![]() |
| Sykle jo nesten heilt beint ;) |
Ny dag nye moglegheiter. Vakna til blå himmel og strålandes sol - gubban so heldige me er 😍Ser ut til at det er eitt eller anna på gang her ute, for det er drøssevis av gamle flotte bilar, motorsyklar osv osv. her. Rømø Motorfestival er det vist! http://www.romomotorfestival.dk/ - Sjekk ut denne ;)
No viser det seg at den begynne når me tusle vidare til nye områder å utforske. Men me har notert oss festivalen, så plutselig så får me med oss ei trivelig helg med mykje lyd av flotte bilar her nede 👍
Syklane vart so tekne ned og skrudd i hop att, og så tok me i veg på ein rundtomkring tur. Lunsj vart innteken i form av ein real rekecoctail med tilhøyrande godt i glaset. Rekecoctailen var grei nok, men rekene var nesten like små som egga i kaviaren som låg på toppen.. Men godt var det og flott var det!
Ny runde på sykkelen, og då bar det ned på den største stranda eg har sett!!!
Holymoly - sjekk ut denne da!Rømø stranda God trim å sykla der i motvind styrke 13/14 😜 Gjekk kjapt på returen då 😂
Når me utpå ettermiddagen/kvelden kom tilbake til rudleståvao vart me møtte med ein real stank når me opna døra! For å gjera ein lang historie kort - eller kort historie lang kanskje.... Vel - bodelsbatteriet tok kvelden og var glovarmt og gav i frå seg denne fæle råtne lukta. Ikkje viste me då at den faktisk var giftig! - så me lufta ut og opna alle vindauge og takluker før ein tiltrengt cowboystrekk vart inntatt. Når me etterkvart fant ut kva det var som var gale, så tråla me nettet og spamma folk me trudde kunna ha noko vetigt å fortella oss. Vart skikkelig stressa når me fekk greie på kor gale det egentlig kunne vore. Fekk etterkvart NAF sitt søsterselskap på døra, og fyren som kom var velvilligheten sjølv og kobla alt skikkelig i frå kvarandre slik at ikkje noko galt kunne skje. Dagen etter skulle me egentlig vidare til Ribe. Det vart det - men med omveg via Kolding der nytt bodelsbatteri kom på plass av same kjekke karen som var på besøk kvelden før. Phu - endelig alt vel og me kunne puste ut og nyte resten av ferien.
Var jammen flott vær i Ribe også gitt 🌞 Såg ut som det ikkje var lange beten ned til stranda, so då var det ned med syklane att og avgårde for å sjå på solnedgangen. GPS på mobilen vart brukt, men gudane må veta kva den meinte om oss! For makan til omvegar skal du leita lenge etter.
Vel - me kom oss til stranda før sola gjekk ned, men det var så vidt! Returen gjekk etter min eigen innebygde GPS, og då gjekk det mykje raskare og sjølvsagt beine vegen :) Vel 2,5 mil på sykkelsetet denne kvelden gjorde at raua var rimelig ømm skal eg sei deg 😂 Var sjølvsagt ny sykkeltur dagen etter, men då berre i nærområdet og til vandring i Ribe by.
Flotte dagar gjekk mot slutten, og returen heimover vart eit faktum. Køyrde til Ålborg og hadde ein overnatting der - og litt shopping, sykkeltur og god mat på Flammen.
Anbefaler verkeleg vestkysten av Danmark til å feriere i!
Her er nokre bilder frå resten av turen. No blir nok bilen parkert for vinteren, så får me sjå når fyste tur blir til våren att :D
![]() |
| Mykje god mat i god drikka ;) |
![]() |
| Strandselfie. Strand so langt auga rakk! FLOTT! |
![]() |
| Kjekke bilar med mykje gromlyd ;) |
![]() |
| Flottaste bubilparkeringa eg har sett til dags dato!!! |
![]() |
| Vegen over vadehavet ut til Rømø ein tidleg morgon. Morgonskodde og morgonsol - rett og slett nydelig. |
![]() |
| Frå vegen over vadehavet ut til Rømø. Langt i horisonten kan øya skimtast. |
![]() |
| Frå vadehavet nasjonalpark på fastlandssida. |
![]() |
| Desse her er det berre skryt å sei om. Super service!! |
![]() |
| Slik ser me altså ut etter å ha sykkla i fleire kilometer for å få sett denne solnedgangen.. vondt i raua og litt småkalde ... |
![]() |
| Men flott solnedgang då :D |
![]() |
| Frå Ribe - mot solnedgangen... |
![]() |
| Vel fortjent jordbærsoftis på nysteikt belgisk vaffel 💖 |
![]() |
| Drueranker i lange baner |
![]() |
| ei av alle de smale gatene i Ribe |
![]() |
| snipp snapp snute - så var retur heim eit faktum. |

















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar