søndag 13. juni 2021

2020 på reisefot med rudleståva

Før me begynne å rapportera frå rudleståveåret 2021, må me jo få knota ned korleis med hadde det i ferieåret 2020!!  😏 Så her er det berre å stålsetja seg for dette blir laaaaangt 😜

Ferieåret 2020 vart langt i frå det vi hadde tenkt oss. Det heile begynte i midten av mars når me verkeleg var i gang med å glede oss til langtur med rudleståva nedover Europa.

Helgar og kveldar sidan vinteren 2019/2020 hadde me surfa rundt på nettet og ivrige følgt med på kor går turen til Tour de France 2020. I desember 2019 vart ruta satt, og vi begynte for alvor å tenka på kor vi ville vere med. Sjølvsagt skulle det vere nokre fjelletappar, og dei måtte ikkje vere for langt i frå kvarandre.  I tillegg hadde me lyst å ta turen rundt Gardasjøen bl.a. Vel - i mars/april aksepterte me at me berre kunne droppe drømmeferien dette året. Og slik gikk det.

Rudleståva fekk seg heller nokre småturar i det som kallast sør-norge. Ikkje ein liten omveg via Nordbysenteret vart lagt inn ein gong.

Fyste lufteturen med Rudleståva vart 8.-11. mai, der me køyrde til Lista og Farsund fyst. Sol og fina veret sjølvsagt  og tur på stranda. Litt kaldt for bading 😄 



 

Her overnatta me på bobilparkeringa på Borshavn. Dagen etter var det snartur innom Mandal til ein kaffirast hjå Marius og Marit,  før me la turen oppover dalen i fint driv til Sveindal, der vi svingde til venstre mot Eiken. Neste overnatting vart på ein rasteplass der me hadde hatt ein kaffirast tidlegare samen med mamms & papps. Sandvand heite det der, og ligg i naturskjønne område ved eit lite vatn. Vart ikkje fiska noko der heller av ein eller annan grunn. 

 



Søndag tussla me vidare oppover mot Sinnes før vi svingde av og nedatt mot Byrkjedalstunet.  Der møtte med surt og kaldt vær, vind og sludd i regnbygene.  Det vil sei - det var mest snø heilt øvst. Og me rudla rundt på sommarsdekk!!  Trur likevel med hadde det ein del bedre enn han stakkaren me tok att oppi der på sykkel. I motvind. Snø/sludd. Oppoverbakke....  Skjønna ikkje folk vil seg sjølv so ilt. 

 


 Når me var vel framme på Byrkjedalstunet måtte me jo sjølvsagt ha ein stopp der for å "snopa" litt.  God brødbakst og anna god gjærbakst har dei for salg der i tillegg til kubbalys, drops, steinar osv osv, så det vart eit par brød og litt anna småtteri med i korga.  I det me har gjort opp for oss i kassa og på veg ut møter me på denne forfrossne sykklisten. Det såg rett og slett ut som han hadde frose fast i same stillinga han sat på sykkelen der han kom busande inn. Lurte på om han fekk låna toalettet for å få byta til varme klede... Han fekk sjølvsagt det. Og me gjekk fnisande ut att til bilen. Han såg nok løgen ut der han gjekk. Ute sto fruen ved sin svære SUV av ein eller anna kostbar sort - i lårkort og lempa sykkelen bakpå.   Så vart det fram med rosinbollane og setta bilen i gir mot neste stopp. Spinneriet i Oltedalen. Du køyre ikkje forbi der uten å stoppa!!  Vart vel eit garnnøsta eller 10 med vidare heim att om eg ikkje hugse heilt feil 😇😂

 

Neste tur vart til Luster for ei lita langhelg i hagen i Bringebakkane 60.  Avreise 20. mai etter jobb - og etter at bobilfrua hadde pønta seg på håret hjå frisøren. Kunne ikkje avbestilla avtalt frisørtime kan skjønna. Skal mykje til før DET blir gjort!

Du verden so mykje vegarbeid og omdirigeringar oppover. Me fekk sett litt andre plassar enn der me pleier i allafall. Når me kom til Voss rett før midnatt fant me ut at det var tid for å ta natta. Overnattinga her vart på rasteplassen ved Museet Gamle Vossebanen i lag med eit par andre bubilar, eit par trailere og ein personbil der vedk hadde flata ut i førarsetet. Kan ikkje ha vore noko særleg god søvn den karen fekk den natta. Me sjølv sovna vel begge før hovudet havna på puta ;)   Morgonen starta tidleg - kl. 07.00 var me på veg igjen. Ikkje vits i å sova vekk turen kan skjønna, når da site folk å venta med vaffelpressa i gang :)  Var på plass i Bringebakkane ca 12.30. 

Her var heile gjengen samla for dugnad i hagen hjå vaffelpressesjefen 💓 Ho prøvde seg fleire gonger med å luska litt i skråninga, men vart fort venleg jaga ned att på flata. Får vere måtepå kor ein skal utfordra føtna sine etter ein noko spesiell vinter/vår.


Etter nokre flotte dagar i lag både i hagen, til bords med god mat og litt spel, var det på tide å vende nasen heimover igjen til nye arbeidsdagar som venta. Fyst må dassen tømmast på Hafslo ;)

Denne gongen valgte me en heil ny veg heim att. Rett og slett om Førde og nedatt E39!  Det var absolutt ikkje noko dumt valg når me har med oss rudleståva og har tenkt å overnatta på vegen. I tital kjøyretid var det vel ikkje meir enn eit kvarter meir enn via Lærdalstunnellen/Voss/Bergen.  Me endte opp på ein rasteplass like ovanfor Vadheim, i regnvær. Her var det best å parkera rett slik at ikkje regnvatnet dryppa bak på bilen for det bråkar.  Det me då gløymde var lyden av elva rett ved.  Den såg ikkje ut som det skulle by på noko "problem", men når du har lagt deg og det er stille som i graven, så er det ikkje så stille...  Og du veit det der med at du høyre sildrande vatn.... du trur du har gjort deg ferdig, men jaddi må du opp ein gong til å skvetta - rett før du sovne att... 



Det endte med at me i halv fire tida kledde på oss det mest nødvendige og deretter køyrde vidare eit stykkje til mot Lavik ferjekai.  Fant oss ein ny rasteplass og kraup fort under dyna att.
Litt seint oppe søndagen, og det vart ikkje ferja før i 9-tiden. I Bergen vart det kaffirast hjå Iren og Ole, og ein middag på Egon før me satte kursen heim att. 

 

So var endelig tid for sjølve sommarferien  ⛱⛴🌞 Den starta laurdag 4. juli der me køyrde til Kristiansand og deretter opp rv9 til me stoppa på Storstraumen rasteplass. Første ferieveka skulle starta i Dalen og tur på Telemarkskanalen. Storstraumen rasteplass er ein skikkelig flott rasteplass som ligg ved ei sluse midt i mellom Byglandsfjord og Åraksfjorden langs rv9. Der er det og ei gammal steinbru frå 1909 - steinhvelvbru heter det vist. Jada - eg har ei greia for gamle steinbruer - og snutebilar! Men - det var denne rasteplassen. Grunne tila t det er sluse her er at det i "gamledagar" var høgdeforskjell på desse to fjordane på heile 5 meter... Og i gamledagar var det jo mykje båt som vart brukt for å komma seg fram langs denne fjorden, og då måtte det til ei sluse slik at båten kom seg vidare på ein måte.. So gjekk det som det pleier her til lands, folk vil ha straum og det endre opp med demning sør i Byglandsfjord ved Evje. Og med demninga så auka dei Byglandsfjord 5 meter.   Det var litt historie for dei som likar slikt :)

Neste dag bar det vidare strake vegen til Dalen Bryggje og Bobilparkering. Her skulle me stå eit par dagar, og då er det greitt å få ein grei plass å parkere med straum.  Til liks med fleire som er ute og rulle, så er det lurt om du vil ha plass å komma i dei tide at andre rudleståvefolk reiser vidare på sin tur. 

Me hadde ein knallfine tur med Henrik Ibsen langs Telemarkskanalen frå Dalen til Ulefoss.  Dog - turen frå Dalen langs Bandaksvatnet og Kviteseidvatnet var noko kjedeleg. Jaggu godt me hadde fint ver! Og me traff kjentsfolk - rett og slett familie - Ørjan (søskenbarn av meg) med Sigrid og ungane deira!  Vel - traff og traff - gjengen sto klar til å krysse ei av slusene med sykklane sine medan me sto i båten :D  Me fekk kontakt og vinka og hoia sopass at folk trudde sikkert me var litt løgne :P





 

Dagen etter var det opp med fuglane sidan me skulle opp Eidsborgvegen mot Høydalsmo og vidare til Kragerø og vere heldige med plass der. I fylgje ein av dei andre som sto parkert ved sida av oss, var det fælt bratt og smalt der så me måtte køyra forsiktig. Vel - for dei av oss som har køyrt Sognefjellet, Tindevegen eller Suleskar; opp denne vegen var det nummeret før vegen var brei nok til gulstripa!  Ikkje var det særleg bratt heller. 

Det tok litt tid før me fekk oss plass i Kragerø, men den som har tolmod og god bok med seg, sløser ikkje vekk tida.  Plutseleg var det ein av dei som sto nederst mot sjøen som pakka samen og køyrde, men var då raskt på pletten og parkerte doningen vår.  Og deretter bar det inn mot sentrum for mys i butikkvindauge og gjerne ein god middag.

9. juli bar det ut med ferja til Jomfruland for ein finfin dag i sola på sykkel 🌞🚴🚴  Me var ikkje åleine her heller. Det var som ein sauaflokk som endeleg skulle komma ut når me skulle ombord i ferja... Hadde dette vore eit heilt anna år hadde me ikkje tenkt noko øve det, men denne korona låg som ei sky over oss. "Hald avstand og ikkje host og nys på andre" var slagordet sommaren 2020. Hosta eller nyst har me vel aldri gjort rett på andre så det skulle no vere enkelt å overholde, men avstanden - då er me jo litt avhengig av at andre bruke hovudet sitt litt òg.   Flott ferjetur ut var det - flatt hav og sol frå blå himmel. Det lova godt for dagen :D  







Ny dag og nye turmål, og denne dagen bar det til Lillesand - eller rettare sagt Høvåg for ein kaffirast hjå vår gode venninne Jorunn. Kaffirasten varte til dagen etter, då det var mykje som skulle pratast om og oppdaterast både den eine og andre vegen 😄🍹  Er jo ikkje noko sak når du har senga di med deg.

So var fyste veka av sommarferien slutt og det bar heim for klesvask og litt hagepleie i nokre få dagar.

14. juli bar det vidare på neste ferieetappe. Fyste dag bar det straka vegen til Luster. Hadde ein stopp på Dalekvam der middag vart innteke - ein heilt fantastisk hærlig betasuppe!  Skulle du forbi denne vegen så anbefales det ein stopp der. Hehe - og skulle du sjå - rett framføre oss hadde gjengen me traff i Telemarkskanalen akuratt parkert hjå Alice og Finn! 😄 Som vanleg vart det vaffeltreff i hagen hjå mamms der vaffeljernet verkeleg fekk køyrt seg.  Grådig kjekt når så mange samlast. Praten gjekk godt og høgt. Sikker på at dei andre rundt oss var skikkelig misunnelege 😄💖  Etter nokre dagar med ein tur hit, og ein tur dit, nokre rundar mexican train, og innkjøp av nok brød for ein månad på Lustrabui - vende me nasen heimover igjen den 18. juli. Denne gongen over Sognefjellet og Valdresflya. Overnatta på ein fricamp på Valdresflya ein plass ikkje langt i frå Beitostølen.












Ein liten svipp opp på ein liten topp vart det før frukost neste dag. Sol og glimt av blå himmel gjer noko med energien.  Etter frukost bar vegen austover mot Jessheim der overnattinga vart på parkeringsplassen til Bohus Jessheim! 😎  Det ER lov, og når det ikkje var råd å finne noko anna, så vart det slik.  Veldig praktisk når eg skulle inn på bui der å handla nytt tak til paviljongen òg.  Etter handelen vart det overraskelsesbesøk til tante Kari 💖 Dvs eg sendte ein melding te ho fyst og spurte om ho var heime og om ho hadde kaffi på kanna 😃  Hadde ein knallkjekke dag samen med Kari og gjengen der me og fekk servert veldig god grillmat, før me i kveldinga hoppa ombord i rudleståva og trilla vidare på vår ferd heimover.  Me kom fram til Østerholtheia i 1-tida på natta, og då var det like greitt å parkere for natta. 

Denne gongen var me heime kun ei natt før me la vi veg på neste etappe av sommarferien der me køyrde mot Bergen. Fyste stopp vart Os bobilhavn, og me var ganske spente på om det var ledig der eller ei.  Bobilparkeringar i havna er særdeles populære og du skal vere heldig om du finn plass. Dette var fyste gongen med køyrde nedom Osøyri, so me var ganske spente siden me var nokså seint ute. I det me køyre rundt svingen der me ser ned til bobilhavna - sånn ca i 20.45 tida - så ser me at der var det jaddi ledig plass!  Vel - eg hugse ikkje om det vart ein lottokupong den helga eller ei. Flaks hadde me der i allefall 😍

Neste dag bar det til Bergen og Bergen bobilparkering ved Bergenshallen. Vart mykje Bergen i den setninga der ser eg..... 😛  Og jaddi fant me oss ein plass der og gitt!  Det vil sei me måtte vente litt då det var fleire som var på farten til å reise.  Kven køyrde fyst, og fekk me plass i nærheita av strømuttak??  Joda - flaks igjen!  So vart det litt frukost før me rusla mot byen.  Dvs med tok sjølvsagt bybana ned. Hoppa på nokre bysyklar - møtte Iren og gjekk ein tur i Musêhagen, og på kvelden var med på Jamie's Italian med Ole og Iren. Dagen derpå gjekk me opp til bana som går opp til Ulrikken - vart litt snurt fordi den var stengt for utbetring - fant nye bysyklar,  og suste nedatt frå Haukeland til by'n. Det vart ein liten myserunde i byen før med tusla oss opp at til rudleståva.  På ettermiddagen fant me ut at me rett og slett køyre ut til Herdla Fort på Askøy for å sjå på solnedgangen.  Fekk oss nokre nye "venner" der ute også.








Eit besøk på Eides gartneri som ligg der ute på Askøy måtte til før me la i veg heim att med nyinnkjøpte planter - kan aldri få nok av det 🌸🌻🍀🌼

Etter eit par dagar heime for nødvendigheiter, var det ut på fjerde og siste ferieveke den 28. juli.  Denne gongen var Risør målet -  sørlandsby, hav og sol og blå himmel høyre jo godt i hop 🌞  Rolige dagar med vandring litt hit og dit, og på den aller finaste dagen tok me oss ein båttur ut til Stangholmen fyr og rett og slett nøyt sola, freden og roen på ein svaberg. DET var mat for sjela det. Ja,det vart mat for kroppen og der ute, frå restauranten som ligg der. Me hadde eigentleg tenkt å å ete sjømat på restauranten som me hadde både høyrt og lese mykje skryt av, men det fant me tidleg ut at me droppa. Me troppa opp litt tidleg til denne båten som går ut til øya.  La etterkvart merke til at den var fullasta med kartongar med mat som skulle ut til restauranten! I den solsteika så var det vel ikkje sikkert sjømaten hadde topp kvalitet seinare på dagen, så på den sikre sida vart sjømaten me hadde sikta oss inn på droppa og me valgte ein pizza.  













 4 veker sommarferie er aboslutt å anbefale, for når du kjem tilbake på jobb mandagen etter har du garantert gløymt passord for å logge deg på igjen 😂


Neste rudleståvetur vart ei helg i midten av september i strålande flott haustvær. Denne gongen bar det opp til Haukelifjellet rett frå arbeid fredag ettermiddag. Fant oss ein finfin plass ved Godtholsttjønn i kveldinga. Det tok litt lengre tid å køyre opp enn me tenkte pga at det sjølvsagt var vegarbeid.  Laurdagen kom med flott haustvær og sol, og me fekk oss ein fin tur innover fjellet, mykje flott å sjå, der me og fant ein liten neve blåbær å gomle på. Fjellet om hausten er berre heilt magisk flott. Det vart tidleg opp neste morgon for å få med oss soloppganga i morgondisen og gjerne eit og anna god bilete å knipse på veg nedover att. Turen gjekk då via Hovden, Evje, Tonstad og heim.













Snipp, snapp, snute - der var rudleståvetur året 2020 over. Det vart ikkje fleire helgar med godvær å reise i, så bilen vart stelt godt med og tømt, før den vart parkert i garasjen sin for vinteren ikkje lenge etter.


Nytt år og nye turar i 2021.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar