Det nærmar seg slutten på denne Solo-travel turen. Gav det meirsmak lure du kanskje? Ja det gjorde det verkeleg 🤩
Sjølvsagt er det kjekt å reisa i lag med nokon å dela minnene med - dei små rare opplevelsane som du ikkje skrive heim om på eit postkort - løgne folk og fe f.eks. 🤭 Ja, eg e løgen sjøl, men jaddi er det ein del som score høgare der 🤪😂
Det blir nok Solo-travel tur til neste år også! Og eg trur det blir Kreta då og! Gjerne då i den midtre regionen slik at eg kan reka rundt der med leigebil og finna eit par fjellside å yppa meg med 😁💪
Etter bilen var levert inn har eg kun jobba iherdigt med å få noko brunfarge på plass. Da e eit svare strev ska eg sei deg! Godt da e eit basseng eller eit hav å plaska i 🏊♂️🤸♀️🏝 I kveldinga har eg reke gatelangs og på stranda. Helst på stranda, ikkje like trangt om plassen der 😉 Ja, for desse fortaua og gatene her er jo eit kapittel for seg sjøl. Er jo ikkje parkeringsplassar her, so då parkere dei i vegen langs fortauet. Og fortauet er kanskje halvmeteren på det smalaste 🤭 og langs fortauet står innkastarane til alle kafeane, restaurantane og butikkane - kom og kjøp - kom og et 😄 Det er syden i eit nøtteskal, og det er jo det som er sjarmen med det og på ein måte.
Det er nokre dagar sia eg begynte å bli lei buffet frukosten. Skal bli godt med knekkebrød og enkelt pålegg igjen🤩
Bussturen til flyplassen starte ca 17.30 i ettermiddag. Før den tid har eg bevilga meg nok ein tur i spa på hotellet for ein ny massasje 🥰 Kan ikkje koma vekk i frå at det er noko med det beste som finnest! Og når den er ferdig er eg sikkert so salige at dei siste timane sikkert fyke avgårde - ved bassengkanten 😂🤸♀️🏊♂️
Då er det so long for denne gong - plutseleg er det ny tur 👋








God tur hjem, kjekt å lede. Hanne
SvarSlettTakk for turen i lag med deg og god heimatte reise 🥰🙌🏼
SvarSlettArtig lesning😄 God tur hjem🥰
SvarSlettSå kjekt at du har hatt en fin ferie 🤩 Veldig kjekt at du skriver blogg 😊
SvarSlettEr jo litt gøy da 😉😅🥰
Slett