søndag 12. mai 2024

One down, one to go ☀️

 Hvis nokon lurde so kom eg meg opp te soloppgangen som eg nemnde i forrige "postkort" 🤩😎 Og som vanleg vart det eit flott skue 🥰 Sjøen var nesten blikk stille, og tempen var heilt brukande. Hadde eg hatt bikinien under klea hadde det jammen santen blitt eit sabla tidleg morgonbad! Ein annan dag kanskje 😉  

Og onsdag var det òg utpåtur med fullstappa buss med danske, svenske, norske og finske turistar i alle aldrar. Me reise avgårde fyst til eit kloster, der det faktisk budde munkar den dag i dag, men me såg ingen av dei. Tenkjer dei låg og spionerte på oss farane frå romma sine 😂  Fy søren for ein flott plass dette klosteret låg på! Litt opp i lia på grusveg, ligg dette flotte bygget med utsikt mot hav og land austover mot Platanias og alle dei andre småplassane langs kysten. Og ein nydelig flott hage var der og🌴🌺🪴🌹🌸 Hadde ikkje vore meg i mot og "budd" der hadde det ikkje vore for alle desse bønnestundene deira 🫣😄

Etter ca 45 min der, bar det i veg att mot verdens eldste oliventre🌳 Mellom 3000 og 5000 år gammalt var det! Litt vanskeleg å talfesta heilt nøyaktig fekk me høyra, og det var forståeleg når ein såg på stammen😄 Der dette treet sto var det og eit anna som var ca 1000 år gammalt, og der var det faktisk satt sammen 4 forskjellige sortar oliven! 

Sjølvsagt var det ein liten kafe der og, og der kjøpte eg meg heilt nypressa appelsinjuice 😍 Den var så sjukt god at det ikkje kan beskrivast med ord! Den var endå bedre enn den ser ut på bilde nedi her 🥰👌

Når alle hadde fått supt i seg appelsinjuice, kaffi og kaker, og knipsa bilete i alle krikar og krokar, bar det i veg att mot denne garden med olivenoljen og vinen.  God svensk guide som fortale på vegen dit om historien til denne delen av øya, men oliventrea, kor mange det var osv osv.  Vil de veta meir om det får de googla 😎 

Oljen som dei laga på denne garden er kåra til verden beste med gullmedaljar og diplomar i lange baner. Og god var den vesle smaken me fekk.  Så ja, då vart det handla litt med heim til frukost-shotten min 😁 Grådig frista å shoppa meir, og om eg ramle øve den same blir det kanskje det òg 🥰😂 Og smaksprøvar av vin vart det òg, totalt 5 sortar fekk me prøva. Dvs eg prøvde ikkje dei 2 raudvinane, fordi eg er løgen og ikkje lika det🤪  men heldigvis var dei ei dansk dame på same bordet som meg som var like løgen som meg, so me fekk heller meir av favoritt kvitvinen 🥂🥳😂  Stemninga i bussen på heimturen var særdeles god kan du sei 😂🥳🥂

Dagen derpå avtalte eg med niesa mi som bur og jobbe i Chania om å treffast for god mat mm. Eg skulle ta bussen innover, men det skulle 1000 andre og! 3 fulle bussar køyrde forbi meg før det kom ein eg fekk vera med 😂 men då hadde eg gått ca halvveges og! Det vart ein kort busstur 😂 Ein real artige kveld hadde me med god mat og drikke - seier ikkje meir om det 🥳🥂🍶🍹🍻 

Fredag opprant med eit helsikkes vær igjen, der eg vakna te torevær dlux, regn og mykje vind. Lika greitt siden formen var noko redusert på ein måte🫣 

I går gjekk eg og spurde om å få bytta rom. Det eg fekk når eg kom, var som å bu i ein bunkers. Ikkje antydning til dagslys inn, og eg trur det må ha vore ein vasslekkasje der for det lukta surt og innestengt. Hjalp ikkje å lufta ei  gong! Vel, eg fekk bytta til eit rom i bygningsdelen deira som ligg på oversida av vegen - med balkong og utsikt😍🤩😎 

I morgo blir det utpåtur med leigebil!! 🚙 juhuuu så eg glede meg. Då blir det opp i fjellet og nedatt på andre sida 🤪😂 Den rosa stranda Elafonissi er fyste mål, so får tida vise kor eg ender opp 👌😁

Og so synest eg det er so kjekt at de tek dikka brye med å legga att ein kommentar eller helsing, set stor pris på det ❤️ hugs å skriva namnet ditt då slik at du ikkje endar opp som anonym 😉😁 

Eit lite utval bilete frå dei siste dagane kjem her 😘


























6 kommentarer:

  1. 😃 Ha en fin dag , Tove

    SvarSlett
  2. Ser ut som det er mye kjekt å oppleve 🤗 Fortsatt god ferie 🌞

    SvarSlett
  3. Høres ut som en flott ferie! Kjekt å lese. Reidun 🌞

    SvarSlett
  4. Kjent å lesa som vanligt og flotte bilde😊👍Berta Reksnes

    SvarSlett
  5. Ha ein fin tur til sørsida. Budde i Paleochora i 14 d for xx år sidan. Varmare og mindre vind. 👍🌺Mia

    SvarSlett
  6. Så kjekt å være med deg på tur, Bente🥰 Kos deg videre🌞🏖🥂

    SvarSlett