Køyreturen frå Ørje til Skotterud på Fv 21 er som å køyra i ein grønn tunnel der du har ein åpning her og der med dagslys... Ca 9 mil der du knapt ser skogen for berre kratt 🌲🌳🌲🌳🌲 Det såg ut til at dei har rikelig med ved i dette området, sånn i tilfelle det er nokon som er på jakt etter det 😁
På denne strekninga er det skilta med ekstra stor elgfare. Då kan du tenka deg håpet steig om å få sjå nokre av desse staselige skapningane. Ikkje så veldig nærme, men nærme nok til at eg ser at det er elg i allefall 🤩😁 Eg fekk eit glimt av ei elgku som sto oppe i ei av dei få åpningene og drøvtygde, og like etter møtte med ei rådyr-mor med kalven sin. Det var og nokre trane fuglar og som gjekk og «beita» på eit jorde. Trudde fyst det var struts 😜😂 Ellers var det smått med dyr å sjå etter vegen. Vel, det var jo nokre kyr og sauer her og der og, men det ser me nok av på Jæren så det var liksom ikkje den store wow følelsen. I tillegg kunne me lesa i lokalavisa Indre Akershus Blad, at dei har nok ulv her. Det var vist ein genetisk viktig ulv som hadde slått seg ned her no og fått kvelpar. Makan te frekk ulvemamma som berre tek eg til rette på detta viset.... såg ikkje noko te verken dei eller dei «fastbuande».
Frå Skotterud og vidare nordover køyrde me langs Rv2. Litt bedre veg, og definitivt meir øppna landskap med flotte store gardstun og svære åkrar med enten potet eller korn. Og svære stabler med tømmer og ved. Og eit trelastlager med rikelig med materialer! Den store nyheita i vår har jo vore mangel på materiale, og her låg det nok til eit heilt nytt byggefelt.
Ferden i dag endte opp i Elverum på DropIn bobil og caravan. Heilt tipp topp plass med alle fasiliteter som det heiter. Denne plassen ligg nede mot Glomma som sigle forbi i fint driv.
Ups 😳 Gløymde nesten å sei noko om været... Vel, ikkje mykje å skriva heim om egentlig. Grått med regnbyger - heile dagen.
Krysse fingrane for sol og mykje kjekt å sjå i morgo. Kor ferden går då vil tiden vise.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar