Okay - sjøl om eg sjekka og "planla" køyring frå Torghatten til Leka i dag, så er vist ikkje ferjene "synkroniserte" for å sei det slik. Samma søren kor fort me hadde køyrt, var det klin umulig å unngå. Må jo holda fartsgrensa nokolunde 🙃🥴😁
Har oppdaga ei ny greia på denne turen - skulpturlandskap. Ut i frå ordet og sammensetninga, ville eg tru det var landskapet og naturen som kanskje var litt skulptur-aktig. Litt sånn jettegryter, kannesteinen, osv. Det er det ikkje. Det er langt i frå det. Her er det mange forskjellige kunstnarar frå mange land som har laga ein eller annan installasjon. Nokre av dei er fine, andre meir snåle etter mi meining 😳 Hai-Ku-Badekar var det snålaste 😂 Google skulpturlandskap Nordland, så kan du ved sjølvsyn sjå dei forskjellige kunstverka.
I går kveld gjekk me opp til Trollhatten for å få med oss solnedgangen. Ganske spesielt og sabla flott utsikt 😍 Eg er veldig glad for at me er på tur på denne tida når det ikkje er så mange andre som har ferie. Det er oss, nokre norske pensjonistar, ein del tyskarar, og ein og annan svenske. Trur me har blitt litt einstøingar i denne pandemien sia me helst vil holda oss vekke frå folk 🙃 Det eine svenske paret vi traff oppe i sjølve holet, var forresten kjappe med å poengtere at dei hadde tatt begge vaksinene, og at dei var på retur heim etter å ha besøkt dattera som budde rett nord for Brønnøysund😄
Fisk har det blitt!!! Stanley var oppe med fuglane i dag for å teste fiskelykka. Vart ikkje noko då, men litt seinare på dagen nappa det på ein fin lyr. Får sjå om det blir noko i morgo 😉
No er me straks ferdige med Kystriksvegen/Helgelandskysten - Fv17, og den turen kan verkeleg anbefalast. Flott natur langs kysten og mange opplevelsar. Konklusjonen vår er nok at vi må oppover igjen for å få med oss det vi valgte vekk denne gongen, samt at me faktisk må reise tidlegare på sommaren. Mykje er avslutta for året no, så f.eks. rib-turen me hadde lyst på den gjekk fløyten 🥴
Snart natta her no - sol i kjakane og mykje frisk luft gjer at me slokne som to småungar om kvelden 😜 Trur eg har lest toppen to - 2 - sider av boka eg hadde med!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar