søndag 21. juni 2015

Dag 1...

Som tidlegare skrive i dag, var me oppe lenge før fuglane feis.. Det fekk me merka når det lei på dag og me hadde tråkka rundt ei stund!
Har ikkje gjort so mykje i dag eigentleg.. Var på Grand sentral stasjon og hadde lunsj på Juniors i lag med Molde-gjengen. Knallgoe cesarsalat med grilla kylling. Litt nedtur at maten kom på papptallerken og bestikket var av plast! Det passa ikkje heilt med prisane dei hadde på ein måte...

Gjekk deretter Lexington  avenue frå 42. Street til 59.. Var marked der med maaaange boder heile vegen. Mykje artige, og mykje snålt.. Og ikkje minst mange rare folk :) Tok ein svipptur med dinglebana over til Rosevelt island for gøy - nokon av oss syntes det var litt skummelt :)

På returen te leiligheta var vi på nytt innom Grand sentral station og besøkte eple-butikken ;) :) :)

Her er nokre bilder frå i dag :). No er det natta for vår del...






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar