lørdag 18. mai 2024

Sisten postkort for denne gongen

Det nærmar seg slutten på denne Solo-travel turen. Gav det meirsmak lure du kanskje? Ja det gjorde det verkeleg 🤩

Sjølvsagt er det kjekt å reisa i lag med nokon å dela minnene med - dei små rare opplevelsane som du ikkje skrive heim om på eit postkort - løgne folk og fe f.eks. 🤭 Ja, eg e løgen sjøl, men jaddi er det ein del som score høgare der 🤪😂

Det blir nok Solo-travel tur til neste år også! Og eg trur det blir Kreta då og! Gjerne då i den midtre regionen slik at eg kan reka rundt der med leigebil og finna eit par fjellside å yppa meg med 😁💪 

Etter bilen var levert inn har eg kun jobba iherdigt med å få noko brunfarge på plass. Da e eit svare strev ska eg sei deg! Godt da e eit basseng eller eit hav å plaska i 🏊‍♂️🤸‍♀️🏝  I kveldinga har eg reke gatelangs og på stranda. Helst på stranda, ikkje like trangt om plassen der 😉 Ja, for desse fortaua og gatene her er jo eit kapittel for seg sjøl. Er jo ikkje parkeringsplassar her, so då parkere dei i vegen langs fortauet. Og fortauet er kanskje halvmeteren på det smalaste 🤭 og langs fortauet står innkastarane til alle kafeane, restaurantane og butikkane - kom og kjøp - kom og et 😄 Det er syden i eit nøtteskal, og det er jo det som er sjarmen med det og på ein måte. 

Det er nokre dagar sia eg begynte å bli lei buffet frukosten. Skal bli godt med knekkebrød og enkelt pålegg igjen🤩

Bussturen til flyplassen starte ca 17.30 i ettermiddag. Før den tid har eg bevilga meg nok ein tur i spa på hotellet for ein ny massasje 🥰 Kan ikkje koma vekk i frå at det er noko med det beste som finnest! Og når den er ferdig er eg sikkert so salige at dei siste timane sikkert fyke avgårde - ved bassengkanten 😂🤸‍♀️🏊‍♂️ 

Då er det so long for denne gong - plutseleg er det ny tur 👋










onsdag 15. mai 2024

Badedag

 Det vart badedag dlux i dag! 🏊‍♂️🤸‍♀️🏊‍♂️

Bilturen gjekk rett til Falassarna Beach rett og slett ☀️🌴🏖 Under 1 times køyring og vipps på plass på denne fantastiske flotte stranda. Krystallklart azurblått hav, og i dag var det knapt bølger når eg kom! Ikkje var det folk heller 😂😂😂 Eg var rett og slett fyst på plass når eg kom der rundt 9.30. Dvs det låg nokre campere på parkeringa, men dei var der forrige dagen òg, så eg trur dei "bur" der. Skjønne dei godt eg! 

Ein sabla flott dag med mykje bading og soling vart det rett og slett. Litt kjekkare på ei slik strand enn ved bassenget 🤩




tirsdag 14. mai 2024

Har eg funne den indre mojo'en?

Jepp, trur jaddi eg har funne den mojo'en eg nemnde tidlegare på denne turen🤩😎😅

I den "o store Google-boken" fant eg etterkvart ein grådig god blogg som kort fortalt beskriv det slik om ein som leite etter sin indre mojo: "To regain one's confidence, energy, or enthusiasm..."

Etter dagens roundabout vil eg påstå det ja! For makan til tur, og herreminhatt eg tok vist litt av på snap'en 😂 So sorry folks - but not!! 🤪😂

Vakna ved soloppgang utan vekkarklokka på i dag! DET skjer jo kvart jubelår🤪 Måtte venta te dei åpna dørene til frukostsalen 😅 Og vipps var eg på veg i 8-tida 🚗 Første mål var ein liiiten badeplass på sørsida av øya - Kalypso Beach. Men fyst måtte eg gje meg i kast på "motorvegen" i godt og vel 1 time - nesten heilt til Rethymnon - før eg kunne svinge av og opp i fjellet. Er det galemattias på motorvegen heima i Sandnes/ Stavanger, so er det x2 her! 2 felts veg med ekstra brei vegskulder, og dei køyre både 2 og 3 på sia av kvarandre i kvart felt! Sperrelinjer, fartsgrenser, fotoboksar - whatever, ingen bryr seg - det er berre å køla på for å komma fyst fram!! Må innrømma eg vart litt reven med - men berre litt! 😂😂😂

Fant fram til Kalypso Beach til slutt.  Ja, brukte google maps på mobilen i går, for gps'en i bilen var jo heilt gresk - skjønte ikkje eit pip av innstillingane på den i går... 🤪😅 so då gjekk både batteri og data unna som fy! Hadde med meg powerbank ja - men ikkje ledninga 😂 feriehåve 🫣🤭  Både powerbank og ledning var pakka med i dag, men fant ut før eg køyrde at den gps'n i bilen skulle eg få til! Og det gjorde eg!👌 Men den seie jo ikkje når eg skal ta av hit eller dit, og med alt som er å sjå, so følge eg ikkje med på den heile tida... 

Det vart ikkje noko bading på Kalypso Beach, for som nemnt var den liten, og der var det opptatt av 3-4 menneske som snorkla/dykka og tok i grunn opp all plass 🏊‍♂️😅 Kikka litt rundt der før eg sette bilen på stø kurs mot neste mål. 

På sørsida av øya er det ikkje like flatt som på nordsida, så vegen gjekk oppi fjellsida, der små landsbyar - om ein kan kalle det det - var trykka sammen 10 hus tett i tett så godt det let seg gjere inne i fjellsprekkar og på toppen av knausar, der vegen snirkla seg gjennom tun og kafebord 🤩 Eg måtte stoppe på nokre av desse og berre gå og kike. Tenk å bu slik til! No trur eg ikkje dei har same vinteren som heima, men eg trur eg hadde synest det vart noko stussleg og stillt. Eller kanskje dei synest det er det gode med det...

Det neste målet var denne stigninga opp og over mot nordsida igjen. Den frista med utsikt nesten te Afrika 🤪😂  Den som har køyrt opp Sognefjellet frå Fortun kan tenkje seg den vegen - noko brattare og med kortare køyrestrekk mellom svingane, utan tre/skog som sperre utsikt, og ingen rekkverk eller stabbesteinar. I tillegg går det litt ras innimellom her, og gudane må veta kor tid dei steinane som låg i vegbana var komne. Det var berre å køyra slalom så godt eg kunne! Og her var det fleire som var ute etter den samme opplevinga🫣 men siden det ikkje var tre som sperra sikt, så var det null problem å planleggje møtet oppi der. Vinka og gliste gjorde me alle når me møttest😄 Eg må innrømma at når eg kom opp på toppen kjende eg pulsen gjekk riiimeleg godt, og eg var glad eg var ferdig med den 😂  Oppi fjellet var det fleire små koselege landsbyar som vegen snirkla seg i gjennom. I det eg køyre gjennom ein av dei, høyre eg det tutar ein eller annan plass. Og vipps var det ein pickup som var komen opp i røvi på meg og ville forbi! Fyttikatta for galne folk tenkte eg.. Smale vegen - og han peisa på! Og bakpå sto det to gråsprengde karar og tviheldt deg fast med ei hand og den andre på eit par saue 😂🤣😂  Såg dei aldri att!

Fant etterkvart ein kafe oppi der som hadde internet og kunne ta betaling for maten med kort! Gløymde å ta ut kontantar til dagens tur... litt ivrige på morgonquisten 😅 Steike god mat hadde dei der 🤩 Brød og olivenolje vart satt på bordet fyst, og so fekk eg tzatziki og grilla kyllingfilet. Dei må ha svære kyllingar her for ca halvparten vart med heim, og står no i kjøleskapet til lunsj i morgo 😄

Siste delen tilbake til hotellet var på denne motorvegen deira, og denne gongen la eg meg nesten heilt utpå vegskuldra og lot dei galne kretarane få fri bane 🤣🥳 Eg hadde god tid 🥰

Ikkje så mykje bilder i dag, men nokre vart det no. Var denne snap'en som vart brukt mest ser det ut til 🤭

Ny dag i morgo, og eg er spent på kva den vil bringe 😉☀️🏊‍♂️🤸‍♀️🚗🌴

Avslutte dette postkortet med dette sitatet henta frå verdensveven: 

"Ha fokus på reisen og ikke målet. Husk at livet er det som skjer akkurat nå."













mandag 13. mai 2024

Utpåtur med leigebil 🤩

 Snakk om å gleda seg te køyretur! 😄 kl 09.40 kom dei med bilen - ein liten kvit Citroën,  daukjørt som fy merka eg etterkvart 😂😂 - og 9.50 var eg på vegen🤭😎🚗 Stoppa ein kjapp handletur på Lidl borti gata for nødvendig handel av vatn mm, so bar det avgårde opp i fjellet og mot Elafonissi Beach på sørvestre "hjørnet" av Kreta som fyste mål for dagen. Smale svingete vegar - nett so heima inst i Lustrafjorden 😄 Og for ein utsikt! Jaddi godt det var so smale vegar og minimalt med trafikk, so då gjorde det likaso ikkje noko at eg stoppa i vegakanten og knipsa innimellom 😎🤭  Innimellom var det ganske brei veg med midtstripa til og med! Men so snart eg kom te ein "landsby" so vart det skikkeleg smal veg att! Måtte smyga meg rundt hushjørnene i tilfelle det gjekk geiter, katter, bikkjer, eller gamle folk og svima rundt hjørna 🤪😂 Einaste dyret eg måtte stoppa for var desse grøne skjønne firfislene 🦖 Vegdeķke var og noko ymse her og der 😄 Ein salig blanding av asfalt, betong og grus. Mange plassar var det ramla stein i vegen, sikkert frå når det regna hefrigt fredag. Og i stadenfor å flytta vekk desse steinane (då snakkar me stein som du løfte vekk med ei hånd!) ut av vegen var det satt kjegler rundt, eller om den var litt større, var den pakka inni ein eller annan refleksnetting 😂😂😂

Elafonissi Beach var so flott som ein ser på bileta, men langt frå so rosa. Det varierer nok med vær og vind tenke eg. Klart vatn var det, og meget bra badetemp 😁 Vassa avgårde i god tru om å få teke nokre symjetak, men det kunne eg fort gløyma. Torde ikkje gå for langt i frå greiene mine i tilfelle det var tjuvraddar på ferde 🫣 Eit par timar ca holdt eg ut før eg labba opp att til  bilen. 

Neste etappe var mot Falasarna Beach. Denne stranda ligg på vestkysten av Kreta litt oppigjennom før denne halvøya stikk ut. Her og var det himla klart vatn, og meget behagelig temp 🤩 Og bølger å leike seg i 🤸‍♀️🏊‍♂️☀️😄 Her hadde eg tenkt å vera til solnedgangen, men gav opp når det skya te og eg var nesten aleine igjen. Ikkje vits i å sitta der å glo når eg ikkje får sjå sola duppa i havet 🤪  Derifrå og til hotellet tok det knapt 45 min, så skal ikkje sjå vekk ifrå at eg tek ein svipp dit att siste dagen 🥰

Er spent på morgondagens rundtur! Er mykje opp og ned fjell då og ser det ut til på kartet 😉

Bilder frå dag 1 litt om eit anna:


















søndag 12. mai 2024

One down, one to go ☀️

 Hvis nokon lurde so kom eg meg opp te soloppgangen som eg nemnde i forrige "postkort" 🤩😎 Og som vanleg vart det eit flott skue 🥰 Sjøen var nesten blikk stille, og tempen var heilt brukande. Hadde eg hatt bikinien under klea hadde det jammen santen blitt eit sabla tidleg morgonbad! Ein annan dag kanskje 😉  

Og onsdag var det òg utpåtur med fullstappa buss med danske, svenske, norske og finske turistar i alle aldrar. Me reise avgårde fyst til eit kloster, der det faktisk budde munkar den dag i dag, men me såg ingen av dei. Tenkjer dei låg og spionerte på oss farane frå romma sine 😂  Fy søren for ein flott plass dette klosteret låg på! Litt opp i lia på grusveg, ligg dette flotte bygget med utsikt mot hav og land austover mot Platanias og alle dei andre småplassane langs kysten. Og ein nydelig flott hage var der og🌴🌺🪴🌹🌸 Hadde ikkje vore meg i mot og "budd" der hadde det ikkje vore for alle desse bønnestundene deira 🫣😄

Etter ca 45 min der, bar det i veg att mot verdens eldste oliventre🌳 Mellom 3000 og 5000 år gammalt var det! Litt vanskeleg å talfesta heilt nøyaktig fekk me høyra, og det var forståeleg når ein såg på stammen😄 Der dette treet sto var det og eit anna som var ca 1000 år gammalt, og der var det faktisk satt sammen 4 forskjellige sortar oliven! 

Sjølvsagt var det ein liten kafe der og, og der kjøpte eg meg heilt nypressa appelsinjuice 😍 Den var så sjukt god at det ikkje kan beskrivast med ord! Den var endå bedre enn den ser ut på bilde nedi her 🥰👌

Når alle hadde fått supt i seg appelsinjuice, kaffi og kaker, og knipsa bilete i alle krikar og krokar, bar det i veg att mot denne garden med olivenoljen og vinen.  God svensk guide som fortale på vegen dit om historien til denne delen av øya, men oliventrea, kor mange det var osv osv.  Vil de veta meir om det får de googla 😎 

Oljen som dei laga på denne garden er kåra til verden beste med gullmedaljar og diplomar i lange baner. Og god var den vesle smaken me fekk.  Så ja, då vart det handla litt med heim til frukost-shotten min 😁 Grådig frista å shoppa meir, og om eg ramle øve den same blir det kanskje det òg 🥰😂 Og smaksprøvar av vin vart det òg, totalt 5 sortar fekk me prøva. Dvs eg prøvde ikkje dei 2 raudvinane, fordi eg er løgen og ikkje lika det🤪  men heldigvis var dei ei dansk dame på same bordet som meg som var like løgen som meg, so me fekk heller meir av favoritt kvitvinen 🥂🥳😂  Stemninga i bussen på heimturen var særdeles god kan du sei 😂🥳🥂

Dagen derpå avtalte eg med niesa mi som bur og jobbe i Chania om å treffast for god mat mm. Eg skulle ta bussen innover, men det skulle 1000 andre og! 3 fulle bussar køyrde forbi meg før det kom ein eg fekk vera med 😂 men då hadde eg gått ca halvveges og! Det vart ein kort busstur 😂 Ein real artige kveld hadde me med god mat og drikke - seier ikkje meir om det 🥳🥂🍶🍹🍻 

Fredag opprant med eit helsikkes vær igjen, der eg vakna te torevær dlux, regn og mykje vind. Lika greitt siden formen var noko redusert på ein måte🫣 

I går gjekk eg og spurde om å få bytta rom. Det eg fekk når eg kom, var som å bu i ein bunkers. Ikkje antydning til dagslys inn, og eg trur det må ha vore ein vasslekkasje der for det lukta surt og innestengt. Hjalp ikkje å lufta ei  gong! Vel, eg fekk bytta til eit rom i bygningsdelen deira som ligg på oversida av vegen - med balkong og utsikt😍🤩😎 

I morgo blir det utpåtur med leigebil!! 🚙 juhuuu så eg glede meg. Då blir det opp i fjellet og nedatt på andre sida 🤪😂 Den rosa stranda Elafonissi er fyste mål, so får tida vise kor eg ender opp 👌😁

Og so synest eg det er so kjekt at de tek dikka brye med å legga att ein kommentar eller helsing, set stor pris på det ❤️ hugs å skriva namnet ditt då slik at du ikkje endar opp som anonym 😉😁 

Eit lite utval bilete frå dei siste dagane kjem her 😘