Tja, kva skal ein sei.... Å sova i ein bubil når sjølvaste syndefloden kjem frå oven, ja det kan eg garantere deg er ein prøvelse. Du må ha særdeles tungt sovehjarta skal du klare ei heil natt utan å vakna... Eg er vel kjend i familien for å ha ein rimelig godt sovehjarta, men vakna av dette ja 😝
Og ikkje nok med det, ikkje kan du ha vindaugene opne heller for nødvendig inntak av frisk luft, for då blir du dassblaut på ein måte... 💦😞
 |
| Sjølvaste rudleståvao i sol! |
Men for all del - flott vær innimellom, og heile dagen laurdag var det opphald med sol store deler av dagen👍 😊 Laurdag opprant med solskinn og god frukost. Kan då ikkje slurva med helgefrukosten sjølv om me er på tur i rudleståva! Hyggjeleg besøk fekk me òg av ein trivel parkeringsvakt som vart ståandes å skravla om både bubilturistar og turar ute i det store utland med bubil - heilt til dei kokte egga våre vart kalde faktisk! I tillegg fekk me besøk av ei hyggjeleg dame som kom med kart over Farsund og lokalavisa Lister. OG for ikkje å gløyme to ferske rundstykke! Alt heilt gratis 😊 Vel - det var vel innbakt i prisen me betalte for å få parkere på Farsund Bobilparkering tenker eg 😉
 |
| Uten mat og drikke duger heltar ikkje!! Fritt oversatt av meg 😏 |
Årets 2. tur med rudleståvao gjekk altså til Farsund og deretter til Vanse for den årlege Amerika-festivalen. Ikkje vår årlege då - dette var vår 2. gong altså! Dette er ein rett so triveli festival med mykje skøy.
I allefall om du ikkje tek deg sjølv så himla høgtidleg 😋 Her var det mange forskjellige folk - dei som hadde kledd seg heilt opp med skikkelig cowboy-utstyr, til damer i kjolar frå 50-talet. Ogso var det slike som oss, heilt vanleg kledd for norsk sommar, og gjerne med ein variant av ein cowboyhatt på snei 😎 Maten er det ikkje mykje å skrive heim om. Dei hadde det for travelt trur eg til å lage skikkelig mat, for det meste såg rimelig godt steikt ut, og det gjekk hovudsakleg ut på burger og pommes frites. Ein liten kladd salat var med og..
Farmor sin gromgut Lars Obelix og pappa Marius tok seg tid te å vera med oss nokre timar på festivalen 💕💕 Dei plukka oss opp på bubilparkeringa i Farsund, og eg fekk gleda av å køyre ut til Vanse med deira Leaf - elektrisk bil må veta! Gjekk heilt fint det 😁 Vart nett litt facinert fordi det var litt futt i den faktisk 😉 Larsemann kosa seg i det eine hoppeslottet etter det andre, i tillegg til forskjellige karusellar medan me andre sto og var kansje litt misunnelige?? 😇😊
 |
| Gromguten kosa seg max her ja 💖 |
 |
| Kul fyr han der 😍 |
 |
| "Klar for ut å rægge med Leafen din eg pappa" 😁😍😂 |
Etter at Marius og Lars reiste tilbake til Mandal, gjekk me å surra litt og såg på livet, og alle dei flotte bilane! Amcars so langt auga rakk. Skulle ha oss ein liten matbit i det største teltet, like etter me hadde satt oss kom sjølvaste Kjell-Elvis og holdt show! Hehehehe - du verden seier eg berre! Ikkje heilt Bieber-tilstandar - men fader ikkje langt i frå! Vaksne folk - og då meiner eg eldre enn meg! - sto oppå stolane og filma og tok bilete - og sang med for full hals 😁😄
Eg vart nok so perpleks at eg rett og slett ikkje har teke bilde av showet, men eg filma litt som ligg på Instagram 😉 KjellElvis heldt vel ut ca 30 minuttar, so var det slutt. Då var det tid for parade! Alle amcars ++ køyrde gjennom sentrum av Vanse med musikk og show.
 |
| Sjølvaste Kjell Elvis |
 |
| Ikkje heilt Elvis............ |
 |
| Meg og desse snutebilane altså 😍😎😍 |
 |
| Veit ikkje kva denne skulle forestille... |
 |
| musikk på slep 😊 |
 |
| Litt gla'jazz var det òg med. |
Returen til Farsund vart med offentleg transport, og det hjalp lite med Kolumbus sitt "HjemJobbHjem" fra Rogaland gitt. Heile 116,- kr kosta det for oss to for ca 6 km! Kunne pigedeg ha gått tenke du.... ja det kunne me sikkert, men me gjorde ikkje det! 😜
Farsund Bobilcamp ligg flott til litt under den fyrste brua inn til Farsund. Det einaste negative var at dei reklamerte med servicebygg - dvs toalett og dusj, men då måtte du ut å gå ca 2-3 km frå den eine halvøya til den andre! Ikkje heilt det du ser føre deg når du skal ta ditt morgentoilett 😞
Turen heim søndag er det ikkje noko å skrive heim om.. det bøtta ned noko hinsides.....
Vel - stay tuned - plutsli er det ut på tur att 🚙
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar