lørdag 29. juli 2017

Ankrer opp i Västerås for helga

Tjänare grabbar 😊

Då var me vel ankra opp i Västerås på gjestehavna. Sjø og båter - og ei lang rekke bubilar. Kjekt med slike bubilparkeringar. Rett og slett eit båtopplag som blir gjort om til bubilparkering når båtsesongen er i gang.


I kanalen nedanfor har dei laga til kabelbane som det frista litt å prøve 😎 Dessverre har eg glømt å ta med badetøy... filleren og altså.... 😜😜

https://www.vasterascablepark.com/   

Vel - me blir her til måndag føremiddag. Då rulle me vidare til Stockholm der me skal treffa veslesysta mi Laila og gubben hennar Bjørn 😍🌞  Steikje ta - DET blir kjekt!!  Me har faktisk ikkje feriert samen sia me sat i baksetet til mams og paps og krangla 😄😄😄 Den gong var det ikkje setebelter heller, og broderen låg bak baksetet - oppå soveposar og dyner i bobla og "moona" til dei som kjøyrde bak oss 😂😂😂 Herregud - hadde vel vore varsla både det eine og det andre i dag!!  Men - so vidt eg vei har han slutta med det. Takk og pris!!

No må me avgårde å finna ut kor servicebygget er, og kor me skal få tatt laurdagsbadet - so long - stay tuned 😉

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar