Lundåkrahamn ligg i Landskrona like nord for Malmø. Flott bubilparkering i marinaen her også 😄
Hyttetomta vår i dag ligg heilt ytterst mot havet, eller Øresund som det og heiter. Ser faktisk rett over til Danmark og København! Ser ut til at det er litt overskya der borte 😜
Forlot Ystad i grålysninga i dag tidleg. I motsetning til i går, sto eg opp når sola var på veg opp, og var ute av døra før gubben vakna 😜🙈😂
Soloppgangen måtte foreviges 👍
Møtte og eit svanepar som var ute på morgentur, samt nokre fisk eg ikkje veit kva sort er. Småfisk var det ikkje.
Fin køyretur langs kysten opp til Malmø. Måtte ta ein avstikker pga dei heldt på med noko vegarbeid. Litt trafikk var det så eg fekk ikkje teke bilde av ein flott slott me køyre forbi. Men fekk teke bilete av vegen opp til slottet i allefall 😄
Dei dyrka eit eller anna som såg ut som spinat. Kan fort vere at det er det det var òg.
Vel framme og parkert, ville me ha oss ein dukkert i Øresund. Og me gjekk og gjekk..... Halveges te Danmark snudde me og gjekk inn att..... Då var me ikkje blitt blaute på knea ein gong. Det vart spyling med vannkanna i heten. Jepp - har vore heitt og godt i dag òg.
Solnedgangen er foreviga her også..

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar