Ein tidleg septemberkveld tikka det inn ein mld "våken!!??!!" Jo, eg var jo det, men hadde no akkurat krudla meg inn under dyna for kvelden🤭
Det var beste Gita - god venninne og tidlegare kollega i Stavanger. Ho lurde på om eg ville bli med på ein real langweekend til New York den 21. september?!? Holysmoke om eg ville 🤩🛩️🏙️ Måtte sjølvsagt sjekka med jobb, og det var det fyste som vart gjort dagen etter😅 Null problem, der var det «god tur» 🥳. Haha - me hadde snakka om det så mange gonger når me sat og drøymde oss litt vekk på jobb tidlegare , at det hadde vore so knallkjekt å få gjort - og vipps så var det jammen realitet 🥳🗽🏙✈️
Så var det å finne pass, få ESTA på plass, pakke og vente 😄 Dette vart fyste turen til NYC uten Stanley, så det var litt spenning i det og. Og så var det første gang innsjekk USA som norsk, og ikkje som kona til ein amerikansk statsborger. Det gjekk jo greitt det sjølvsagt, ikkje lange køen, men noko meir venting vart det ho sjølvsagt ☺️
Flyturen gjekk med Norse✈️ og Norse anbefalast verkeleg 🤩 Her var det god plass, hyggeleg betjening og ikkje minst billige billettar! Ca kr 3.500 tur retur med håndbagasje er verkeleg innafor 😁Men - Sørg for å ha varme kle å ha på i flyet, for FY fa..sikken så kaldt det var 🥶 det må være det eine negative med heile flyturen trur eg😳
Gubban for ei flott veke me hadde!!! Til tross for at 4 av dei 6 dagane var med regn og atter meir regn 🤪☔️🌧 so gjekk dagane med til det meste av det som var på ønskelista, pluss litt til.
Snittet på 16.000 skritt for dagen er innafor tenke eg 🙃 Sightseeing, shopping, show og opplevelsar dagen lang, og sjølvsagt god mat og drikke 🥂🍕🍜🍦
Steike god frokost på Two Hands i SOHO, pasta og vin på Pastalovers like ved The Rockefeller senter, pizza både her og der - oftast på Litle Italy pizza for den har så himla god sprø botn🤩 for å nemne noko.
NYC i september kan anbefalast, men ta med vatntette sko sånn i tilfelle. Grådig kipt å ha rosintær kvar kveld 🫣 Har høyrt dei seie du kan risikera å bli forkjølte og då... ... 🙄🤧 Paraplyar og regnpochoar selge dei øve alt, so det er ikkje behov å ta med i sekken altså!
Hotellet - St.Marks hotel i East Village, var av den eldre sorten, men heilt ok for overnatting. Ikkje var det skamdyrt heller😉 Det er ikkje heis så trappetrimmen begynne der 😄 Me hadde kvar vår 140 seng - og kvar vårt bad!! Det vil eg kalle perfekt for to ladies på tur 😁💄🧏♀️💅🏻
Her kjem eit lite knippe bilete frå turen, enjoy 😊

































Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar