Endelig ei veke ferie der me skal ut å rudla i rudleståvao.
Straka vegen vart det etter ferja i går føremiddag, til Smøgen. Har høyrt og sett so mykje fint om denne idyllen, at no var det vår tur. No var dei fleste ferierande tilbake på jobb, og me skulle få ei stille stund med god plass i den svenske skjærgården. Jommen sa eg stilt !! Halve Sverige pluss litt til hadde møtt opp i Smøgen i går. Ikkje veit eg om det ryktast at me skulle dit, eller om det var pga "Fiskarens Marknad"...

Vel, det endte med at me omsider fikk snudd etterkvart og kom oss derifrå.
Etter ein sjekk på yr valgte me å køyre rett til Ystad. Ikkje dumt valg, sjølv om det tok si tid nedøve. Var jo litt å sjå og gjera på veg nedøve. F.eks. få spylt og vaska vekk eit halvt kilo daue insekter frå bilen.
Når me omsider kom til Ystad var det fullt på bubilparkeringa i Ystad Marina. Det endte då opp med ein køyretur - nesten til Simrishamn, før me snudde og fekk oss ein plass på ein camping rett utanfor Ystad. Laurdagskvelden vart ikkje gammal sidan me var oppe før fuglane feis for å rekka ferja frå Sandefjord.
No er det ein liten siesta i skyggen, for jaddi vart det godt vær! I skrivande stund - kl 16:10 - er det 27 grader!
Her er nokre blinkskot frå turen so langt:

Søndag opprant med solskinn frå blå himmel - vel, så fort den hadde fått jaga vekk havdisen jaffal. Då hadde me fått i oss frukosten òg og var klar for å sjekke tempen i Østersjøen. Heilt ok, og om ikkje det var so mykje tang mm som låg uti vatnet, så hadde i allefall eg hoppa uti. Det fekk bli med vassing.
No er det ein liten siesta i skyggen, for jaddi vart det godt vær! I skrivande stund - kl 16:10 - er det 27 grader!
Her er nokre blinkskot frå turen so langt:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar