onsdag 25. august 2021

Postkort frå Helgelandskysten

 Note to self: Sjekk ferjerutene! 

For 2. gang står me og ventar i "evigheter" til ferja skal gå. I dag er det gode 2 timar venting. Forrige dagen var det ca ein time 😳🥴😑

Me køyrde frå Saltstraumen mandag ettermiddag, siden det ikkje frista å stå i klynga å fiska, so fant me ut at me heller tusla vidare. Får heller fiska i Saltstraumen ein annan gong.  Ferjeturen frå Jektvik til Kilborghavn tok ein god time, og kunne sikkert vore knallfine hadde det ikkje vore for at alt var innhylla i tjukk skodda og regnvær 🌧️🌬️










Trøysta er at i dag skin sola frå blå himmel, og det er faktisk ikkje så veldig kaldt heller. Tedna får lufta seg i sandalane, og t-skjorte er nok for oss tøffe vikingar 😁 Nokon av oss snakka om å ta bomba uti og skremma småfisken også.. 

No står me på Tjøtta fergekai der me skal over til Forvik og vidare til  Torghatten. I dag skin sola, det er nesten flatt hav - og ny ferjetur på ca timen står for tur om litt.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar