Sommarferien 2021 del 2 er no godt i gang. Det blir beine vegen te Saltstraumen, og deretter ha god tid luske langs Helgelandskysten ned att. Me har kun 14 dagar, men skal nok få med oss litt i allefall.
Første stopp for overnatting i går kveld vart på Østerholtheia ved Kragerø kl 23:15. Då hadde me og hatt ein god times stopp hjå svigermor i Mandal.
Slokna begge før me knapt hadde nådd puta 😅
Rise & shine kl 06:00 - Stanley lys våken og klar for ny etappe! 😳🥴 Som den morgonfuggelen eg er 😇 så var jo ikkje det noko sak 😜 Vel, avreise kl 06:30, så eg synest eg var flink eg.
Og jammen har me fått unna nokre mil når me no sitte her på Namsskogan - 958 km, på 14,5 time er me godt fornøgde med 👏
Det inkluderer frukost pause, bilvaskepause, påfyll av drivstoff og middagspause.
Kun frukosten var av eigenprodusert i bubilen.
Middagen vart innteken på ein aldeles steinkule plass midt i ingenmannsland etter Levanger. Skikkelig American Diner. "Så kom me oss te USA i år likevel", var vår tanke når me steig inn dørene der.
Sjøl om me har sete på røvi i heile dag, er me no dautrøtte. Det blir kun ein ørliten tur utanfor døra før me begge krype under dynene våre.
Natta herifrå, sjåast i morgo 😘
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar