fredag 5. juni 2015

Svindyr leigebil i boks..

Fyttigrisen det er dyrt å leige bil i New York! Hadde me leigd samme bilen i f.eks. Florida som me no har gjort i New York, hadde det vore 1/3 av prisen !!  Har vel noko med større fare for skader å gjere. Vel, no er det gjort og alle hjerter gleder seg ;)


 

ALT er no klappa og klart til avreise om 14 dagar. Vel - ikkje kofferten då :D   
Herregud - det hadde teke seg ut.. .. 
Men må innrømma den ikkje flytta på loftet att etter turen te Bergen 17. mai helga :P 
Den står der lystig ved sida av døra inne på soverommet og lokkar..
med kart over subwayen på Manhattan :)

Hagen heima er i allefall sikra no slik at den skal klare seg åleine medan me er globetrottarar. Dingsefreakar som me er, så har me kjøpt inn ein liten grøn sak på Monter som frese rundt nede på plenen og passar på at den aldri blir høgare enn 4 cm - sånn ca. Den har ikkje fått namn endå - som sin slektning som surre rundt her inne i heimen. Den heiter Roberto. Kjekk blå dings som sope med seg kattehår og hybelkaniner. Etter at me har trykt på rette knappen vel og merka.  Men den grønne dingsen som ete gras har ikkje fått namn - endå.

Go' fredagskveld :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar