mandag 26. juni 2017

Rudleståvetur nr 2/17

Tja, kva skal ein sei.... Å sova i ein bubil når sjølvaste syndefloden kjem frå oven, ja det kan eg garantere deg er ein prøvelse. Du må ha særdeles tungt sovehjarta skal du klare ei heil natt utan å vakna... Eg er vel kjend i familien for å ha ein rimelig godt sovehjarta, men vakna av dette ja 😝
Og ikkje nok med det, ikkje kan du ha vindaugene opne heller for nødvendig inntak av frisk luft, for då blir du dassblaut på ein måte... 💦😞
Sjølvaste rudleståvao i sol!
Men for all del - flott vær innimellom, og heile dagen laurdag var det opphald med sol store deler av dagen👍 😊 Laurdag opprant med solskinn og god frukost. Kan då ikkje slurva med helgefrukosten sjølv om me er på tur i rudleståva!  Hyggjeleg besøk fekk me òg av ein trivel parkeringsvakt som vart ståandes å skravla om både bubilturistar og turar ute i det store utland med bubil - heilt til dei kokte egga våre vart kalde faktisk! I tillegg fekk me besøk av ei hyggjeleg dame som kom med kart over Farsund og lokalavisa Lister.  OG for ikkje å gløyme to ferske rundstykke! Alt heilt gratis 😊 Vel - det var vel innbakt i prisen me betalte for å få parkere på Farsund Bobilparkering tenker eg 😉
Uten mat og drikke duger heltar ikkje!!  Fritt oversatt av meg 😏
Årets 2. tur med rudleståvao gjekk altså til Farsund og deretter til Vanse for den årlege Amerika-festivalen. Ikkje vår årlege då - dette var vår 2. gong altså! Dette er ein rett so triveli festival med mykje skøy.
I allefall om du ikkje tek deg sjølv så himla høgtidleg 😋 Her var det mange forskjellige folk - dei som hadde kledd seg heilt opp med skikkelig cowboy-utstyr, til damer i kjolar frå 50-talet. Ogso var det slike som oss, heilt vanleg kledd for norsk sommar, og gjerne med ein variant av ein cowboyhatt på snei 😎 Maten er det ikkje mykje å skrive heim om.  Dei hadde det for travelt trur eg til å lage skikkelig mat, for det meste såg rimelig godt steikt ut, og det gjekk hovudsakleg ut på burger og pommes frites.  Ein liten kladd salat var med og..
Farmor sin gromgut Lars Obelix og pappa Marius tok seg tid te å vera med oss nokre timar på festivalen  💕💕 Dei plukka oss opp på bubilparkeringa i Farsund, og eg fekk gleda av å køyre ut til Vanse med deira Leaf - elektrisk bil må veta!  Gjekk heilt fint det 😁  Vart nett litt facinert fordi det var litt futt i den faktisk 😉 Larsemann kosa seg i det eine hoppeslottet etter det andre, i tillegg til forskjellige karusellar medan me andre sto og var kansje litt misunnelige?? 😇😊
Gromguten kosa seg max her ja 💖

Kul fyr han der 😍

"Klar for ut å rægge med Leafen din eg pappa" 😁😍😂
Etter at Marius og Lars reiste tilbake til Mandal, gjekk me å surra litt og såg på livet, og alle dei flotte bilane!  Amcars so langt auga rakk.  Skulle ha oss ein liten matbit i det største teltet, like etter me hadde satt oss kom sjølvaste Kjell-Elvis og holdt show! Hehehehe - du verden seier eg berre! Ikkje heilt Bieber-tilstandar - men fader ikkje langt i frå!  Vaksne folk - og då meiner eg eldre enn meg! - sto oppå stolane og filma og tok bilete - og sang med for full hals 😁😄
Eg vart nok so perpleks at eg rett og slett ikkje har teke bilde av showet, men eg filma litt som ligg på Instagram 😉  KjellElvis heldt vel ut ca 30 minuttar, so var det slutt. Då var det tid for parade! Alle amcars ++ køyrde gjennom sentrum av Vanse med musikk og show.

Sjølvaste Kjell Elvis

Ikkje heilt Elvis............

Meg og desse snutebilane altså 😍😎😍

Veit ikkje kva denne skulle forestille...

musikk på slep 😊

Litt gla'jazz var det òg med.
Returen til Farsund vart med offentleg transport, og det hjalp lite med Kolumbus sitt "HjemJobbHjem" fra Rogaland gitt. Heile 116,- kr kosta det for oss to for ca 6 km! Kunne pigedeg ha gått tenke du.... ja det kunne me sikkert, men me gjorde ikkje det! 😜

Farsund Bobilcamp ligg flott til litt under den fyrste brua inn til Farsund. Det einaste negative var at dei reklamerte med servicebygg - dvs toalett og dusj, men då måtte du ut å gå ca 2-3 km frå den eine halvøya til den andre! Ikkje heilt det du ser føre deg når du skal ta ditt morgentoilett 😞

Turen heim søndag er det ikkje noko å skrive heim om.. det bøtta ned noko hinsides.....

Vel - stay tuned - plutsli er det ut på tur att 🚙

mandag 5. juni 2017

Årets første tur med Rudleståva

Med fri den inneklemde fredagen etter himmelspretten, vart det ei real langhelg som berre måtte nyttast til årets første tur med rudleståva!  Med endleg bekrefta at me kunne få fri denne fredagen, vart det rimelig kjapt einigheit i heimen om at turen skulle gå sørover til Flekkefjord.  Kvifor Flekkefjord spør du.... Tja, kvifor ikkje seier eg 😉😊 Mange har skrytt av denne sørlandsbyen, og nysgjerrigheita vart pirra. At dei og har ein bubilparkering som vart skrytt av var heller ikkje noko negativt.
Avreise vart rimelig seint onsdag kveld etter at eg hadde fått ein etterlengta overhaling av løvemanken 👧👍  Sånn ca 20.30-21.00 for me frå Ålgård retning sør på E39...
Og det viste seg å ikkje vera so aldeles dumt heller!  Rapportar frå kjende som òg var på veg  sørover langs E39, viste det seg at køane var særdeles  lange. Og då meiner eg laaange! 
Vel - me var heldige! På Helleland der den verste køen oppsto pga trafikklys  og vegarbeid... då me kom fram hadde dei skifta trafikklyset ut med ein person  som sto og hold ei lampe med raudt lys og stoppa trafikken, og då gjekk det noko meir smidigt. Me sto vel toppen 2 min før me fekk køyra vidare!

Sidan det er så skrekkelig langt frå Ålgård til Flekkefjord vart det overnatting på vegen 😊😁 Jepp - me stoppa rett og slett på den rasteplassen i den lange svingen sør for Moi. Der du kan køyra opp til Tronsåsen. God plass det - stilt og roleg. Sovna før hovudet traff puta trur eg! Og me var ikkje åleine der - 1 bubil av typen "melkekartong", 1 trailer og 1 personbil. 

Torsdag morgon bar det vidare og ut til Flekkefjord og vidare til Roligheten for tur til jettegrytene. Strålandes flott sol, varmt og godt! Då gjorde det ingenting at eg heilt hadde gløymt å ha med noko slags jakke overhode! Ja - bortsett frå dongerijakka... men den kunne eg ikkje gå tur uti der med syntes eg... hehehe 
Det vart ikkje tur heilt til jettegrytene... Det venstre kneet mitt som fekk seg eit real tøft møte med asfalten tidlegare i veka, gav meg sopass beskjed at det ikkje syntes noko om denne klatringa eg holdt på med, at eg tok te vet og slo meg te ro med ein tur til rullesteinsstranda i Sandviga som ligg i samme retning.  Midt i blinken for ei som er så steingal som meg det vel.. hehehehe  Steikje flott strand, der me slo av eit par fine rolege timar i sol og bølgeskvulp.  Nett eit lite fotbad òg!! Måtte jo testa tempen og plaska litt 😜 Men fy!!  DET VAR KALDT!!!  Eg er blitt ei pysa - er berre å inrømma det.  I mine yngre dagar - i forrige årtusen - så hadde eg vel lagt på svøm tenke eg 😂
Me fant bubilparkeringa rimelig kjapt når me kom tilbake til Flekkefjord. Snakk om flott plassering! Toppen 5 minuttar frå sentrum 👌 Det var ikkje fullt då me kom, men det tok ikkje lange tida. Var vist mange som hadde tenkt seg dit ;) Trur eg skal la vera å kommentera det me såg og høyrde rundt oss denne helga, anna enn at det var veldig mykje "pfffssst"-lydar så snart klokka slo 12.00!!!

Sol og varme var det både fredag og laurdag òg. Dagane var lange og varme, sprading i gatene, litt shopping, samt god mat og drikke. Hærlig å sitta på Tollboden bakeri med den gode pizzaen dei har der og ei flaske godt drikke til.

Natt til søndag vart me vekt midt på natta av eit helsikes tordenbrak! Kjæra folk altso! Trur ikkje eg var langt i frå å skalla i skåpet over senga 😝😨  Er ikkje redd tordenvær, men det kom litt brått på på ein måte 😂😂😂 Ogso ligg eg der då, og glor opp i det vetle vinduage som er i taket der bak, med svære auge og pulsen i 120 etter å ha bråvåkna tidlegare - og vips - nesten sveiseblinde!!! 😵 hahahaha Var reine amerika-været som dundra over oss! Svære regndropar som deisa i taket, lyn og torden... phuu.... Heldigvis gav det seg nesten like fort som det kom. 3 kvarter etter var eg i drømmeland att 😇😴  Var verre med han som låg i senga ved sida av meg... Han tok likegodt og fekk unnagjort"renovasjonstjenesten" kl .o5.00 !! So var det gjort før me skulle heimover liksom- før han tok resten av nattesøvnen 😏

Søndag morgon og grått og kjedelig vær.... Det vart frokost - dog sein pga av dei nattlige aktivitetane -  og so vende me nasen heimover... Vips - så var den helga over.

Her er nokre stemningsbilder frå helga... 

Roligheten... og det var det òg ;)

Sandviga.... Var lite sand men mykje flott stein 😍

Rudleståva godt parkert på bobilparkeringa i Flekkefjord

Eit overbygg på ein samlingsplass i Flekkefjord. For oss om er i overkant glad i blomster er dette midt i blinken ;)

Det er viktig å nyta dei små augneblinka 💖

nymotens gatekunst...

Gatekunst av ein litt eldre variant...

Sørlandsidyll...

Nydelige småblomster...

minna meg om eit bilde som vanGogh har måla...