mandag 31. juli 2017

Stockholm City

Det artigste med å væra på tur er å sjå alle dei forskjellige folka. Korleis dei går kledd, korleis dei går, et, drikk og pratar. I dag har me observert folk inntulla i gardiner, og nokre med gardinduskar i øyrene... 😆 Mote er sovist eit vidt begrep 😆

Me fant bobilcampingen til slutt. Nye vegar som er kome til etter at GPS'n vart oppdatert sist, sørga for å senda oss ut på sightseeing 😂😂😂

Laila og Bjørn kom seg og hitover etterkvart. Norwegian levde opp til sitt rykte i sommar, men redda seg inn etter ca 1 times venting.  Litt mat, og planlegging av aktivitetar - og innviging av nye grillen vår te kvelds, ogeit par-tre glass skrekkelig sur vin 😳 Sånn kan det gå når du kun ser på flaska osv.... 😆 Den funka jaffal 🥂😄



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar