Okay, så har me ikkje vore 100% heldige med været oppi nord. Men så er me fader med nesten på Nordpolen!
Nordkapp vart ein kald opplevelse. Nordavind frå alle kantar 😝 Planen var å overnatte på parkeringsplassen der i lag med ørten andre bobilturistar. Nordavinden frå alle kantane prøvde å gynga oss i søvn, men den gang ei - lys våkne begge to. Det vart til at me i løpet av natta rigga oss te og køyrde nedover mot ein lunare plass.
Vel, Nordkapp unnagjort og berre resten igjen 😄 Kysten er laaaaang, og etter mange timar på rumpen i bilen - og ein overnatting på vegen, så gjorde det godt å kome fram til Tromsø og bevega seg litt. Parkerte rudleståvao og gjekk over brua til sentrum. Mykje kjekt å sjå, men ingen sommartemp endå 😨 Lua vart trekt godt nedover øyrene. I kveldinga tok me fjellheisen opp for om mogleg få med oss midnattssola... nope... men dei hadde gode kanelsnurrer med moltesylta på 😍🤪
Neste mål på turen var Lofoten. Og tjooghei der kom sommartempen oss i møte ☀️☀️☀️ To netter på ein camping i Kabelvåg like utanfor Svolvær måtte me då ha. Ja, me såg Svolværgeita - tok bilete - og det vart med det 🤪 Djæv.... bratt opp dit!!!! I Kabelvåg fekk me sola oss, sykla tur inn til sentrum - og nokre av oss bada til og med 😁😇 Siste natta der - altså i natt - fekk me eit helsikes regnvær og eit par tordensmell til avskjed ⛈ Jaddi godt me pakka alle greiene våre inn i bilen slik at det var klart til i dag tidleg.
I skrivende stund er me på ein camping på nordsida av Lofoten - Skagen camping. Grunnen til det er den der midnattssola som me endå ikkje har fått sett skikkelig 🌅 Det ser heller dårlig ut - tjukke mørke skyer ligg å duppe ute i havet 🙄
Her er ein smakebit på nokre bilder frå dei siste dagane, førebels utan bildetekst. Enjoy 🤗

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar