torsdag 28. juni 2018

Sommarferie 2018 - postkort nr 1

Tjooghei kor det gjekk unna i dei norske, svenske og finske skogar - Nordkapp here we come 😀



Det var mil på mil med skog og beine vegen for det meste, og heldigvis har me vore strålandes heldige med været. Sol og atter sol, mil etter mil.

Høyrer og les at det langs norskekysten i Nordland og nordover er eit uvær utan like, og sørover er det varmerekordar som herjer. Vel, me krysse fingrane for at me skal treffa på noko midt i mellom når me kjem fram 😇

Av ville dyr etter vegen, har me fått sett flotte trane-fuglar, ei elgku og fleire ren i levandes live 😍 Ingen var i fare for å bli most gørra utav slik som alle insekta som ligg i heile fronten på bilen 🤪🤢🦗🐞🦋
Vart ein grovvask når me køyrde frå Alta strand camping  👍😉
Værmeldinga tilsa at å køyre ut på Nordkapp i går ikkje var noko særlig med tanke på overnatting der. Mykje vind og noko regn er ikkje noko særleg å trakte etter.

No er me på veg utover mot Nordkapp 😄 Kos deg med eit lite utvalg av bildene eg har knipsa undervegs til no 🤗






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar