lørdag 12. august 2017

Miniferie nr 2 i august 👍

Utpåtur med rudleståvao igjen 😄 Denne gongen blir det ein tur til heimbygi mi Luster og besøk til mams og paps og resten av bøtteballetten ❤️
Denne gongen skal turen te Luster vere ein tur i seg sjøl, der me skal køyra litt annleis enn vanleg. Me har hatt lyst te å køyra gjennom Setesdalen og til Rukjan, også opp mot Sogn, med då ein overnatting på vegen opp. Må nesten bli det når me starte etter jobb 😜
Forlot heimen i går ettermiddag 15:50, og la i veg mot Helleland, Evje, og Rjukan. Ca 23:15 stoppa me på ein rasteplass for natta. Det var vel 3-4 mil før Rukjan. Jækla humpete den vegen!! Fløyten i kjøleskapet var nesten blitt krem, og koppar og kar i skapet hadde bytta plass 😜
Starta att rett før 8 - komma i gang! Jaggu godt me gjorde óg! I Rukjan var hovedvegen stengt pga sykkelritt som skulle begynna på føremiddagen, og me måtte opp igjennom byggefelt før me kunne ut på vegen att. Rask stopp på ein rasteplass langs Tinnsjøen i sol for frukost. Syklistane skulle same vegen så det var berre å trø innpå og bli ferdige 😂
No e me midt oppe på høgfjellet mot Geilo. Eller rettare sagt, på veg nedatt frå høgfjellet. Naturen er berre nydelig, flott vær har me og. Var nett litt regn siste stykke i går kveld. Her er berre å nyta utsikten 😍 Vegen er ikkje noko å skryta av. Smalt som fy, men heldigvis med rikelige møteplassar. Men forskrekkelig mykje humpar....  Fløyten som var blitt krem i går, blir vel smør i dag 😳🤡

Eit lite utvalg av bilete frå fyrste del av turen:
Ut på tur aldri sur 😄
Byglandsfjord - der gamalt og nytt møtes ;)



Overnatting på ein rasteplass i Vinje



Rukjan

Nye fylkesgrenser krysses :)

Dette er så likt eit bilete eg tok i vår då må kjørte mot Lake Mead og Hover Dam 😍


Flott steinmur langs vegen over demninga i Uvdal.


Norge er eit flott land 😍  Her i Nore og Uvdal kommune.

Og vips - der var vi parkert i tunet hjå herskapet i Lustrabygdi 😊

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar