Jaja, kvardagen har henta oss inn att sånn plutselig, og me er komne i gang att på jobb. Tids går fort når du har nok å henga fingrane i 🥳
Siste postkort frå turen blir som følger;
Sjølve vegen langs Kystriksvegen har ein tipp topp standard der størsteparten er to-felts veg med gulstripa i midten 😄 Det er nokre parti det det er smalt som fy og hompete som eit grovkalibra vaskebrett, men det har gått greitt det òg. Det meste er lukka og låst og surra fast, og det som henger og slenger får berre gjere det. Er ikkje håp for det lenger likavel 😜😂
Vegen ut til Leka - og vegen der ute, var av den hompete, svingete og smale sorten. Ein kjenner at ein lever då. Godt det ikkje var den store trafikken når me tok runden. Hadde me teke runden i eitt, så var det vel gjort på knappe timen. Me stoppa litt her og der og kika på stein og fjell, gjekk litt innover/oppover og beundra dette skaparverket.
Leka er ei spennande øy for oss stein- gale. Norges Geologiske Nasjonalmonument er det faktisk. Her er lenke for dei som vil vite meir
https://www.visitleka.no/
Turen gjekk deretter vidare mot Atlanterhavsvegen. Med stopp litt her og der for både mys, luftetur og matauk, så var me ikkje på plass før uti kveldinga. Kan tru me var spente på om me fekk parkert rudleståva på ein ok plass langs vegen. Og det gjorde me! Knapt 10 meter frå sjøkanten 😁 Nydelig flott solnedgang, stjernekart og knapt bevegelse i havet. Dønningar på toppen 5 cm! Vart nesten morgon att før me la oss 😜
Ny dag og nye vegar opprant, og då bar vegen vidare til Molde og besøk til broderen og fruen som hadde flytta inn i nytt sjølvbygd hus sia sist me var på desse kantane. Og etter nokre dagar der, så bar vegen oss vidare til Luster og besøka mammsen resten av ferien.
Her er nokre bilete frå siste del av turen, og takk for fylgje 🤗 Det kan hende det blir ein tur til før rudleståva krype inn i hiet sitt for vinterdvalen 😁
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar