søndag 13. juni 2021

Det klør i reiselysta - langfri og rudleståvetur nr 3/2021

 Kjekt med inneklemte dagar i mai, og her baud det seg jaddi ei inneklemt veke 😝😂 

Når det krible i reiselysta er det jo ikkje anna å gjere enn å legge i veg tenker eg.  JA, må jo sørge for å få fri på jobb og det var heldigvis ikkje noko problem.

18. mai la me i veg mot Bergen. Planen denne gongen var å besøke Ole og Iren i den nye leiligheita dei hadde kjøpt seg tidlegare i år.  Fyste stopp vart Haraldshaugen camping. Der fekk me oss ein liten lærepenge - ta den ytterste plassen mot utsikta med ein gong om den er ledig, og finn heller fram ekstra skøyteledning!!!  Geipen hang fort på oss begge to når det utpå kvelden dukka opp eit par som rygga seg inn og sperra for den fine utsikta vi hadde. 😒  Ein rusletur i nærområdet letta litt på humøret.




Neste dag bar det vidare - men ikkje lenger enn til Osøyra bobilhavn. Kunne me vere like heldige denne gongen også? Joda - runda svingen med utsikta mot parkeringa så lyste det fleire ledige plassar mot oss 😎👍  Då var det berre å parkere rudleståva på den heilt ytterste plassen! Her var me liggande i to netter. Fina været og ikkje noko som hasta. Rusletur i Osøyro sentrum i løpet av dagen, litt mys i butikkvindauge, og sein lunsj på Capri restaurant.  Fredagen tusla me vidare mot Bergen. Denne gongen fekk me ikkje brukt vår "faste" plass ved Bergenshallen. Denne bobilparkeringa vart stengt hausten 2020, og det er uvist om den blir åpna igjen. Bergen har fått mykje kritikk for sitt dårlige tilbod til bubilistar. Med rette meinar eg.  Men - nokon har klart å få til ein provisorisk bobilcamp ute på Laksevåg langs Sjøkrigsskoleveien. Den ligg kun 5 min frå busstopp, og buss tar ca 20 minutt inn til sentrum. Heilt greitt.  I ettertid har det og blitt åpna ein bobilparkering oppe på Slettebakken. Begge desse er svært enkle med kun parkering utan noko form for fasiliteter eller strøm. Men kva gjer vel det, vi har jo det vi treng i bilen, og kjøleskap og komfyren går på gass.







Ei nydeleg helg i Bergen med strålande flott vær, knallkjekt besøk i nye leiligheten til Iren og Ole, og so er det berre å vende nasen heim att.  Må jobba litt òg innimellom 😄

Neste tur er det sommarferie og meir enn ei langhelg på tur.  Gleder oss verkeleg til det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar