Jepp, trur jaddi eg har funne den mojo'en eg nemnde tidlegare på denne turen🤩😎😅
I den "o store Google-boken" fant eg etterkvart ein grådig god blogg som kort fortalt beskriv det slik om ein som leite etter sin indre mojo: "To regain one's confidence, energy, or enthusiasm..."
Etter dagens roundabout vil eg påstå det ja! For makan til tur, og herreminhatt eg tok vist litt av på snap'en 😂 So sorry folks - but not!! 🤪😂
Vakna ved soloppgang utan vekkarklokka på i dag! DET skjer jo kvart jubelår🤪 Måtte venta te dei åpna dørene til frukostsalen 😅 Og vipps var eg på veg i 8-tida 🚗 Første mål var ein liiiten badeplass på sørsida av øya - Kalypso Beach. Men fyst måtte eg gje meg i kast på "motorvegen" i godt og vel 1 time - nesten heilt til Rethymnon - før eg kunne svinge av og opp i fjellet. Er det galemattias på motorvegen heima i Sandnes/ Stavanger, so er det x2 her! 2 felts veg med ekstra brei vegskulder, og dei køyre både 2 og 3 på sia av kvarandre i kvart felt! Sperrelinjer, fartsgrenser, fotoboksar - whatever, ingen bryr seg - det er berre å køla på for å komma fyst fram!! Må innrømma eg vart litt reven med - men berre litt! 😂😂😂
Fant fram til Kalypso Beach til slutt. Ja, brukte google maps på mobilen i går, for gps'en i bilen var jo heilt gresk - skjønte ikkje eit pip av innstillingane på den i går... 🤪😅 so då gjekk både batteri og data unna som fy! Hadde med meg powerbank ja - men ikkje ledninga 😂 feriehåve 🫣🤭 Både powerbank og ledning var pakka med i dag, men fant ut før eg køyrde at den gps'n i bilen skulle eg få til! Og det gjorde eg!👌 Men den seie jo ikkje når eg skal ta av hit eller dit, og med alt som er å sjå, so følge eg ikkje med på den heile tida...
Det vart ikkje noko bading på Kalypso Beach, for som nemnt var den liten, og der var det opptatt av 3-4 menneske som snorkla/dykka og tok i grunn opp all plass 🏊♂️😅 Kikka litt rundt der før eg sette bilen på stø kurs mot neste mål.
På sørsida av øya er det ikkje like flatt som på nordsida, så vegen gjekk oppi fjellsida, der små landsbyar - om ein kan kalle det det - var trykka sammen 10 hus tett i tett så godt det let seg gjere inne i fjellsprekkar og på toppen av knausar, der vegen snirkla seg gjennom tun og kafebord 🤩 Eg måtte stoppe på nokre av desse og berre gå og kike. Tenk å bu slik til! No trur eg ikkje dei har same vinteren som heima, men eg trur eg hadde synest det vart noko stussleg og stillt. Eller kanskje dei synest det er det gode med det...
Det neste målet var denne stigninga opp og over mot nordsida igjen. Den frista med utsikt nesten te Afrika 🤪😂 Den som har køyrt opp Sognefjellet frå Fortun kan tenkje seg den vegen - noko brattare og med kortare køyrestrekk mellom svingane, utan tre/skog som sperre utsikt, og ingen rekkverk eller stabbesteinar. I tillegg går det litt ras innimellom her, og gudane må veta kor tid dei steinane som låg i vegbana var komne. Det var berre å køyra slalom så godt eg kunne! Og her var det fleire som var ute etter den samme opplevinga🫣 men siden det ikkje var tre som sperra sikt, så var det null problem å planleggje møtet oppi der. Vinka og gliste gjorde me alle når me møttest😄 Eg må innrømma at når eg kom opp på toppen kjende eg pulsen gjekk riiimeleg godt, og eg var glad eg var ferdig med den 😂 Oppi fjellet var det fleire små koselege landsbyar som vegen snirkla seg i gjennom. I det eg køyre gjennom ein av dei, høyre eg det tutar ein eller annan plass. Og vipps var det ein pickup som var komen opp i røvi på meg og ville forbi! Fyttikatta for galne folk tenkte eg.. Smale vegen - og han peisa på! Og bakpå sto det to gråsprengde karar og tviheldt deg fast med ei hand og den andre på eit par saue 😂🤣😂 Såg dei aldri att!
Fant etterkvart ein kafe oppi der som hadde internet og kunne ta betaling for maten med kort! Gløymde å ta ut kontantar til dagens tur... litt ivrige på morgonquisten 😅 Steike god mat hadde dei der 🤩 Brød og olivenolje vart satt på bordet fyst, og so fekk eg tzatziki og grilla kyllingfilet. Dei må ha svære kyllingar her for ca halvparten vart med heim, og står no i kjøleskapet til lunsj i morgo 😄
Siste delen tilbake til hotellet var på denne motorvegen deira, og denne gongen la eg meg nesten heilt utpå vegskuldra og lot dei galne kretarane få fri bane 🤣🥳 Eg hadde god tid 🥰
Ikkje så mykje bilder i dag, men nokre vart det no. Var denne snap'en som vart brukt mest ser det ut til 🤭
Ny dag i morgo, og eg er spent på kva den vil bringe 😉☀️🏊♂️🤸♀️🚗🌴
Avslutte dette postkortet med dette sitatet henta frå verdensveven:
"Ha fokus på reisen og ikke målet. Husk at livet er det som skjer akkurat nå."










Syns eg ser dg øve fjellet🤣🤣 Tøffe e du👏👏
SvarSlett😂🤣 Verste er jo at eg gladleg ville teke turen opp den fjellsida ein gong til !!
Slett