Rekk ikkje å oppdatere denna bloggen så ofte, så denne gongen blir det ein real lang oppdatering ser eg 😳😄 Det får bli som det blir 😉
Var på baseball kamp onsdag, eller slåball som eg vil kalla det - dauball som Stanley’en kalle det 🤪 New York Yankees tapte so da sang etter - 1-10 - mot Mariners frå Seatle. Yankees tapte vist sist og, sjøl om dei vist nok skal vera gode. Plassane me hadde fått oss vart - virka det som i allefall - midt i blant superfansen som gav tydelig uttrykk for kva dei syntes om kampen 😂 Artig var det no lell 😄
Ein ting er sikkert, det er ingen fare for å bli solbrent her i NYC... Ein dag er det nede på rundt 50-55 farenheit, og neste dag er det rundt 65-70 🤪 Er vist ikkje heilt normal denne våren her på denne kanten heller i fylgje desse værfolka på tv’n her.
Me gjere det beste utav det og kler på oss det meste frå kofferten uten at det skal bli for rart 🤪😂
Nemnde sist kva nabolag me bur i, og at eg skulle skriva litt om det ved ein seinare anledning. Vel, når eg skulle lesa meg litt opp om kven desse er, og gjerne kvifor dei går kledd som dei gjer, og ser ut som dei gjer, ja, så vart eg litt satt ut. For dette er ei svært spesiell «sekt». Fant fort ut at om eg skulle skrive alt her, så blir det for mykje, så eg legg ved ei link om det skulle være interesse for meir info
https://universitas.no/sak/59964/storbysekten/.
Det er ein svært streng religion, der rabbineren har all makt. Og då meiner eg all makt. Dei skal helst gifte seg før dei er 18, og aldri seinare enn 21. Han bestemmer når og med kven dei skal gifte seg med, og når dei skal «lage barn»......... om dei treng å gå til lege, må han kontaktast fyst. TV og Internett er ikkje lov, og mobiltelefonar er kun til å ringe med. Veldig mange av dei går og prater i klapptelefonane sine når me treff dei etter vegen. Prøver me å få augekontakt, så ser dei vekk, aldri eit smil i retur. Kun ein gong var det ei dame som smilte, og då vart eg heilt forskrekka 😄 Ei lita jente eg har sett på vår veg til subwayen nokre dagar, smiler og vinkar til oss. Ho har nok ikkje heilt skjønt at desse rare folka utan parykk og med fargerike klede skal ho ikkje ta kontakt med.
På veg til subwayen går me og forbi eit enormt søppelberg langs fortauet. Det er ekstreme mengder dei produserer, og søpla ligg strødd etter at rottene har herja om natta. Matrester, drittbleier, sunde møbler, papp osv, osv... dette berget av søppel toppar seg på fredag og blir liggande til det blir henta nokre dagar etter. Fredag kveld og laurdag er som søndagen vår heima, bortsett frå at desse her verkeleg held denne stunda heilag. Dei rydder ikkje i søpla om den har blitt dratt utover. Nope, dei stig berre rett over den. Vel, det får bli nok om denne gjengen. Blir reint trist over å sjå kor undertrykte dei er, og spesielt etter å ha lese om dei også.
I dag (fredag) var siste dagen med sånn ordentlig turisttryner. Dvs New York passa våre gjaldt berre til i dag. Det vart ein tur til Guggenheim museumet, samt topptur til Empire State Building. Me var rett så flinke i dag tidleg og plukka med oss paraplyene når me gjekk frå hotellet. Einaste gongen det regna skikkelig var når me var inne på Guggenhem 🤪😄 Rett heitt var det og i dag, litt over 70 farenheit. Men ingen sol å sjå likevel.
Hadde og tenkt oss på MET, men der var det så innihampen lang kø, at den droppa me. Å stå i over 1 time i kø er ikkje det eg vil bruke ferien min til 😎

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar