lørdag 4. mai 2019

God morgon frå New York 🤗

Siste del av køyreturen var mest transportetappe, dog med korte køyredagar og fine vegar, og mykje kjekt å sjå etter vegen.


Køyrde over ei ganske lang bru med eit par innlagte undersjøiske tunnellar - Chesapeek Bay Bridge Tunnel. 



Til og med småbyar har "Litle Italy" 😁


Må nemna ekstra den overnattinga me hadde i Ocean City. Magisk - er vel det beste eg kan sei om det. Det endte opp med Dunes Manor and Suites. For ein plass! Var billegare enn fleire av dei andre motell/hotell me har losjert ved på denne turen, men toppa alt av plassering, størrelse på rommet, reint, nydelig osv osv osv. Her juger ikkje bildene på nettsida deira 😍☀️😎




Været merka me begynte å bli noko kjøligare enn det me hadde hatt til no. Våkna til kun 58 farenheit i Jacksonville NC 😱 Litt forskjell frå dagen før då me hadde opp til 90. Vel, då var det å leite etter litt varmare klede i kofferten. Endte opp med ein liiiten shoppingrunde 🤪🛍🛍🛍💸💸
Det dukka opp eit outlet gitt - Tanger outlets, etter vegen vidare 😄 Fant meg ein ny favorittbutikk også Torrid. Sukk - synd dollaren er sopass høg, for der kunne eg fort ha fylt ny koffert! 😂

Grua oss litt til trafikken inn til Newark, og om me kom te å finna fram til Budget sin plass for innlevering av leigebilen.. Pft - det var dette med å grua seg unødig. Var lett som ein plett det også. 😜😄

No er me vel på plass i New York 💞 Været er ikkje noko å skryta av her heller, men eg tenker det at eg skal skal la væra å klaga når eg ser kva de heima har å slita med 😉😇
Har endelig fått tatt bilder i Central Park med desse flotte trea i blomstring - i siste liten.







Planen var ein noko lengre tur, men regnet jaga oss heim igjen. Kor vanskelig kan det være å finna paraply i denne svære byen!?!?!?!? På returen heim gjekk me innom ein av favorittplassane for eit stykke pizza - venta lenge på det 🤪 Skikkelig sprø bunn og kun tomatsaus, ost og olje på 😍
Vart tidleg kveld på hotellrommet, som er heilt topp. Valgte området Williamsburg i Brooklyn denne gongen.
I går var me på kino innimellom vandring i gatene. Såg ein film som heiter «Long shot» som var ganske morsom - lo fleire gonger 🤪😂😂😂  Romantisk komedie er vel kategorien, og er verdt å sjå om du vil ha ein lett film å sjå om/når den kjem på kino heima.

Ny dag i dag - ingen planer so far. Været er blæh - kaldt og regnbyger er meldinga. Men ut å gå må me 😄  På med joggesko, langbukse og jakke og ut på nye oppdagelser, og finne nokre av favorittane våre då 🤗

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar