fredag 30. august 2019

14 myggstikk og 1 vepsestikk

Det er det eg ha kome til berre på meg sjøl etter siste natta i Lundåkrahamn/Landskrona, og dei klør noko hinsides 🥴
Berre sånn i tilfelle nokon syntes me hadde det for fint på tur så er det litt nedtur óg 😂

Natt til onsdag fekk me litt regn og tordenvær, men ikkje værre enn at me snudde ryggen til og sov vidare. Men om morgonen var det igjen sol og sommartemp - eller sydentemperaturer kan me vel heller kalle det 😎☀️ Så valget vart å nyte føremiddagen i sola ved bilen, med lys og lyd showet over Danmark. Der var det tordenvær til gangs!! Moro å sitta å sjå på 🤪 Etterkvart måtte "Flightradar24" appen fram òg, slik at nysgjerrigheita over kva fly som skulle inn for landing på Kastrup kom i frå. Pluss alle dei andre flya me såg der oppe ✈ ✈ ✈ Var ein himlandes trafikk ei stund 😄

Når det lei på ettermiddagen /kveldinga tok me oss ein fin sykkeltur inn til sentrum når tempen var blitt nokolunde levelig. Ikkje store byen dette heller, men koselig og med ein heilt grei bobilcamping.
Skulle me havne i den retninga fleire gonger, kan det fort bli at det blir ein stopp. Her var det til og med vakter som sjekka området om natta. Kan være greitt det etter det vi har høyrt om diverse tjuveriraider av bobilister.

I går køyrde me tidleg avgårde mot Smøgen. Sidan vi begge var tidleg vakne, og likevel skulle oppøve hit, så var det berre å komma igang. Kanskje kunne me finne ein grei plass å parkere hytta vår denne gongen, og at det ikkje var like "travelt" som på laurdag 🥳😜
Møtte regnværet på veg oppøve fleire plassar, og det regna når me parkerte i Smøgen. Litt mat og ein powernap etterpå, så kom sola gitt 😎👍☀️ Flott solnedgang og ein kjekk tur langs brygga før det vart tidleg kveld.
I dag var det litt meir liv langs brygga både av turistar - mest jappser, og ein haug med folk som var med i eit trailrunning løp - icebug experience. Ser og ut til at det meste er på veg til å bli sesongstengt i løpet av helga.  Flott natur er det her ute - rett i havet. Det er noko med dette havet og lyset som både eg og Stanley likar veldig godt.

I kveld har me avslutta seinsommarferien med ein aldeles nydelig 3-retters middag på Skärets Krog. Flott restaurant med den beste bordplasseringa i restauranten i flg servitøren 🥰

I morgo går ferden fyst til Nordby- senteret for shopping av diverse godsaker, og ferje til Sandefjord kl 18:30. Trur ikkje eg bomme fælt om det blir overnatting til søndag i nærheita av Kragerø 😉

Litt knips frå dei siste dagane følgjer her...



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar