mandag 7. august 2017

Sydenstemning i Stockholm

Me skal tilbake til Stockholm igjen, det er sikkert. For ein flott by! Og so heldige me har vore med været!!  Strålandes sol frå blå himmel kvar morgon alle dagane. Nokre dagar har det skya til litt utpå ettermiddagen, men skikkelig god temperatur og null regn, so var me fornøgde me der me gjekk og gjekk 😅 Siste kvelden i lag med Laila og Bjørn - torsdag - so kom regnet.... Det bøtta ned.... Men det la ikkje dempar på stemninga for det. 🍻🍷
Fyst vart det sightseeing med båt på tysdag, der me fyst tok heile runden, og so hoppa me av ved Vasamuseumet i runde 2. Der var me ei heile stund og kikka på denne svære kolossen av ein trebåt. Heile 500 meter ut frå kai segla den ein gang i 16-blomkål, før den sank te botn....Dei hadde vist bomma litt på konstruksjonen gitt...
Der vart det og lunsj i form av nokre svææære rekesmørbrød - og då meine eg ikkje at skiva var svær, men haugen av reker oppå.. knallgøtt 🍤😍😊

var store denna trebåten...

Derifra gjekk me til ABBA-museumet, og me hadde skikkelig mimrestund tilbake til ungdomstida, med litt singalong/karaoke og film om ABBA😄🎵🎶🎵 Her mimra me oss vekk so te dei gradene at me ikkje rakk siste sightseeingbåt-runden tilbake igjen! So då vart det trikk. Gjekk godt det òg🚈

Dancing Queen ;)

Onsdag var det Gamla Stan sin tur. Her fekk me med oss bl.a. vaktskiftet på slottet, og ein liten prat med ein rett stasleg politimann på segway 😊 Han såg nok at me flira litt når han kom, og spurte og med "skrattade åt honom"!  Jepp sa eg, og sa at det nok var nokre kollegaer av oss heime i gamle Norge som var misunnelig, for slikt fancy kjøyretøy har ikkje dei. Nokre selfia vart det og med denne kjekke karen 😇

Vaktskiftet ved slottet var eit kapittel for seg sjøl! Fulltallig korps som spelte flott korpsmusikk når dei kom ridande inn på slottsplassen, pluss ein god del andre soldatar på kvar sin hest - sikkert opp mot 40 stk tilsammen. Og eit show utan like! Dei heldt vel på i nærmar 1 time før dei var ferdige. Det var jaggu godt eg hadde nyst meg ferdige før dette showet begynte, for eg trur hestane hadde vorte skremde te skogs..... For gubbevaremegvel for eit ekko det var inne i borggården då nysen kom brått øve meg der inne... 😇  eg trur jammen kungen var framme i gardina ein tur òg! Skrekkelig mykje ekko der inne.......

Gamla Stan var flott altso. Dei har verkeleg teke vare på alle dei flotte gamle bygningane 😍 Og her var de me fekk verkeleg sydenstemning - sol og varme og dei flotte husa med den rette "sydenfargen" 😁☀️



Torsdag tok me oss ein tur med HopOnHopOf-bussen. Godt og heitt oppe på toppen, og me fekk sola oss samtidig som me fekk sett større deler av byen. Noko av dei plassene denne bussen gjekk, skjønte eg ikkje heilt poenget med... Cruise-kaiane f.eks? Måtte være for å evt plukka opp cruise-turistar..
Me hoppa av ved is-baren etter ein runde. Då hadde me sete lenge nok fant me ut 😝 Det var litt sånn been there done that.. Ikkje den største baren eg har vore i. Men drinken funka den!! 🍹🎶😁

Var kaldt i røvi på dessa isblokkene me fikk sitta på 😰😁
Fredag var det tid for å venda nasen heimover att. Fyrste stopp vart i Krsitinehamn, ein idyllisk fin plass der bobilparkeringa var skrekkelig populær. Ingen plass i hærberget, men me kunne parkera på den store parkeringsplassen ved sida av. Funny fact? Jepp - mellom denne bobilparkeringa og parkeringsplassen gjekk jernbanen!!!  HELDIGVIS var det ein jernbanestrekning som ikkje var so mykje i bruk, så denne natta vart me ikkje vekt av tog som skramla forbi 😂

Laurdag bar det vidare mot Charlottenberg og den vanlige shoppingen av karbonadedeig og bacon ;) Du er ikkje på ferie og reiser heim uten det altså... Kan ikkje nekte på det - om det so er berre eit par pakkar av kvar, så skal det med! Deretter var det pedalen i bånn og straka vegen to home sweet home 💓 

Neste helg er det ny tur. Denne gongen går ferden oppover til Sogn med rudleståvao for å helsa på mams og paps og resten av bøtteballetten i Lustrabøgdi og Gåpn :)  See you saturday folks ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar