mandag 13. mai 2024

Utpåtur med leigebil 🤩

 Snakk om å gleda seg te køyretur! 😄 kl 09.40 kom dei med bilen - ein liten kvit Citroën,  daukjørt som fy merka eg etterkvart 😂😂 - og 9.50 var eg på vegen🤭😎🚗 Stoppa ein kjapp handletur på Lidl borti gata for nødvendig handel av vatn mm, so bar det avgårde opp i fjellet og mot Elafonissi Beach på sørvestre "hjørnet" av Kreta som fyste mål for dagen. Smale svingete vegar - nett so heima inst i Lustrafjorden 😄 Og for ein utsikt! Jaddi godt det var so smale vegar og minimalt med trafikk, so då gjorde det likaso ikkje noko at eg stoppa i vegakanten og knipsa innimellom 😎🤭  Innimellom var det ganske brei veg med midtstripa til og med! Men so snart eg kom te ein "landsby" so vart det skikkeleg smal veg att! Måtte smyga meg rundt hushjørnene i tilfelle det gjekk geiter, katter, bikkjer, eller gamle folk og svima rundt hjørna 🤪😂 Einaste dyret eg måtte stoppa for var desse grøne skjønne firfislene 🦖 Vegdeķke var og noko ymse her og der 😄 Ein salig blanding av asfalt, betong og grus. Mange plassar var det ramla stein i vegen, sikkert frå når det regna hefrigt fredag. Og i stadenfor å flytta vekk desse steinane (då snakkar me stein som du løfte vekk med ei hånd!) ut av vegen var det satt kjegler rundt, eller om den var litt større, var den pakka inni ein eller annan refleksnetting 😂😂😂

Elafonissi Beach var so flott som ein ser på bileta, men langt frå so rosa. Det varierer nok med vær og vind tenke eg. Klart vatn var det, og meget bra badetemp 😁 Vassa avgårde i god tru om å få teke nokre symjetak, men det kunne eg fort gløyma. Torde ikkje gå for langt i frå greiene mine i tilfelle det var tjuvraddar på ferde 🫣 Eit par timar ca holdt eg ut før eg labba opp att til  bilen. 

Neste etappe var mot Falasarna Beach. Denne stranda ligg på vestkysten av Kreta litt oppigjennom før denne halvøya stikk ut. Her og var det himla klart vatn, og meget behagelig temp 🤩 Og bølger å leike seg i 🤸‍♀️🏊‍♂️☀️😄 Her hadde eg tenkt å vera til solnedgangen, men gav opp når det skya te og eg var nesten aleine igjen. Ikkje vits i å sitta der å glo når eg ikkje får sjå sola duppa i havet 🤪  Derifrå og til hotellet tok det knapt 45 min, så skal ikkje sjå vekk ifrå at eg tek ein svipp dit att siste dagen 🥰

Er spent på morgondagens rundtur! Er mykje opp og ned fjell då og ser det ut til på kartet 😉

Bilder frå dag 1 litt om eit anna:


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar