mandag 30. april 2018

Lite å melda om eigentleg....

Makan te møkkavær 😒 Glad me var tidleg i veg til sentrum for å sjå byen i dag. Det gjekk ikkje lange stunda etter me kom tilbake til rudleståvao før vind og regn var ein faktum.

Hadde oss ein fin runde i Larvik i går føremiddag. Byen til Tor Heyerdahl. Sikkert andre kjendisar derifra òg, men det var han me traff på på turen 😄


Var berre skodda der - til me skulle køyra vidare 😜 Då hadde sola varma godt opp og det vart blå himmel og sol 😎
Fina været var det når me ankra opp på Bie Camping i Grimstad òg. Rett og slett sopass at me kunne setta oss ute og nyta.

Var i går me skulle ha gått ned til sentrum skjønna eg i dag... Men då hadde me ikkje fått lufta stolane og nytt eit glas med noko godt i ved solveggen 🥂😎🍺☀️

Har ikkje sett snurten te kjendisane frå Grimstad forresten... Verken Tor eller Dag Otto har teke seg bryet med å komma på besøk til oss. Lika greitt eigentleg... Har ikkje nok teposar att til å kunne spandert ein kopp på dei 😜😁

I morgo bere da heimøve. Lika greitt. Her kan me knapt ha parabolen oppe no på grunn av vinden... Like før me lyte finna fram yatzy'en 😋

lørdag 28. april 2018

3,5 bobilpenger... 😁

Jepp, det var det vi måtte ut med for nytt panel til Alde'n. Hvis ikkje hadde me hatt ei natt til med rim i barten 😋

Bobilpenger spør du?  Hehe - fyren som fiksa panelet for oss fortalte at 1.000,- er 1 bobilpenge. Fordi alt du måtte kjøpe av deler osv kosta minst det... 💸💸💸💸💸

Var ein svipptur innom favorittgartnaren min på Liertoppen også i dag 🍀🌸🌺 🌼 Alltid kjekt å besøke blomster-Svein, med flotte planter til veldig god pris. 😇

Overraskelsebesøk til Ørjan og Sigrid på Konnerud var ein høydare 👍 Der har snøen so vidt forlatt plenen. Ja det låg sågar att ein klatt bak huset, og på leikeplassen hadde dei til og med gravd fram huskestativet for ikke så lenge sidan....

No er kvelden komen, og me har parkert i havna i Larvik.  Heilt grei bobilparkering som kan anbefalast 🤗



Juhuu!! Då var me i gang igjen :)

Årets første rudleståvetur er eit faktum.   Med fri mandag den 30. april får me ei fin langhelg på hjul 😉


Allerede 15:30 var me på vegen i går. Fikk flexe litt ekstra - snille sjefar me har 👍 Det meste var gjort klart i bilen.
Av årsaker me ikkje treng skrive noko særleg om, så måtte me ha ein stopp rett som det var for toalettbesøk. 😇 Det tok si tid nedover for å sei det slik.... 

Overnatting vart ved Østerholtheia rasteplass ved Kragerø. Er vel 3. gangen vi benytter oss av denne plassen. Kan vel kalle det tradisjon då 😉 Ein heilt ok plass som nange benytter har vi sett. Men fy så kaldt! Var framleis snøhaugar og is på dei små vatna der.


Vel, vart ei kalde natt.. . Alde'n - som er oppvarmingssystemet i bilen, ville ikkje slå seg på 🙄 Pløya håndboka og nettet etter løysing, men utan hell. Vakna til 6grader ute og 13 inne i dag tidleg. Vel lika me å ha frisk luft når me søve, men å vakna med naglabet på tedn er i overkant 😜
Tekoppen er no på plass, og me rudle vidare for å få varmen i ståva før frokost 🍳 🥣
Sola skinne og det er godt humør i salongen idet med passerer Feset 😁☀️

mandag 16. april 2018

Del 2 - Miniferie nr 2 i august ;)

Seint, men godt heiter det. Har liksom ikkje fått meka meg te å få oppdatert her frå årets miniferie2. Det må eg no få gjort noko med.

Fullt frammøte av nesten heile bøtteballetten når me kom fram, det er kjekt det altså 😄

Søndag 13. august opprant med fantastisk flott ver, og ein tur er på programmet - nærmare bestemt Fuglesteg, der me tre syskena med våre bedre halvdeler med luskar avgårde oppover fjellsida. Bratt til værs er det, og det gjekk trått innimellom. MEN - når du då er kommen opp så gløymer du heile greia og nyter både utsikten, dei gode pannekakene og selskapet så indarleg! Herrefred for ein flott utsikt!

















På veg nedatt prøvde Stanley'en å lokka te seg ein av ulldottane som gjekk oppi lia der. Litt usikker på om det var fårikålen eller pinnakjøtet - eller kanskje begge deler - han var ute etter. Vel, me må nok kjøpa det inn på vanleg vis 😏

Måndagen vart det tur til Lærdal som privatsjåfør for mammsen som måtte inn ein "visitt" på sjukehuset. Det gjekk godt, og me fekk kjøpt oss godt lokalt heimelaga flatbrød og smør på ein liten butikk der inne.

Onsdag føremiddag bar det oppover mot Turtagrø og Sognefjellet med rudleståva. Broderen og madammen kom i sin vesle Yaris. Planen var fisketur i fjellvatn og overnatting der oppe. Hærlig! Vel - 3-5 grader og budleregn er ikkje heilt det ein har lyst på når ein er på tur, men me får ta det som det kjem og gjere det beste utav. det.  Lite napp og fisk - kun 1 stakkars ørret beit på hjå stanley. Eg sat slukøra igjen uten krok. Den ligg att på botnen av vatnet der me fiska :P  Men - heldige var me! Så snart me syntes me hadde fiska lenge nok, så gav regnet seg og skyene sprakk opp.   Ein nydelig kveld med grillings og mykje god latter gjalla i fjellheimen den kvelden ;)
Torsdags morgon opprant med nydeleg morgonsol 🌞 Det er ikkje mykje som slår det å våkna på toppen av Norge der det kun er lyden av naturen du høyrer.

Vel  - bildene får tale for seg. Me var skjønt einge om at me hadde hatt nok ein knallfine tur 😍