torsdag 16. mai 2019

Rotter, heimtur og ymse anna

På dei fleste subwaystasjonane dukke desse rottene opp pilande mellom togspora. Dei må jaddi vera dauhørte heile gjengen tenkte eg, for det går såvist ikkje stille for seg der nede. Det gjer det i grunnen ikkje nokon stad her 🤪 Eg må innrømma eg synest desse rottene er søte 🐀🐀🐀🐀🐀😄 Dei har eit godt levegrunnlag her. Søppel flyte jo etter vegen og fortaua her..... MDG kunne ha tatt turen over og snakka te desse folki her 😉 Men  dei må vel ro øve, for fly og store båtar er jo fysjom der i gården 😇😁

Var forresten på kino forrige dagen - igjen 🤓 Såg «Hustle» som og nettopp er komen på kino heima. Action/komedie verdt pengane om du har tenkt deg på kino med da fysta og vil ha deg ein god latter.

I morgo er det heimreise. 4 veker har gått unna som fy! Og når eg ser på alle bildene me har teke, så har me opplevd ein heil del også 🤗🌼🙌☀️🌸 Flyet går på ettermiddagen, så det blir ikkje mykje turist greiene på USA i morgo.

Endelig opphaldsvær 👍👏🙏🏻 Fekk tatt den obligatoriske turen over Brooklyn Bridge i går føremiddag 🤗 Denne gongen gjekk me motsatt av det me alltid - av ein eller annan grunn - har gjort tidlegare 😄 Me gjekk frå Brooklyn sida denne gongen, og eg er brennsikker på at det var lettare enn andre vegen 🤪😂 Plutselig var me øve liksom, og det før klokka var 12 på føremiddagen!  What to do next...? Skyene begynte å bli mørkne til, so då vart det ein tur innom eit museum me aldri har. vore innom tidlegare - Ripleys,  belive it or not. Spesielt. All slags rariteter av folk, dyr, kva folk har gjort eller kan gjere....... ja, spesielt. Var og eit såkalla «black hole» me kunne gå inn i der. Me gjekk fort ut att! 🤪😂 Veit ikkje eg om det er pga det som gjekk rundt der eller om at det var pga at både eg og Stanley begge er litt reduserte i balansesystemene våre, men rundt gjekk det til gangs inni det 😳😟🤢😵😂
 Då me gjekk heimover til hotellet at var det begynt å regna og blåsa att. Eit par grader kaldare, og det hadde vore snø! Snodig ferie me har hatt, der fyste halvdelen var sommar og neste vinter 😝
Vel, i dag var det omsider blå himmel og sol ☀️ Fekk tatt ein tur både The Vessel og The High Line park med solbriller på 😎😄 Mykje bygging i dette området av leiligheter og hotell. Nytt kjøpesenter er det komme opp i denne området og, men det var kun sånne svindyre butikkar der inne. Det var gratis å bruka toaletta då - ikkje verst berre det 🤪
Lunsj/middag vart innteke på fast plass etter endt tur langs The High Line- Bubby’s. Denne ligg i Gansevort-området - og anbefalast 👍

Wifi’en på hoteller her er litt i ulage i dag, so det blir ikkje bilder med her denne gongen.
Dette blir siste oppdateringa her for denne turen óg tenke eg. Kan ikkje tru det er noko spennande å skriva om i løpet av heimreisa 😉 Takk for denne gong 🙏🏻💞 Neste post blir nok når me skal lufta rudleståvao for fyste gong i år - det gledes!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar