sandefjord kl 18:30. Trur ikkje eg bomme fælt om det blir overnatting til søndag i nærheita av Kragerø 😉

Litt knips frå dei siste dagane følgjer her...



























tirsdag 27. august 2019

Postkort frå Lundåkrahamn

Lundåkrahamn ligg i Landskrona like nord for Malmø. Flott bubilparkering i marinaen her også 😄
Hyttetomta vår i dag ligg heilt ytterst mot havet, eller Øresund som det og heiter. Ser faktisk rett over til Danmark og København! Ser ut til at det er litt overskya der borte 😜

Forlot Ystad i grålysninga i dag tidleg. I motsetning til i går, sto eg opp når sola var på veg opp, og var ute av døra før gubben vakna 😜🙈😂
Soloppgangen måtte foreviges 👍


Møtte og eit svanepar som var ute på morgentur, samt nokre fisk eg ikkje veit kva sort er. Småfisk var det ikkje.


Fin køyretur langs kysten opp til Malmø. Måtte ta ein avstikker pga dei heldt på med noko vegarbeid. Litt trafikk var det så eg fekk ikkje teke bilde av ein flott slott me køyre forbi. Men fekk teke bilete av vegen opp til slottet i allefall 😄


Dei dyrka eit eller anna som såg ut som spinat. Kan fort vere at det er det det var òg.


Vel framme og parkert, ville me ha oss ein dukkert i Øresund. Og me gjekk og gjekk..... Halveges te Danmark snudde me og gjekk inn att..... Då var me ikkje blitt blaute på knea ein gong. Det vart spyling med vannkanna i heten. Jepp - har vore heitt og godt i dag òg.

Solnedgangen er foreviga her også..


mandag 26. august 2019

Postkort frå Ystad

 ☀️☀️☀️☀️☀️ Her nytes været og det Skåne har å by på 👍

Vakna grytidleg pga toget som dundra forbi ✔️
Såg sola sto opp men gadd ikkje stå opp sjøl for å ta bilde ✔️
Tok ein togtur til Simrishamn ✔️
Knerta med meg frøkapsler frå stokkroser i Simrishamn ✔️
Ete softis ✔️
Bada i Østersjøen ✔️
Sete i sola og sovna med boka i fanget ✔️

Nydeleg solnedgang i går kveld.
Dog litt rar å stå med ryggen mot havet og
ta bildet innover landet for å sjå solnedgangen.







søndag 25. august 2019

Seinsommarferie 2019

Endelig ei veke ferie der me skal ut å rudla i rudleståvao.
Straka vegen vart det etter ferja i går føremiddag, til Smøgen. Har høyrt og sett so mykje fint om denne idyllen, at no var det vår tur. No var dei fleste ferierande tilbake på jobb, og me skulle få ei stille stund med god plass i den svenske skjærgården. Jommen sa eg stilt !! Halve Sverige pluss litt til hadde møtt opp i Smøgen i går. Ikkje veit eg om det ryktast at me skulle dit, eller om det var pga "Fiskarens Marknad"...
Vel, det endte med at me omsider fikk snudd etterkvart og kom oss derifrå.

Etter ein sjekk på yr valgte me å køyre rett til Ystad. Ikkje dumt valg, sjølv om det tok si tid nedøve. Var jo litt å sjå og gjera på veg nedøve. F.eks. få spylt og vaska vekk eit halvt kilo daue insekter frå bilen.
Når me omsider kom til Ystad var det fullt på bubilparkeringa i Ystad Marina. Det endte då opp med ein køyretur - nesten til Simrishamn, før me snudde og fekk oss ein plass på ein camping rett utanfor Ystad. Laurdagskvelden vart ikkje gammal sidan me var oppe før fuglane feis for å rekka ferja frå Sandefjord.

Søndag opprant med solskinn frå blå himmel - vel, så fort den hadde fått jaga vekk havdisen jaffal. Då hadde me fått i oss frukosten òg  og var klar for å sjekke tempen i Østersjøen. Heilt ok, og om ikkje det var so mykje tang mm som låg uti vatnet, så hadde i allefall eg hoppa uti. Det fekk bli med vassing.

No er det ein liten siesta i skyggen, for jaddi vart det godt vær! I skrivande stund - kl 16:10 - er det 27 grader!

Her er nokre blinkskot frå turen so langt: