tirsdag 12. juni 2018

For ein start på bubilsesongen!

Snakk om pangstart på sommaren! Etter ein heller fuktig tur i månadskiftet april/mai, fikk me rikelig med go´stemning og sommarfølelse på neste tur. ☀️

16. mai-21. mai:

Denne gongen vart det langhelg fra 17.mai og pinsehelga. Destinasjon vestkysten av Sverige og ikkje så veeeldig langt avgårde sørover.
Avreise frå Ålgård 16:30 den 16. mai med ein pit-stopp i Mandal og besøk til bursdagsbarnet Tale - hurra for Tale 8 år 17. mai 😍 💖 - før me tusla vidare østover. Tradisjonen tru vart det overnatting på Østerholtheia. Me hadde bestilt plass på ferja Sandefjord-Strømstad på ettermiddagen den 17. mai, så det var berre å nyte dagen og feiringa av nasjonaldagen på veg til Sandefjord. Strålandes flott dag med sol frå blå himmel, og flatt hav på overfarten. Kan jo ikkje bli bedre det. 🌞🌞🌞
Me prøvde oss fyst på overnatting på Grebbestadfjorden camping. Der var det ledig kun for ei natt, og like greitt var det. Litt vel trangt om plassen og noko ukoselig syntes eg det var der. Den 18. køyrde me litt rundt og såg oss omkring, og sjekka litt på forskjellige plassar før valget vart Resø. Denne perla ligg omtrent i mellom Strømstad og Grebbestad. Og DET angra vi ikkje på 👍 Ein heilt enkel campingplass, med ok sanitærforhold, og campingvogner, bubilar og telt om eit anna med god plass i mellom heilt nede ved sjøkanten. OG aldeles hærlig sommartemperatur som endte med undertegna sitt første hopp i havet i år!  Bildene taler for seg tenker eg 😉  Og ja - vi skal dit igjen!

Morgonstund i  Larvik på bobilparkeringa nede ved havna.

På heimtur over oslofjorden mlm Strømstad og Sandefjord.

Det grilles 1 stk svin indrefilet. Harryhandel utført ;)

Hopp i havet kjærring sa'n... og kjærringa hoppa :P 







Lett 17.mai pynt frå eigen hage med. Null problem det :)


31.mai - 4. juni:

Neste tur vart første helga i juni. Då var destinasjonen Molde og konfirmasjonsselskap for yngste datter til broderen. Fri både fredag og mandag gjorde at det det ikkje vart ekstremt lange køyredagar. Me valgte å køyrar om austlandet og opp Gudbrandsdalen sia det ikkje var så stor forskjell i køyretid som å ta vegen rett opp vestlandet og alle ferjene.  Og de som meiner det måtte bli myyykje dyrare med alle bomstasjonane - nope - du tek feil!!! 
Totalt betalt i bompengar for heile den turen vart kr. 335,40.  Sjølvsagt har me bombrikke, og det er nok diverse rabatter ute og går - kan lika det ja 👍  Me har rabattkort på ferjene òg, men det blir langt i frå det same beløpet. Jada, jada, jada - fleire kilometer gir meir drivstofforbruk.... Men med fin fin køyring heile vegen, så brukte bilen under 1 liter på mila stort sett heile vegen.
Nok om det, og heller meir av den fine naturen me såg :)
Overnatta første natta på ein rasteplass i eit dalstrok ovanfor Eina med utsikt nedover mot Einavatnet. Nydelig flott å vakne til, men det var jo ikkje dit vi skulle, så det tok ikkje langt tid før me var på veg att. Opp Gudbrandsdalen bar det til Dombås, der vi svingde av og inn Romsdalen med Trollvegen og Sunnmørsalpane som bada i sommarsol.Magisk, flott - men aldri i verden skal eg opp der :P
Flotta dagar i Molde hadde me med strålandes flott sol og varme. Til tider vel heitt kanskje!
Returen starta søndag utpå dagen etter ein liten familiesamling nede på brygga på campingen. Denne gongen valde me å køyra via Sunndalsøra og Oppdal, og deretter ned til Hjerkinn. Der tok me av til Alvdal før me køyrde Østerdalen nedover.  Såg lite til alle desse hoppandes viltdyra som dei advara mykje mot.  Dei kunne heller advart om alle desse insekta som fauk rundt der. Tru bestandes er svært redusert etter denne turen ut i frå det som er klint utover heile fronten på bilen.   Heitt og godt var det her også, det fikk vi verkeleg sett då me stoppa for ein matbeta på Elverum... 42 grader i sola kl. 20.30 på kvelden!  Men for ein natur vi fekk sjå, flotte vidder. Skal dit igjen også ein gang med bedre tid og fiskestanga klar. Og myggspray.. og myggkrem.. og alt som jager myggen vekk :D

Nyt bildene da vel:

Happy driver :)

må jo ha mat òg...

Plaska litt i elva der, men fy der var det kaldt!




Siste brua mot Molde før den undersjøiske tunnellen.

kan ikkje klage på plasseringa, til tross for tidleg vekking av fly som skulle avgårde :)

Heitt i veggen her ein sein søndagskveld

Stopp og et her folkens  - god ordentlig mat.

Aftestund på Mjøsa

Det var desse solnedgangane då - alltid kjekt å sjå..

Heile fronten såg slik ut etter turen... blæh..

Vel - that's all folks... Neste luftetur med rudleståvao blir med start den 22. juni. Då blir det 3 veker på hjul med tjooghei opp til Nordkapp, og lusketur nedover kysten heim igjen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar