mandag 31. juli 2017

Stockholm City

Det artigste med å væra på tur er å sjå alle dei forskjellige folka. Korleis dei går kledd, korleis dei går, et, drikk og pratar. I dag har me observert folk inntulla i gardiner, og nokre med gardinduskar i øyrene... 😆 Mote er sovist eit vidt begrep 😆

Me fant bobilcampingen til slutt. Nye vegar som er kome til etter at GPS'n vart oppdatert sist, sørga for å senda oss ut på sightseeing 😂😂😂

Laila og Bjørn kom seg og hitover etterkvart. Norwegian levde opp til sitt rykte i sommar, men redda seg inn etter ca 1 times venting.  Litt mat, og planlegging av aktivitetar - og innviging av nye grillen vår te kvelds, ogeit par-tre glass skrekkelig sur vin 😳 Sånn kan det gå når du kun ser på flaska osv.... 😆 Den funka jaffal 🥂😄



lørdag 29. juli 2017

Ankrer opp i Västerås for helga

Tjänare grabbar 😊

Då var me vel ankra opp i Västerås på gjestehavna. Sjø og båter - og ei lang rekke bubilar. Kjekt med slike bubilparkeringar. Rett og slett eit båtopplag som blir gjort om til bubilparkering når båtsesongen er i gang.


I kanalen nedanfor har dei laga til kabelbane som det frista litt å prøve 😎 Dessverre har eg glømt å ta med badetøy... filleren og altså.... 😜😜

https://www.vasterascablepark.com/   

Vel - me blir her til måndag føremiddag. Då rulle me vidare til Stockholm der me skal treffa veslesysta mi Laila og gubben hennar Bjørn 😍🌞  Steikje ta - DET blir kjekt!!  Me har faktisk ikkje feriert samen sia me sat i baksetet til mams og paps og krangla 😄😄😄 Den gong var det ikkje setebelter heller, og broderen låg bak baksetet - oppå soveposar og dyner i bobla og "moona" til dei som kjøyrde bak oss 😂😂😂 Herregud - hadde vel vore varsla både det eine og det andre i dag!!  Men - so vidt eg vei har han slutta med det. Takk og pris!!

No må me avgårde å finna ut kor servicebygget er, og kor me skal få tatt laurdagsbadet - so long - stay tuned 😉

fredag 28. juli 2017

Stockholm here we come 🤗

Garderobeskap er det ikkje så skrekkelig mykje av i desse bubilane, so då tenke eg at det kan væra greitt å kunne variera antrekk med solbriller sia dei ikkje tek like stor plass 😎

Vel framme i Sandefjord ca 22:45, etter i underkant av 6 tima på hjul 🚐

No er det natta her, og heldigvis slepp eg å syngja godnatt sang te Stanley'en i kveld 🌃 Det sørge dei forskjellige festlighetane i byen for 😆🤣😆

I morgo tidlig blir opp å stilla seg i ferjekøen kl 07:00 for tur øve fjorden til Strømstad. Til då, nattinatt 😴😴